Nedgang i ledige stillingar

Publisert:

Talet på ledige stillingar gjekk ned med 1 200 frå 4. kvartal 2019 til 1. kvartal 2020. Tala fangar ikkje opp endringane på arbeidsmarknaden som følgje av dei nasjonale tiltaka for å redusera spreiinga av koronaviruset.

Talet på ledige stillingar gjekk ned med 1 200 frå 4. kvartal 2019 til 1. kvartal 2020, viser sesongjusterte tal frå statistikken Ledige stillingar. Den sesongjusterte prosentdelen av ledige stillingar var på 2,3 i 1. kvartal 2020.

Den langsiktige utviklinga, vist ved trendtalet i figur 1, viser ein nedgang i talet på ledige stillingar frå 2. kvartal i 2019. Dette kjem etter ein samanhengande auke sidan 1. kvartal 2016.

Figur 1. Ledige stillingar. Sesongjusterte tal og trend

Sesongjustert Trend
1. kv. 2011 66000 66400
2. kv. 2011 71700 69600
3. kv. 2011 70000 70400
4. kv. 2011 70000 69300
1. kv. 2012 66300 67100
2. kv. 2012 65100 64500
3. kv. 2012 63400 64000
4. kv. 2012 65500 65000
1. kv. 2013 64700 65900
2. kv. 2013 67600 65600
3. kv. 2013 61500 62000
4. kv. 2013 57400 58200
1. kv. 2014 58900 57900
2. kv. 2014 59000 58300
3. kv. 2014 56800 57400
4. kv. 2014 59800 57100
1. kv. 2015 57700 56600
2. kv. 2015 56500 54700
3. kv. 2015 52200 52600
4. kv. 2015 50500 51100
1. kv. 2016 53000 50600
2. kv. 2016 50900 51900
3. kv. 2016 55000 53900
4. kv. 2016 54300 55900
1. kv. 2017 56000 57900
2. kv. 2017 58800 59200
3. kv. 2017 59900 60700
4. kv. 2017 64100 63500
1. kv. 2018 66100 66300
2. kv. 2018 68100 68300
3. kv. 2018 72100 68800
4. kv. 2018 65400 69200
1. kv. 2019 73200 71900
2. kv. 2019 76200 74200
3. kv. 2019 69800 72900
4. kv. 2019 70600 70200
1. kv. 2020 69400 67800

For 1. kvartal har denne statistikken referanseperiode i februar, noko som gjer at den ikkje fangar opp endringane i arbeidsmarknaden som følge av dei omfattande nasjonale tiltaka for redusera spreiinga av koronaviruset. Dei ble innført 13. mars. 

Størst nedgang i transport og lagring

Talet på ledige stillingar innan transport og lagring gjekk ned med 1 800 frå 4. til 1. kvartal 2020. Samanlikna med året før, har det ikkje vore noko endring. I forretningsmessig tenesteyting gjekk ledige stillingar ned med 1 000 siste kvartal, og ned med 2 400 samanlikna med 1. kvartal førre år. 

 

Faktaside

Kontakt