Talet på Stillinga må være utlyst, formelt eller uformelt. Uformelle utlysingar er til dømes oppslag i butikk eller formidling via tilsette, venner eller familie. Ledige stillingar som berre er opne for interne søkjarar, blir ikkje rekna som ledige etter denne definisjonen. Ei utlyst ledig stilling blir talt med sjølv om den på referansetidspunktet er oppteken. Talet på ledige stillingar er ein størrelse på behaldninga av ledige stillingar på referansetidspunktet, ved utgangen av midtre månad i kvartalet. gjekk ned med 7 400 frå 2. til 3. kvartal 2022. Det er ein nedgang på 7 prosent. Tala på ledige stillingar har vore rekordhøge så langt i 2022, med over 100 000 ledige stillingar i alle årets kvartal. Dette viser sesongjusterte tal frå statistikken Ledige stillingar.

- Det er framleis høg etterspørsel etter arbeidskraft i arbeidsmarknaden. Tal frå statistikken Arbeidsforhold og løn som publiserer nye tal for 3. kvartal i dag, fortel at talet på jobbar også veks litt, seier Tonje Køber, seksjonssjef for arbeidsmarknad og løn.  

Figur 1. Ledige stillingar. Sesongjusterte, trend og ujusterte tal

Stor auke i etterspørselen i undervisningsnæringa 

Undervisningsnæringa hadde størst auke i 3. kvartal 2022 med 7 400 ledige stillingar. Det er ein auke på 39 prosent frå førre kvartal.  

Forretningsmessig tenesteyting er næringa med flest ledige stillingar, for tredje kvartal på rad. Forretningsmessig tenesteyting består blant anna av vakttenester, reisebyråverksemd og arbeidskrafttenester. Det har vore uvanleg høg etterspørsel etter arbeidskraft i denne næringa heile det siste året. 

I same periode gjekk ledige stillingar ned med 28 prosent i overnattings- og serveringsverksemder, etter ein lang periode med uvanleg høge tal. I dei tre første kvartala i år var det til saman 20 000 ledige stillingar i næringa, samanlikna med 7 100 i dei same kvartala i 2019. Sesongjusterte tal frå arbeidsforhold og løn viser at talet på Jobbar og arbeidsforhold brukast her synonymt og er definert som jobb som kompenserast i form av løn e.l. Nemninga omfattar både hovudjobbar og bijobbar. Ein person kan ha fleire jobbar i ulike verksemder. Fleire jobbar i same verksemd for same person blir lagt saman til éin jobb. (arbeidsforhold) i næringa har auka med over 16 000 frå 1. til 3. kvartal.

Stabilt låg arbeidsløyse og avtakande prosentdel ledige stillingar 

Personar 15-74 år utan inntektsgivande arbeid som prøvde å skaffe seg slikt arbeid i løpet av dei siste fire vekene, og som kunne ha starta å arbeide i løpet av to veker vert rekna som arbeidslause. Ufrivillig permitterte vert rekna som arbeidslause dersom dei har vore permitterte samanhengande i minst tre månader og elles oppfyller kriteria om søking og tilgjengelegheit. held seg på eit stabilt nivå dette kvartalet. Tal frå Arbeidskraftsundersøkinga (AKU) viser at arbeidsløysa framleis er på 3,2 prosent. 

Ledige stillingar i prosent av det totale talet på stillingar, som består av arbeidsforhold og ledige stillingar. Ei endring i prosentdelen ledige stillingar kan dermed både komme som følgje av endringar i talet på ledige stillingar, og i talet på arbeidsforhold. fortel kor mange ledige stillingar det er i prosent av det totale nivået av stillingar, både ledige stillingar og eksisterande arbeidsforhold. Denne var i 3. kvartal på 3,2. 

I løpet av årets første kvartal vart alle restriksjonar i forbindelse med koronapandemien oppheva som medførte høg aktivitet på arbeidsmarknaden. I første halvdel av 2022 ser vi ein avtakande arbeidsløyse og aukande prosentdel ledige stillingar. Utviklinga dette kvartalet er at arbeidsløysa held seg på same låge nivå medan prosentdelen ledige stillingar avtek. 

- Dette kvartalet har prosentdelen ledige stillingar gått noko ned, etter å ha vore rekordhøg. Arbeidsløysa er framleis låg og tal frå AKU viser at det har vore ein betydeleg nedgang i langtidsledige det siste året, det kan tyde på at moglegheitene for å komme ut i jobb er betre, avsluttar Køber. 

Figur 2 viser utviklinga i forholdet mellom arbeidslause i prosent av summen av dei sysselsette og dei arbeidslause, dvs. personar med tilknytning til arbeidsmarknaden, slik nemningane vert nytta i AKU. (den horisontale aksa) og prosentdelen ledige stillingar (den vertikale aksa), vist ved Beveridgekurva. Kvart punkt i figuren viser eit nivå på både ledige stillingar og arbeidsløyse i eit gitt kvartal. Linjene mellom punkta indikerer utviklinga over tid. 

Figur 2. Interaktiv visualisering Beveridgekurva

Koronakrisa påverkar statistikken over ledige stillingar på fleire vis som er viktig å ta omsyn til når ein tolkar tala. I dei sesongjusterte tala har vi følgt Eurostat sine retningslinjer som seier at effekten av koronakrisa ikkje skal inngå i grunnlaget for sesongmønsteret. Det inneber at vi frå og med 2. kvartal 2020 antar at sesongmønsteret er uendra, og at vi korrigerer for den systematiske sesongvariasjon berekna på data før koronakrisa. Vi gjer dette frå og med 2. kvartal fordi referansetidspunktet for 1. kvartal i statistikken over ledige stillingar er utgangen av februar, altså månaden før koronakrisa inntrefte. Vi avslutta handteringa av koronakrisa etter 1. kvartal 2022. Frå og med 2. kvartal 2022 inngår nye data i grunnlaget for sesongmønsteret. 

Talet på arbeidsforhold (jobbar), som vil seie størstedelen av nemnaren i prosentdelen ledige stillingar, har bevega seg mykje etter 2. kvartal 2020. Særleg gjeld dette næringar som i større grad har blitt ramma av dei nasjonale tiltaka for å redusere spreiinga av koronaviruset. Ein nedgang i talet på arbeidsforhold i perioden heng saman med oppseiingar, langvarige permitteringar (permitteringar over 90 dagar blir ikkje rekna som sysselsetting), mindre bruk av tilkallingsvikarar og færre nytilsettingar. Ein nedgang i talet på arbeidsforhold fører isolert sett til ein auke i prosentdelen ledige stillingar, medan ein auke vil føre til det motsette.