Uvanleg få tapte arbeidsdagar i 2018

Publisert:

I 2018 gjekk 24 142 arbeidsdagar tapt i totalt 11 arbeidskonfliktar. Samanlikna med tidlegare år med hovudoppgjer er dette talet på tapte arbeidsdagar svært lavt.

Som følgje av dei 11 arbeidskonfliktane i 2018 gjekk 24 142 arbeidsdagar tapt, viser statistikken  Fagforeiningsmedlemmer og streikar. Konfliktane involverte til saman 3 502 arbeidstakarar. Heile 1 807 av desse var tilsett innanfor informasjon og kommunikasjon, noko som medførte et tap på 12 021 arbeidsdagar i den næringa, eller nærmare halvparten av alle dei tapte arbeidsdagane i 2018. Ved førre hovudoppgjer i 2016 gjekk 165 798 arbeidsdagar tapt i 14 arbeidskonfliktar. Her var 8 858 arbeidstakarar involvert.

Normalt er det flest arbeidskonfliktar i år med hovudoppgjer. Gjennomsnittleg tal på tapte arbeidsdagar for de ni hovudoppgjera i perioden frå 2000 til 2016 var om lag 241 000, mens det gjennomsnittlege talet på arbeidstakarar involvert var i overkant av 31 000. Samtidig var det i gjennomsnitt 14 arbeidskonfliktar. Altså er det et relativt lavt tal på arbeidstakarar i arbeidskonflikt og tapte arbeidsdagar, og ikkje talet på konfliktar i seg sjølv, som gjer 2018 til et noko uvanleg år i denne samanheng.

Figur 1. Arbeidstakarar i arbeidskonflikt og tapte arbeidsdagar. År med hovudoppgjer

Arbeidstakarar involvert Tapte arbeidsdagar
2000 93889 496568
2002 9865 150775
2004 9873 141179
2006 29109 146758
2008 12963 62568
2010 66938 500009
2012 41820 360643
2014 8983 148009
2016 8858 165798
2018 3502 24142

For dei arbeidstakarane som var i arbeidskonflikt i 2018 var gjennomsnittleg tal på tapte arbeidsdagar per arbeidstakar i underkant av sju. Tilsvarande tal for hovudoppgjera i perioden 2000-2016 samla sett var litt under 11.

Medlemsauke i hovudsamanslutningane for arbeidstakarar

LO, YS, UNIO og Akademikerne opplevde alle medlemsauke i 2018. Det var også ein auke i talet på yrkesaktive medlemmer for alle desse. LO hadde den største medlemsveksten i absolutte tal med i overkant av 11 100 nye medlemmer, mens Akademikerne hadde den sterkaste prosentvise veksten med ein auke i medlemsmassen på 2,7 prosent.

Figur 2. Medlemmer i hovudsamanslutningane for arbeidstakarar

LO YS UNIO Akademikerne
2005 822629 201713 244253 142937
2006 834221 206361 267748 131005
2007 844438 209334 274175 137250
2008 865392 216104 280976 143848
2009 865573 217600 288044 148189
2010 871360 217457 295621 154313
2011 880938 222114 300486 162562
2012 895257 226624 311091 170387
2013 897740 221578 322058 177948
2014 909552 222038 331824 186753
2015 913732 215878 339812 193536
2016 917122 215591 349219 199174
2017 925605 217724 359054 203102
2018 936711 222392 367978 208597

Faktaside

Kontakt