På grunn av vedlikehold kan innholdet på ssb.no være ustabilt mellom kl 17 og 19 i dag. Vi beklager ulempene dette måtte medføre.

Auken i ledige stillingar held fram

Publisert:

Frå 2. til 3. kvartal 2018 auka talet på ledige stillingar med 2 100, justert for sesongvariasjonar. Varehandelen sto for det meste av auken.

Frå 2. til 3. kvartal 2018 auka det sesongjusterte talet på ledige stillingar med 2 100, viser tal frå statistikken Ledige stillingar. Den sesongjusterte prosentdelen av ledige stillingar var på 2,5 i 3. kvartal 2018, ein auke på 0,1 prosentpoeng samanlikna med kvartalet før.

I løpet av dei par siste åra har det stort sett vore oppgang i talet på ledige stillingar. Figur 1 viser at det sesongjusterte talet over ledige stillingar har hatt ein positiv utvikling i heile perioden frå 3. kvartal 2017, og trendtalet har vore positivt heilt sidan 1. kvartal 2016.

Figur 1. Ledige stillingar. Sesongjusterte tal og trend

Sesongjustert Trend
3. kv. 2010 65600 62900
4. kv. 2010 63100 63400
1. kv. 2011 66100 66500
2. kv. 2011 71600 70100
3. kv. 2011 70000 70700
4. kv. 2011 70000 69400
1. kv. 2012 66300 67300
2. kv. 2012 65000 64600
3. kv. 2012 63500 64100
4. kv. 2012 65500 65200
1. kv. 2013 64700 65900
2. kv. 2013 67600 65300
3. kv. 2013 61500 61900
4. kv. 2013 57200 58200
1. kv. 2014 58900 57800
2. kv. 2014 59000 58200
3. kv. 2014 56800 57400
4. kv. 2014 59600 57000
1. kv. 2015 57700 56700
2. kv. 2015 56800 54900
3. kv. 2015 52100 52500
4. kv. 2015 50000 51000
1. kv. 2016 52900 50800
2. kv. 2016 51700 52100
3. kv. 2016 54700 53800
4. kv. 2016 53700 55400
1. kv. 2017 55700 57200
2. kv. 2017 60000 58600
3. kv. 2017 59500 60200
4. kv. 2017 63400 62900
1. kv. 2018 65500 66100
2. kv. 2018 69400 69000
3. kv. 2018 71500 70400

Mesteparten av auken kom i varehandel

Frå 2. til 3. kvartal 2018 auka talet på ledige stillingar i varehandel og motorvognreparasjonar med 1 300, som vil seie ein auke på heile 20 prosent. Prosentdelen ledige stillingane i denne næringa gjekk opp med 0,3 prosentpoeng, til 2 prosent i 3. kvartal 2018.

Faktaside