Samfunnsspeilet, 2003/6

Den kjønnsdelte arbeidsmarknaden

Publisert:

Noreg blir i internasjonal samanheng ofte rekna for å vere på likestillingstoppen (Vikan 2002). Kvinnene nærmar seg mennene sitt sysselsettingsnivå. Men Noreg har framleis ein svært kjønnsdelt arbeidsmarknad. Statistikken viser systematiske skilnader mellom menn og kvinner. Kvinner jobbar i større grad innanfor det offentlege, innanfor helse og omsorg og i mindre grad i leiaryrke enn menn.

Vi vil i denne artikkelen sjå nærare på kva statistikken kan vise om den norske arbeidsmarknaden. Vi skal her særskilt fokusere på kvinner og menn som er i jobb, det vil seie dei sysselsette, og på korleis ting har endra seg dei siste 10-30 åra.

Omgrep og datagrunnlag

Sysselsette er personar i alderen 16-74 år som utførte inntektsgjevande arbeid på minst ein time i veka undersøkinga blei gjennomført, samt personar som har eit slikt arbeid, men var mellombels fråverande på grunn av sjukdom, ferie, lønna permisjon og liknande. Personar som er inne på
førstegongs militær- eller sivilteneste blir også rekna som sysselsette.

Den sentrale kjelda for arbeidsmarknadsstatistikken er arbeidskraftundersøkingane (AKU) . Dette er kvartalsvise intervjuundersøkingar av eit utval på 24 000 personar i alderen 16-74 år. AKU gjev informasjon om tilstanden og utviklinga i arbeidsmarknaden, og skal tene som grunnlag for prognoser og utgreiningar om arbeidsmarknaden.

Stadig fleire kvinner er sysselsette

Det å vere i jobb og ha si eiga inntektskjelde har vore viktige kampsaker i kvinnesaksarbeidet. På dette området ser det ut til at Noreg har komme langt. Medan 44 prosent av kvinnene var i jobb i 1972, var delen i 2002 oppe i 67 prosent. Til samanlikning gjekk sysselsettinga for menn ned frå 77 til 74 prosent i same periode. Sysselsetjingsutviklinga for menn har vore sterkt påverka av konjunktursvingingane i denne perioden, medan dette så å seie ikkje har hatt nokon effekt for kvinnene si deltaking i arbeidslivet.

Sysselsette kvinner med barn 10 år og yngre, etter alderen på yngste barn i prosent av kvinner i alt i same gruppe. 1980 og 2002

Sysselsette kvinner og menn 16-74 år. 1972-2002. Prosent

Sysselsetjinga blant kvinner har auka så godt som i alle aldersgrupper, men svært mykje av utjamninga mellom kjønna kjem av mødrene sitt inntog på arbeidsmarknaden, særleg gjennom 1980- og 1990-åra (Kjeldstad 1998). Vi har her sett særskilt på 1980 og 2002. Særleg ser det ut til at kvinner med yngste barn under 3 år, i større grad jobbar i dag enn tidlegare. Men, ikkje overraskande, så jobbar kvinner med eitt barn i større grad enn kvinner med fleire barn.

Dette viser at det er fullt mogleg å kombinere familieliv med det å vere i jobb også for kvinner. Velferdsordningar som fødselspermisjon, og den gradvise overføringa av omsorgsoppgåver frå den private familiesfæren til det offentlege, har gjort dette mogleg i større grad enn det var tidlegare. Vi skal seinare sjå at kvinner også har gått inn i nettopp omsorgsyrka.

Kvinner oppgjev også å bruke mindre tid på hushaldsarbeid i dag enn for 30 år sidan, medan menn oppgjev å bruke meir. Tal frå tidsbruksundersøkinga viser at kvinner framleis brukar i snitt over ein time meir om dagen til hushaldsarbeid (omfattar husarbeid, omsorgsarbeid, vedlikehaldsarbeid og kjøp av varer og tenester) (Statistisk sentralbyrå 2002).

... men kvinner jobbar mindre enn menn

Heile fire av ti kvinner har arbeidsavtalar som inneber at dei jobbar i deltidsstillingar. Berre ein av ti menn gjer det same. Så sjølv om sysselsetjinga blant kvinner har auka kraftig og nærmar seg mennene sitt nivå, har kvinner likevel kortare arbeidstid enn menn. Kvinner jobba i snitt 30,5 timar i veka i 2002, medan menn jobba 38,4 timar, altså jobba menn om lag åtte timar meir enn kvinner. I perioden 1980 til 2002 har skilnaden på kvinners og menns arbeidstid blitt redusert. Kvinner jobbar i snitt i overkant av ein time meir i dag enn i 1980. Menn jobbar i snitt 1,5 timar mindre i dag enn i 1980.

