Tettstad

Ei samling av hus skal registrerast som ein tettstad dersom det er minst 200 busette der, og avstanden mellom husa ikkje overstig 50 meter. Det er tillate med eit avvik, basert på skjøn, utover 50 meter mellom husa i område som ikkje skal eller kan byggast. Dette kan for eksempel vere parkar, idrettsanlegg, industriområde eller naturlege hindringar som elver eller dyrkbare område.