Over 1,8 millionar medlemer i arbeidstakarorganisasjonane

Publisert:

Dei seinare åra har arbeidstakarorganisasjonane i landet fått fleire medlemer, og med om lag 20 000 fleire medlemmar i fjor ser det ut til at trenden held fram.

Figur 1. Medlemer i arbeidstakarorganisasjonar

Medlemer
2006 1547365
2007 1576255
2008 1621073
2009 1636537
2010 1658786
2011 1687660
2012 1727129
2013 1744982
2014 1778230
2015 1793021
2016 1813979

Dei siste åra har talet på medlemmar i arbeidstakarorganisasjonar auka jamt og trutt, frå om lag 1,5 millionar i 2003, til over 1,8 millionar i 2016. Det kjem fram av nye tal for medlemer i arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar. Statistikken er basert på frivillig rapportering og inkluderer også medlemer som ikkje er yrkesaktive.

- Det ser ut til at arbeidstakarorganisasjonane i Noreg har haldt nokon lunde stand dei siste åra, seier seniorrådgjevar i SSB Harald Lunde.

Likevel syner tal frå OECD at det i Noreg, likeins med resten av landa knytt til organisasjonen, er ein mindre del av arbeidstakarane i Noreg er organiserte no, enn det som var tilfelle tidleg på 1990-talet.

Kontakt