Deltidssysselsette etter alder og kjønn. 2002. Prosent

Naturleg nok er det dei yngste og eldste kvinnene og mennene som jobbar minst. Både kvinner og menn jobbar mest i alderen då dei aller fleste også får barn. Frå 1980 har delen menn som jobbar deltid vore stabil, medan kvinnedelen har gått ned frå fem av ti til fire av ti. Det vil seie at delen kvinner som jobbar heiltid, er aukande.

Unge vaksne kvinner (20-24 år) og eldre kvinner (55-74 år) jobbar mest deltid. Interessant er det å sjå at det på same tid har vore ein nedgang i deltidsarbeidande kvinner i småbarnsalderen (25-39 år). Menn i alderen 25-54 år jobbar minst deltid av alle menn.

Som tidlegare nemnt, kjem svært mykje av utjamninga i sysselsetjinga mellom kjønna av mødrene sitt inntog på arbeidsmarknaden. Det er også rimeleg å tru at mange kvinner med små barn jobbar deltid. Vi har her sett særskilt på 1989 og 2002. I denne perioden har sysselsetjinga blant kvinner auka frå 60 til 67 prosent. I same periode har det vore ein nedgang i kvinner med barn som jobbar deltid. I 2002 jobba 45 prosent av alle kvinner med barn deltid, og halvparten av kvinnene med to barn eller fleire. I 1989 var 57 prosent av småbarnsmødrene deltidssysselsette. I 2002 var det også færre kvinner med barn under 2 år som jobba deltid enn kvinner med eldre barn. Dette viser at det har blitt meir vanleg for småbarnsmødrer å kombinere morsrolla med å vere i full jobb.

Samtidig som det har blitt fleire kvinner som er i jobb og som jobbar deltid, har barnehagedekninga for småbarn 1-2 år auka frå 7 prosent i 1980 til 40 prosent i 2002. Men i den same perioden har det vore ein nedgang i delen heildagsplassar (33 timar i veka eller meir) for barn i denne alderen
(Statistisk sentralbyrå 2003b).

Deltid/heiltid

Deltid utgjer 1-32 timar, medan heiltid er 37 timar eller meir. Til heiltid rek-nast yrke der heiltid er mindre enn 37 timar, som til dømes sjukepleiarar, oljearbeidarar og sjøfolk.

Horisontal arbeidsdeling

På tross av at kvinner har hatt ein sterk auke i sysselsetjinga dei siste tiåra, er det framleis store skilnader når det kjem til kva næring kvinner og menn jobbar innanfor. Ein kan beskrive arbeidsdelinga på arbeidsmarknaden mellom kvinner og menn som horisontal . Det vil seie at kvinner og menn i stor grad jobbar innanfor ulike næringar. Kvinner dominerer innanfor omsorg, og menn er i klart fleirtal innanfor industri, oljeutvinning og bygg- og anleggsverksemd. Tabell 2 viser delen kvinner innanfor dei ulike næringane. Heile åtte av ti som jobbar innanfor helsetenester og sosiale tenester er kvinner. Halvparten av desse jobbar deltid. Dette er også den næringa som har flest sysselsette. Også i undervisning er delen kvinner høg, og i varehandel, hotell og restaurant er det også ei viss overvekt av kvinner. Innanfor jordbruk, olje- og gassutvinning og industri er det framleis mange fleire menn enn kvinner som jobbar.

Endringane i den horisontale arbeidsdelinga skjer sakte. Vi kan ikkje her gi noko svar på kvifor ein finn kvinner og menn innanfor ulike næringar. Men ein kan stadfeste at kjønnsskiljet heller ikkje ser ut til å bli særleg mindre, om ein ser på utdanningsvala i både vidaregåande opplæring og i høgare utdanning (Statistisk sentralbyrå 2003c).

I vidaregåande opplæring er det framleis eit klart skilje mellom kva studieretningar gutar og jenter vel. Jenter vel i større grad enn gutar allmennfaglege studieretningar (studieførebuande), og helse- og sosialfag, formgjevingsfag. Tekniske og mekaniske fag og byggfag er det klart fleire gutar som vel. Dette er studieretningar som fører fram til handverksfag og arbeid i industri, bygg og anlegg og liknande. Det skjer altså tidleg ei ekskludering av framtidige yrkeskarrierar.

