194189_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/lonnkraft/aar
194189
Månadslønna opp med 1700 kroner
statistikk
2015-03-12T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
lonnkraft, Lønn for tilsette i kraftforsyningLønn og arbeidskraftkostnader, Arbeid og lønn
true
Statistikken viser lønn for tilsette i kraftforsyning. Gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle gikk opp 1 700 kroner, eller 3,4 prosent, fra 1. oktober 2013 til 1. oktober 2014.

Lønn for tilsette i kraftforsyning1. oktober 2014

Lønnsstatistikk 2015 for alle næringshovedområder og ulike områder i offentlig sektor, vil bli publisert samlet 3. mars 2016 i statistikken Lønn, alle ansatte.

Innhald

Publisert:

Månadslønna opp med 1700 kroner

Heiltidstilsette i kraftforsyning hadde ei gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle på 51 600 kroner per 1. oktober 2014. Det er ein auke på 1 700 kroner, eller 3,4 prosent, frå same tidspunkt året før.

Heiltidstilsette i kraftforsyning, etter yrke. Månadslønn og avtalt månadslønn. Gjennomsnitt per oktober. Kroner og endring i prosent1
MånadslønnAvtalt månadslønn
201320142013 - 2014201320142013 - 2014
1Talene for 2011 er korrigerte i førehald til tidlegare publisering.
Kraftforsyning i alt49 90051 6003,448 00049 5003,1
Leiaryrke76 80080 7005,174 40077 5004,2
Akademiske yrke61 00062 6002,659 10060 6002,5
Høgskuleyrke51 20052 6002,749 10050 4002,6
Elkraftingeniørar og -teknikarar50 90052 6003,348 40050 1003,5
Kontor- og kundeserviceyrke37 70038 9003,237 10037 9002,2
Handverkarar o.l.39 40040 2002,037 50038 3002,1
Energimontørar39 30040 0001,837 20038 0002,2
Yrke utan krav til utdanning41 00042 2002,938 20039 3002,9

Heiltidstilsette elkraftingeniørar hadde per 1. oktober 2014 ei gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle på 52 600 kroner. Det er 1 700 kroner, eller 3,3 prosent, meir enn på same tidspunkt i 2013.

Til samanlikning utgjorde gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle for heiltidstilsette energimontørar 40 000 kroner per 1. oktober 2014. Yrkesgruppa hadde dermed ein lønnsauke på 700 kroner, eller 1,8 prosent, frå 1. oktober 2013.

Antall tilsette i statistikkgrunnlagetÅpne og lesLukk

Statistikken byggjer på eit utval av verksemder i næringshovudområdet kraftforsyning, med til saman 9 918 heiltidstilsette og 783 deltidstilsette. Ifølgje Verksemd- og føretaksregisteret hadde næringshovudområdet til saman 15 700 tilsette per oktober 2014. Næringshovudområdet inneheld både offentlege og private verksemder som driv med produksjon, overføring og distribusjon av elektrisitet.