I april var det 103 000 I AKU blir ein rekna som arbeidslaus viss ein ikkje har inntektsgivande arbeid, og prøvde å skaffe seg slikt arbeid i løpet av dei siste fire vekene, og kunne ha starta å arbeide i løpet av to veker. Ufrivillig permitterte blir rekna som arbeidsledige viss dei er permitterte samanhengande i meir enn tre månader og elles oppfyller kriteria om søking og tilgjengelegheit. personar i Noreg ifølge I sesongjusteringsprosessen blir serien spalta opp i tre komponentar: sesong, irregulær komponent (tilfeldig variasjon) og trend. Trenden representerer den langsiktige tendensen og konjunktursyklusen. frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU), noko som var uendra frå mars. Samanlikna med april 2022, var det nå 12 000 fleire arbeidslause.

– Etter nokon månader med svak auke i arbeidsløysa, har det vore stabilt i mars og april, seier Tonje Køber, seksjonssjef for arbeidsmarknad og lønn.

Dei sesongjusterte tala med Sidan dei sesongjusterte månadstala frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) varierer mye fra månad til månad, glattes talene ved å rekne ut gjennomsnittet av tre månader for alle tremånaders periodar. Kvar tremånaders periode er namngitt etter månaden i midten. viser også berre mindre endringar dei siste månadene.

Arbeidsløysa for mars vist med trendtalet, som ved førre publisering var 3,6 prosent, er nå justert ned til 3,5 prosent. Ved sesongjustering og berekning av trend blir heile tidsserien rutinemessig berekna på ny og revisjonar av det vi har publisert tidlegare kan derfor skje.

Figur 1. Arbeidslause i prosent av arbeidsstyrken. Trend og 3-månaders glidande gjennomsnitt av sesongjusterte månedstal. April 2006 - April 2023. Prosent

Fleire sysselsette

Trendalet frå AKU over personar som har utført inntektsgivande arbeid av minst ein time varigheit i den uka vi samlar inn informasjon om. I tillegg er personar som har slikt arbeid, men som var midlertidig fråverande grunna sjukdom, ferie, lønna permisjon eller liknande også definert som sysselsette. viser er at det var 2 866 000 sysselsette i april, og at det har vore ein svak auke i løpet av siste halvår. Samstundes var sysselsettingsprosenten omtrent uendra på 70,0 prosent. 

– Talet på sysselsette har gått opp siste halvåret, men sidan det har vore ein auke i befolkninga i same periode, er sysselsettingsprosenten omtrent uendra, seier Tonje Køber.

Litt færre jobbar

Dei sesongjusterte førebelse tala frå statistikken tal på arbeidsforhold og lønn viser ein liten nedgang på 6 400 Jobbar og arbeidsforhold vert her brukt som synonym og er definert som arbeid som vert kompensert med lønn o.l. Omgrepet inkluderer både hovudjobbar og bi-jobbar. Ein person kan ha fleire jobbar i ulike verksemder. Fleire jobbar i same verksemd for same person blir lagt saman til éin jobb. mellom mars og april. Overnatting og servering, utdanning og teknisk tenesteyting bidrog mest til nedgangen med omkring 1 500 færre jobbar kvar.

Likevel har talet på jobbar vore stabilt omkring 3 050 000 så langt i år.

Figur 2. Førebelse tal på jobbar (arbeidsforhold). Sesongjusterte og ujusterte tal. Januar 2016 - april 2023. Tal

Dei sesongjusterte tala for jobbar, lønnsmottakarar og gjennomsnittleg kontantlønn frå statistikken Tal på arbeidsforhold og lønn, vert òg publisert i visualisert form.

Det er utvalsusikkerheit i resultata frå AKU fordi resultata bygger på opplysningar gitt av et utval av befolkninga. For dei tre månaders glidande gjennomsnitta av sesongjusterte månadstal tar vi utgangspunkt i feilmarginar på +/-9 000 for arbeidsledige og +/-17 000 for sysselsette. Feilmarginane viser kor stor endringa i AKU må være før vi kan være nokså sikre på at det har skjedd en endring.