Det same ser ein på universitets- og høgskolenivå. På universiteta og høg-skolane er det i dag seks av ti studentar som er kvinner. Men val av fagfelt er tradisjonelt. Heile åtte av ti studentar ved lærarutdanningar og utdanningar i pedagogikk, er kvinner. Det same ved helse-, sosial- og idrettsfag. Tilsvarande er sju av ti studentar ved naturvitskapelege fag, handverksfag og tekniske fag, menn. Andre fag er igjen meir nøytrale, til dømes økonomiske og administrative fag.

Utdanningsmønsteret viser seg sjølvsagt også blant dei som er i jobb i dag. Få av dei sysselsette i dag har berre grunnskole, noko som må bli sett i samanheng med at utdanningsnivået i befolkninga elles er stigande. Om vi ser på kva utdanning dei som er i jobb i dag har, ser vi at heile 40 prosent av mennene har naturvitskapelege fag, handverksfag og tekniske fag, mot 7 prosent av kvinnene. Av dei sysselsette kvinnene har over 22 prosent helse-, sosial- og idrettsfag.

Ein kan spørje seg om det er det kjønnsdelte utdanningssystemet som skaper den kjønnsdelte arbeidsmarknaden, eller om den kjønnsdelte arbeidsmarknaden som skaper mønsteret i utdanningssystemet. I alle fall er det ingen dramatiske endringar i sikte.

Vertikal arbeidsdeling

Ein kan også beskrive kjønnsskiljet i arbeidsmarknaden som vertikalt med omsyn til kva yrke kvinner og menn har. Ser vi på delen kvinner og menn i dei ulike hovudyrkeskategoriane, ser vi igjen at det er store skilnader mellom kva yrke vi finn kvinner og menn. Langt fleire menn enn kvinner er i leiarsjiktet. Flest kvinner finn vi i 2002 innanfor kontoryrke og sal- og serviceyrke. Flest menn finn vi i handverksyrke, operatørar/sjåføryrke, primærnæringsyrke og leiaryrke.

I desse "grove" yrkesgruppene skjuler det seg klare manns- og kvinneyrke. Det er til dømes store skilnader innanfor det som blir kalla høgskoleyrke.

Kvinneyrke og mannsyrke

Det finst altså klare mannsyrke og kvinneyrke. Vi har her sett på utviklinga i kjønnsbalansen i nokre utvalde yrkesgrupper dei siste 20 åra, frå 1982 til 2002. Sidan 1982 har sysselsetjinga auka med 17 prosent. Tre fjerdedelar av denne auken har kvinnene stått for. Men har dette påverka kjønnsbalansen i nokon av dei mest "typiske" kvinne- og mannsyrka?

Sysselsette kvinner og menn i utvalde yrkesgrupper. 1982 og 2002. Prosent

Innanfor det som blir gruppert som høgskoleyrke i tabell 4, finn vi både sjukepleiarar, grunnskolelærarar, førskolelærarar og ingeniørar. Sjukepleiarar hadde så å seie identisk fordeling på begge tidspunkta, medan kvinner forsterkar sin posisjon som grunnskolelærarar. Når det gjeld førskolelærarar, har det vore ein kraftig vekst i dette yrket dei siste 20 åra, frå 6 000 til 12 000. Det vil seie at nokon fleire menn har vald dette yrket slik at det har blitt synleg i statistikken. Det har også blitt nokon fleire kvinner som er ingeniørar.

Få kvinnelege leiarar

Når det gjeld bedriftsleiarar, har delen kvinner auka synleg dei siste 20 åra. Men det er problematisk å gruppere leiaryrka for å få fram tal ein kan samanlikne. Standarden for yrkesklassifiseringa som blei nytta i 1982 grupperte færre yrke til leiaryrka enn det som er tilfellet i dagens standard. Men det er likevel grunn til å tru at kvinnene sitt inntog på arbeidsmarknaden også har ført til auka representasjon i leiinga. Spørsmålet om kvinner og leiing har fått stor merksemd i den offentlege debatten. Berre 10 prosent av dei administrerande direktørane i dei større bedriftene er kvinner. Men tek vi med leiarar av småbedrifter, med færre enn ti tilsette, aukar delen kvinnelege leiarar til 19 prosent. Dei fleste leiarane av småbedrifter finn vi i varehandelen, og det er også her delen kvinnelege sysselsette er høgast. For å bli klassifisert som leiar, må ein person utøve administrativ leiing og bruke minst halvparten av arbeidstida si på desse oppgåvene.

