Arbeidskraftundersøkinga (AKU) viser at det var 121 000 Arbeidsledige er personar 15-74 år utan inntektsgivande arbeid som prøvde å skaffe seg slikt arbeid i løpet av dei siste fire vekene, og som kunne ha starta å arbeide i løpet av to veker. Ufrivillig permitterte blir rekna som arbeidsledige dersom dei har vore permitterte samanhengande i minst tre månader og elles oppfyller kriteria om søking og tilgjengelegheit. personar i juli (gjennomsnitt av juni–august) justert for sesongvariasjonar. Det er 17 000 færre enn tilsvarande tal frå april (gjennomsnitt av mars–mai). Nedgangen i talet på arbeidslause er utanfor Viser kor stor endringa i AKU må vera før vi kan vera rimeleg sikre på at det har skjedd ei endring. For arbeidslause er feilmarginen +/-11 000. Mens for sysselsette er den +/-16 000. i AKU.

Figur 1. Arbeidslause i prosent av arbeidsstyrken (AKU). Brot- og sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt

Auken i sysselsettinga fortsett

Som ved førre publisering viser AKU ein auke i Er personar som utførte inntektsgivande arbeid i minst ein time i referanseveka, samt personar som har eit slikt arbeid, men som var midlertidig fråverande grunna sjukdom, ferie, lønna permisjon eller liknande.. Dei sesongjusterte tala viser at det blei 57 000 fleire sysselsette frå april (gjennomsnitt av mars–mai) til juli (gjennomsnitt av juni–august). Denne auken er også utanfor feilmarginen i AKU.

Sesongjusterte tal på lønnstakarar blir også publisert i dag i statistikken Tal på arbeidsforhold og lønn, i tabell 13126. Tal på arbeidsforhold og lønn viser 55 000 fleire lønnstakarar i juli enn i april, ein auke på 2,1 prosent. Populasjonen i denne tabellen er noko forskjellig frå det som blir publisert i AKU. Statistikken Tal på arbeidsforhold og lønn omfattar busette og ikkje-busette lønnstakarar i alle aldersgrupper som jobbar i verksemder heimehøyrande i Noreg, i motsetning til AKU-tala som dekker busette personar i private hushald i alderen 15-74 år. AKU inkluderer også sjølvstendig næringsdrivande. Avgrensa til berre busette i alderen 15-74 år er auken på 47 700 lønnstakarar. Av auken på 55 000 lønnstakarar har over 42 prosent kome i overnattings- og serveringsverksemd. Dette svarar til nær 23 000 lønnstakarar.

Auke i arbeidsstyrken

Sesongjusterte tal frå AKU viser at delen sysselsette av befolkninga låg på 68,8 prosent i juli (gjennomsnitt av juni–august), opp 1,4 prosentpoeng frå april (gjennomsnitt av mars–mai). Mens delen av Er summen av dei sysselsette og dei arbeidslause, altså personar som tilbyr arbeidskrafta si på arbeidsmarknaden. av befolkninga var 71,8 prosent, opp 1,0 prosentpoeng frå april (gjennomsnitt av mars–mai).

Figur 2. Sysselsette og arbeidsstyrken i prosent av befolkninga (AKU). Brot- og sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt

Sjølv om tal frå statistikken Tal på arbeidsforhold og lønn også viser sterk auke frå april til juli er ikkje lønnstakartala frå den statistikken tilbake på same nivå som før koronakrisa, slik dei brot- og sesongjusterte sysselsettingstala frå AKU er. Det er fleire skilnader mellom dei to statistikkane som gjer at dei kan avvike noko frå kvarandre, til dømes det som er nemnd ovanfor om populasjon. Det er også knytt ekstra usikkerheit til dei brot- og sesongjusterte AKU-tala, som forklart nærare nedanfor.

Dei brot- og sesongjusterte tala frå AKU er justert med foreløpige brotanslag fordi undersøkinga mellom anna frå og med 2021 har nytt spørjeskjema. Ved samanlikningar av tal før og etter brotet må ein ta omsyn til usikkerheita knytt til dei foreløpige brotanslaga, i tillegg til ordinær utvalsusikkerheit.

Grunna koronakrisa er det i tillegg knytt ekstra usikkerheit til endringane på arbeidsmarknaden den siste tida. I tråd med internasjonale anbefalingar om at effekten av koronakrisen ikkje skal inngå i grunnlaget for sesongmønsteret, korrigerer vi berre for den systematiske sesongvariasjonen berekna på data før koronakrisa. Det betyr at vi legg til grunn uendra sesongmønster under koronakrisa. Sidan vi berre korrigerer for den systematiske sesongvariasjonen berekna på data før koronakrisa, kan vi ikkje sjå bort frå at ein unormal sesongeffekt (som heng saman med koronakrisa) kjem til syne i dei sesongjusterte tala. Svært mange unge med sommarjobb som følgje av gjenopninga av samfunnet kan være eit døme på ein slik unormal sesongeffekt.