Auke i ledige stillingar

Publisert:

Etter eit fall i førre periode gjekk talet på ledige stillingar opp med 6 100 frå 4. kvartal 2018 til 1. kvartal 2019. Det sesongjusterte talet på ledige stillingar har svinga noko dei siste kvartala etter ein lang periode med oppgang.

Talet på ledige stillingar gjekk opp med 6 100 frå 4. kvartal 2018 til 1. kvartal 2019, viser sesongjusterte tal frå statistikken Ledige stillingar. Den sesongjusterte prosentdelen av ledige stillingar var på 2,4 i 1. kvartal 2019, ein oppgang på 0,2 prosentpoeng samanlikna med 4. kvartal 2018.

Oppgangen i talet på ledige stillingar kjem etter eit fall frå 3. til 4. kvartal 2018. Figur 1 viser at det sesongjusterte talet over ledige stillingar har svinga noko dei siste kvartala og at det har vore ein utflating i trendtalet. Dette kjem etter ein periode med positiv utvikling i trendtalet heilt frå 1. kvartal 2016.

Figur 1. Ledige stillingar. Sesongjusterte tal og trend

Sesongjustert Trend
1. kv. 2010 58200 58300
2. kv. 2010 61400 61200
3. kv. 2010 65600 62800
4. kv. 2010 63100 63500
1. kv. 2011 66100 66400
2. kv. 2011 71600 70000
3. kv. 2011 70000 70600
4. kv. 2011 70100 69400
1. kv. 2012 66300 67300
2. kv. 2012 65000 64600
3. kv. 2012 63500 64100
4. kv. 2012 65600 65200
1. kv. 2013 64700 65900
2. kv. 2013 67600 65400
3. kv. 2013 61500 62000
4. kv. 2013 57300 58300
1. kv. 2014 58900 57800
2. kv. 2014 59000 58200
3. kv. 2014 56900 57400
4. kv. 2014 59700 57200
1. kv. 2015 57600 56800
2. kv. 2015 56600 55100
3. kv. 2015 52300 52700
4. kv. 2015 50200 51100
1. kv. 2016 52700 50800
2. kv. 2016 51500 52200
3. kv. 2016 54800 54000
4. kv. 2016 54100 55600
1. kv. 2017 55400 57100
2. kv. 2017 59800 58500
3. kv. 2017 59700 60500
4. kv. 2017 64100 63100
1. kv. 2018 65000 66000
2. kv. 2018 69300 68400
3. kv. 2018 71600 69800
4. kv. 2018 65700 69800
1. kv. 2019 71800 69100

Stabilt i olje og gass

Frå 4. kvartal 2018 til 1. kvartal 2019 var det sesongjusterte talet på ledige stillingar i bergverksdrift og utvinning (dominert av olje- og gassverksemd) stabilt. Denne næringa hadde ein auke i talet på ledige stillingar vinteren 2017/2018 – og talet på ledige stillingar i denne næringa har gjennom heile siste år vore på nivå med tida før oljeprisfallet i 2014.

Frå 4. kvartal 2018 til 1. kvartal 2019 gjekk talet på ledige stillingar i varehandelen og forretningsmessig tenesteyting opp med høvesvis 1 900 og 1 500. Men auken kjem etter ein om lag tilsvarande nedgang frå 3. til 4. kvartal 2018 i begge disse næringane.

Faktaside