... men kvar tredje mellomleiar er kvinne

I motsetning til småbedrifter, med berre ein leiar, har dei større bedriftene eit hierarki av leiarar. Administrerande direktørar har gjerne fleire leiarar under seg. Kvinner gjer seg langt meir gjeldande blant mellomleiarane enn i toppleiinga, og kvar tredje mellomleiar er kvinne (jamfør Håland og Glad 2003).

Også på mellomleiarnivå finn vi at det er store skilnader på kvinne- og mannsrepresentasjonen innanfor ulike næringar. Kvinner er i større grad leiarar innanfor undervisning og helsesektor, varehandel, hotell og restaurant og offentleg administrasjon.

Mangelen på kvinnelege leiarar er kanskje eit teikn på at det er eit systematisk kjønnshierarki innanfor arbeidslivet som heile (jamfør Solheim og Ellingsæter 2003). At vi finn mange kvinnelege leiarar innanfor dei sektorane der det er mange kvinner tilsette, kan komme av at det her er eit naturleg rekrutteringsgrunnlag. Innanfor industri etc. er det tilsvarande få kvinner tilsette, og dermed eit dårlegare rekrutteringsgrunnlag til leiarstillingar.

Kvinnelege leiarar jobbar mindre deltid enn kvinner i andre yrke

Arbeidsmønsteret til kvinner i leiaryrke liknar meir på arbeidsmønsteret til menn enn til kvinner elles. Medan vi har sett at fire av ti kvinner jobbar deltid, gjer berre ei av ti kvinnelege leiarar det. Sidan så få kvinnelege leiarar jobbar deltid, blir også skilnaden på avtalt arbeidstid og utført arbeidstid langt mindre mellom kvinner og menn i leiaryrke enn mellom kvinner og menn generelt. Kvinnelege leiarar har avtale om å jobbe 37 timar i veka, det vil seie om lag tre timar mindre enn mannlege leiarar.

Utført arbeidstid, kvinner i alt, kvinnelege leiarar, menn i alt, mannlege leiarar. 2002. Timar

Menn jobbar meir enn kvinner

I snitt har kvinner ei avtalt arbeidstid på sju timar mindre per veke enn snittet for menn. I arbeidsmaknadsstatistikken blir det skilt mellom den avtalte arbeidstida og den faktiske arbeidstida som ein person jobbar. Kvinner i alt arbeider i snitt om lag 25 minutt mindre i veka enn avtalt arbeidstid og menn om lag 30 minutt meir enn avtalt. Dette kjem av at menn jobbar meir overtid enn kvinner og at kvinner har større fråvere enn menn.

Når det gjeld utført arbeidstid, arbeider kvinner i leiaryrker i underkant av ein time meir enn avtalt per dag, medan menn i tilsvarande stillingar jobbar i overkant av ein time meir enn avtalt.

Flest kvinner innanfor offentleg sektor

Ein klar skilnad i menn og kvinner sitt arbeidsmønster, er at kvinner i langt større grad enn menn jobbar i offentleg sektor. Tilsvarande jobbar menn i større grad enn kvinner i privat sektor. Ein kan stille spørsmål ved kvar verdiskapinga i arbeidslivet føregår. Privat næringsliv blir gjerne knytt til produksjon og marknad medan det offentlege står for reproduksjon og omsorg. Om det er dette som er hovudgrunnen til at kvinner si lønn i snitt tilsvarte berre 83 prosent av mennene si lønn i 2002, er vanskeleg å seie (Statistisk sentralbyrå 2003a). For også når vi går inn i dei ulike næringane tener menn i snitt meir enn kvinner. Det er ei generell oppfatning av at det er meir pengar å hente innanfor privat næringsliv enn innanfor det offentlege. I alle fall når det gjeld yrke for personar med høgare utdanning er dette ein tendens. Vi finn også næringar med låg lønn innanfor privat sektor. Dette er til dømes dei mest kvinnedominerte næringane, som varehandel og hotell- og restaurantverksemd.

