I dei 12 Arbeidskonflikt: Med arbeidskonflikt meinast ein førebels arbeidsstans av minst ein dags varigheit som følgje av streik og/eller lockout. i 2021 gjekk totalt 116 250 arbeidsdagar tapt, viser statistikken Fagforeiningsmedlemmer og streikar. Konfliktane involverte til saman i underkant av 24 000 arbeidstakarar. Dette er langt fleire arbeidstakarar enn kva vi vanlegvis ser i forbindelse med eit mellomoppgjer. Vidare ser vi at gjennomsnittleg tal på tapte arbeidsdagar per arbeidstakar er lågare enn vanleg. Faktaboksen nedst i artikkelen gir ei oversikt over dei av konfliktane som er registrert hos Riksmeklaren.

Høgaste talet på tapte arbeidsdagar i eit mellomoppgjer

Det er vanlegvis fleire arbeidskonfliktar og tapte arbeidsdagar i år med hovudoppgjer. Gjennomsnittleg tal på tapte arbeidsdagar for dei ti åra med mellomoppgjer i perioden frå 2001 til 2019 var om lag 8 400, medan det gjennomsnittlege talet på arbeidstakarar involvert var i underkant av 600. Samtidig var det i gjennomsnitt nærmare 5 arbeidskonfliktar. 2021 var altså eit år der alle tre indikatorar for omfanget av arbeidskonfliktar var høgare enn normalen.

- For å være eit år med mellomoppgjer ser vi at det har vore mange og store arbeidskonfliktar. Det har ikkje tidlegare vore registrert så mange tapte arbeidsdagar i eit år med mellomoppgjer i dei nærmare 30 åra SSB har tal for dette, fortel Tonje Køber, seksjonssjef for arbeidsmarknad og lønn.

Figur 1. Arbeidstakarar i arbeidskonflikt og tapte arbeidsdagar. År med mellomoppgjer 2001-2021

Flest tapte arbeidsdagar i undervisningsnæringa

Tre av fjorårets konfliktar er plassert i undervisningsnæringa. Over 90 prosent av alle arbeidstakarar som var i konflikt i fjor tilhøyrde desse tre konfliktane, og samla stod desse for 85 000 tapte arbeidsdagar, som svarar til 73 prosent av totalen.

Dette betyr likevel ikkje at alle arbeidstakarane i desse tre konfliktane arbeider i denne næringa, sjølv om konfliktane er plassert der. Dette kjem som følgje av at SSB berre har tilgang på dei overordna tala for konfliktane. Det medfører at dersom ein konflikt dekkjer fleire næringsområde, plasserast konflikten i den næringa der flest arbeidstakarar var i konflikt.

Utsett lønnsforhandling i 2020

I fjor var talet på arbeidskonfliktar og tapte dagsverk høgt. Samtidig blei lønnsoppgjeret i 2020 utsett frå våren til hausten. Dette førte til at meklinga hos Riksmeklaren innanfor nokre av forhandlingsområda kom i gang seinare enn normalt, og at eventuell streik ikkje vart iverksett før i 2021. Dette medfører at tre av konfliktane i statistikken for 2021 tilhøyrer lønnsoppgjøret i 2020. Omtrent 200 arbeidstakarar og i underkant av 2300 arbeidsdagar tilhøyrar desse konfliktane.

- Nokre streikar som tilhøyrde lønnsoppgjeret i 2020 vart ikkje iverksett før året etter, og kom difor ikkje med i statistikken før no. Samtidig utgjer antala frå desse ein svært liten del av dei totale tala for konfliktar i 2021, seier Køber.

Medlemsauke i hovedsamanslutningane

Dei fire hovudsamanslutningane for arbeidstakarar, LO, UNIO, YS og Akademikerne, hadde alle ein auke i talet på medlemmer i 2021. Akademikerne har hatt den største auken i både absolutte tal og prosent, med 12 300 fleire medlemmar enn året før. Fagforeininga har hatt ein stor medlemsauke over fleire år. Sidan 2017 har medlemstalet auka med nesten 20 prosent.

Figur 2. Medlemmer i hovudsamanslutningane for arbeidstakarar, 2005-2021