Trendtala representerer den meir langsiktige tendensen i data, inkludert konjunktur. Trenden kan ofte bli litt revidert når nye observasjonar blir innarbeida, særleg mot slutten av tidsserien, kalla revisjonsusikkerheit.

Dei sesongjusterte tala kan bli endra viss det kommer til nye observasjonar eller tidlegare rådata blir endra. Dette kallar vi revisjon. 

Det er fleire skilnader mellom dei to statistikkane som gjer at tala kan avvike noko frå kvarandre. Til dømes omfattar registertala både busette og ikkje-busette lønnstakarar i alle aldersgrupper som jobbar i verksemder som høyrer heime i Noreg. AKU-tala viser derimot tal for personar i alderen 15-74 år som er busette i private hushald i Noreg. AKU inkluderer dermed også sjølvstendig næringsdrivande, men ikkje grensependlarar til Noreg.

I tillegg kan utviklinga i tala i dei to statistikkane vise ulike mønster frå tid til anna. Nokre faktorar som påverkar dette: 
1) Etter fleire år med datainnsamling har vi erfart at AKU nokon gonger fangar opp endringar på arbeidsmarknaden før det blir synleg i registertala (statistikken «Tal på arbeidsforhold og lønn»)
2) Sesongmønsteret i registertala er tydelegare enn det vi ser i AKU. Dette fører til at dei sesongjusterte tala til tider kan vise noko ulik utvikling. 
3) Dei sesongjusterte tala for AKU er 3-måneders glidande gjennomsnitt (talet for april er t.d. et gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala for mars, april og mai), medan dei sesongjusterte tala for «Tal på arbeidsforhold og lønn» for same periode gjelder ein referanseuke i denne månaden (talet for april er status i uka i april som inneheld den 16.) 
4) Trendtala i AKU representerer den langsiktige tendensen og konjunktursyklusen. Trendserien frå AKU er derfor typisk glattare enn dei sesongjusterte seriane frå AKU og «Antall arbeidsforhold og lønn»

Frå januar 2023 ble permisjonsbeskrivingane i a-ordningen endra, for å få frem om ein permisjon er lovfesta eller ikkje, sjå: https://www.skatteetaten.no/bedrift-og-organisasjon/arbeidsgiver/a-meldingen/veiledning/arbeidsforholdet/opplysninger-om-arbeidsforholdet/permisjon/

Dette fekk to konsekvensar for statistikken «antall arbeidsforhold og lønn»:
- I første omgang fanget ikkje produksjonssystemet opp dei nye beskrivingane då førebelse tal for januar og februar vart produserte, samt dei endelege tala for januar. Dette medførte at talet på personar som har permisjon med varigheit under 90 dagar (og som dermed er klassifiserte som lønnsmottakarar) gjekk ned. Resultatet er ei underestimering av talet på jobbar i førebelse og endelege tal for januar og førebelse tal for februar på om lag 3-4000.
- Den andre konsekvensen er at mange opplysningspliktige som endra på permisjonstypen, samstundes endra start- og stoppdato for permisjonen, ved å rapportere stoppdato for tidlegare permisjonstype og ny startdato for ny permisjonstype. Dette medførte ein auke i talet på personar med permisjon under 90 dagar. Resultatet er at talet på jobbar er overestimert for førebelse tal for mars og endelege tal for februar.

Oppsummert er dette effektane på de ulike månadene:
Førebelse tall:
Januar 2023: Det ujusterte talet på jobbar og lønnsmottakarar er noko underestimert (rundt 3-4000)
Februar 2023: Det ujusterte på jobbar og lønnsmottakarar er noko underestimert (rundt 3-4000)
Mars 2023: Det ujusterte på jobbar og lønnsmottakarar er noko overestimert (rundt 1000-2000)

Endelege tall:
Januar 2023: Det ujusterte på jobbar og lønnsmottakarar er noko underestimert (rundt 3-4000)
Februar 2023: Det ujusterte på jobbar og lønnsmottakarar er noko overestimert (rundt 3-4000)