På den andre sida gjev kanskje offentleg sektor sikrare permisjonar og velferdsordningar. Vidare er det innanfor visse yrke i offentleg sektor vanleg å jobbe deltid. For dei som er opptekne av ei karriereutvikling, kan timar på jobben vere eit mål på innsats og eit viktig steg vidare.

Offentleg tenesteyting utgjer i stor grad det som blir oppfatta som "kvinnearbeidsplassar". Behovet for offentlege helsetenester, undervisning og omsorg er på kort sikt lite påverka av konjunktursvingingar. Derfor har også kvinner vore noko meir skjerma mot nedgangskonjunkturen på arbeidsmarknaden. Det ser også ut til at den auka arbeidsløysa dei siste åra har gått mindre ut over kvinner enn menn.

Avsluttande kommentar

Skilnaden mellom kvinner og menn si yrkesdeltaking har aldri før vore lågare. Gjennom at omsorg for barn og eldre har blitt eit offentleg ansvar, har også kvinner komme meir i inntektsgjevande arbeid. Men fleire kvinner enn menn jobbar deltid. Samstundes ser vi at det er færre kvinner med små barn som jobbar deltid i dag enn tidlegare. Dette må innebere at det har blitt fleire som klarar å kombinere familieliv og arbeid.

Arbeidsmarknaden er likevel kjønnsdelt. Vi finn kvinner og menn innanfor ulike næringar og innanfor ulike yrke. I tillegg ser vi at langt fleire menn enn kvinner jobbar på den private arbeidsmarknaden. Dette har samanheng med at kvinner i større grad enn menn er sysselsette innanfor administrasjon, omsorg (helsevesen, barnehage) og i undervisning, og at dette er store næringar i det offentlege. Dette gjer også at kvinner jobbar i mindre konjunkturavhengige jobbar enn menn.

Kjønnssegregering innanfor arbeidsmarknaden er kanskje eit tema som ikkje blir reflektert over, og nærmast er ein "naturleg" tilstand. Mekanismane som ligg bak held seg diffuse. Endringar i arbeidsmarknaden skjer sakte. Utdanningsstatistikken viser også at elevar og studentar i stor grad følgjer det tradisjonelle kjønnsrollemønsteret i sine utdanningsval. I den grad det er endringar, er tendensen større til at kvinner går inn i mannsdominerte yrke (og utdanningar), enn omvendt.

Ein skal også vere klar over at det er skilnader mellom kvinner og mellom menn som er i yrkeslivet (jamfør Solheim og Ellingsæter 2003). Kvinner og menn er ikkje homogene grupper. Kvinner, som menn, er innanfor heile spekteret av yrke. Kvinner har, som menn, tilgang til leiarposisjonar, men vi finn også kvinner og menn som er "på golvet". I den samanhengen kan ein kanskje snakke om at også sosial bakgrunn, eller "klasse", saman med kjønn også "deler" arbeidsmarknaden. Dette synleggjer at det er komplekse årsaksamanhengar til at arbeidsmarknaden er så kjønnsdelt som den er.

Referansar

Håland, Inger og Kristin Glad (2003): Kun en av ti toppledere er kvinne .

Kjeldstad, Randi (1998): Kvinner og menn 1998: Hvor likestilte er vi? Samfunnsspeilet 5/1998.

Solheim, Jorunn og Anne Lise Ellingsæter (2003): Den usynlige hånd . Kjønnsmakt og moderne arbeidsliv . Oslo: Gyldendal akademisk forlag.

Statistisk sentralbyrå (2002): Tidsbruksundersøkelsen 1971 - 2000 .

Statistisk sentralbyrå (2003a): Lønnsstatistikk . Heltidsekvivalenter . 1997 - 2002 .

Statistisk sentralbyrå (2003b): Sosiale indikatorer , Samfunnsspeilet 4/2003.

Statistisk sentralbyrå (2003c): Utdanningsstatistikk .

Vikan, Stein Terje (2001): Kvinner og menn i Norge 2000 , Statistiske analyser 43, Statistisk sentralbyrå.

Vikan, Stein Terje (2002): Noreg - verdsmeister i likestilling. Samfunnsspeilet 1/2002.

Inger Håland er førstekonsulent i Statistisk sentralbyrå, Seksjon for arbeidsmarkedsstatistikk ( inger.haaland@ssb.no ).

Gunnlaug Daugstad er førstekonsulent i Statistisk sentralbyrå, Seksjon for levekårsstatistikk
( gunnlaug.daugstad@ssb.no )

Tabeller:

Kontakt