Framleis auke i ledige stillingar

Publisert:

Frå 1. til 2. kvartal 2018 auka talet på ledige stillingar med 3 200, justert for sesongvariasjonar. Noreg har no hatt auke i talet på ledige stillingar i om lag to år.

Frå 1. til 2. kvartal 2018 auka det sesongjusterte talet på ledige stillingar med 3 200, som vil seie ein auke på 5 prosent. Etter nokre år med nedgang har det i løpet av dei par siste åra stort sett vore oppgang. Ein må tilbake til 2011 for å finne tilsvarande nivå i talet på ledige stillingar, viser tal frå statistikken Ledige stillingar.

Figur 1 viser at det sesongjusterte talet over ledige stillingar har hatt en positiv utvikling i heile perioden frå 4. kvartal 2016, og trendtalet har vore positivt heilt sidan 1. kvartal det same året. Den sesongjusterte prosentdelen av ledige stillingar var på 2,4 i 2. kvartal 2018.

Figur 1. Ledige stillingar. Sesongjusterte tal og trend

Sesongjustert Trend
2. kv. 2010 61400 61400
3. kv. 2010 65600 62900
4. kv. 2010 63100 63500
1. kv. 2011 66000 66400
2. kv. 2011 71500 70100
3. kv. 2011 70100 70700
4. kv. 2011 70100 69400
1. kv. 2012 66200 67300
2. kv. 2012 64900 64700
3. kv. 2012 63600 64100
4. kv. 2012 65600 65300
1. kv. 2013 64600 65800
2. kv. 2013 67500 65300
3. kv. 2013 61700 62000
4. kv. 2013 57300 58300
1. kv. 2014 58900 57700
2. kv. 2014 58900 58200
3. kv. 2014 57100 57500
4. kv. 2014 59600 57100
1. kv. 2015 57600 56800
2. kv. 2015 56500 55200
3. kv. 2015 52600 52800
4. kv. 2015 49900 51000
1. kv. 2016 52900 50700
2. kv. 2016 51300 52200
3. kv. 2016 55300 54200
4. kv. 2016 53700 55800
1. kv. 2017 55700 57100
2. kv. 2017 59400 58600
3. kv. 2017 60300 60500
4. kv. 2017 63300 63200
1. kv. 2018 65500 66200
2. kv. 2018 68700 67300

Fleire ledige stillingar i industrien

Frå 1. til 2. kvartal 2018 auka talet på ledige stillingar i industrien med 600, som vil seie ein auke på 20 prosent. Ein må tilbake til 2013 for å finne tilsvarande nivå i talet på ledige stillingar i denne næringa. Prosentdelen ledige stillingar i industrien var på 1,7 i 2. kvartal 2018, opp 0,3 prosentpoeng frå kvartalet før. Ein god del av auken i industrien siste år har kome frå næringar som leverer varer og tenester til oljenæringa, til dømes metallvareindustrien og bygging av skip og plattformer.

Frå 1. til 2. kvartal 2018 var talet på ledige stillingar i bergverksdrift og utvinning (dominert av olje- og gassverksemd) stabilt, justert for sesongvariasjonar. Men denne næringa har hatt ein sterk auke i talet på ledige stillingar siste år sett under eitt – og talet på ledige stillingar i denne næringa er no på nivå med tida før oljeprisfallet i 2014.

 

Faktaside

Kontakt