Framleis flest aksjeselskap og einskildpersonføretak

Publisert:

Nær halvparten av alle dei 453 762 aktive føretaka som verka i Noreg i 2015, var einskildpersonføretak. Dei utgjorde 49 prosent, medan 44 prosent andelen var aksjeselskap.

Likevel var det aksjeselskapa, 200 480 i talet, som hadde den største prosentvise auken frå året før med 3 prosent, viser tal frå statistikken Føretak. Talet på einskildpersonføretak var 220 740 og det var ei auke på 2,6 prosent. Til saman stod desse selskapsformene for 93 prosent av alle føretaka med aktivitet i 2015, det same som i 2014.

Brorparten av omsetninga kom frå aksjeselskap

I 2015 sto aksjeselskap for heile 89 prosent av omsetninga og 77 prosent av sysselsettinga, unnateke føretak innanfor offentleg forvaltning.

Føretak innanfor næringa varehandel hadde størst del av både omsetninga og av sysselsettinga, med høvesvis 29 og 19 prosent.

Figur 1. Del føretak, sysselsette og omsetning etter organisasjonsform. 2015

Del føretak Del sysselsette Del omsetning
AS 44.18 76.49 89.10
ENK 48.65 10.77 2.61
ASA 0.04 1.80 1.97
NUF 1.01 1.24 1.63
DA 1.78 1.01 0.47
ANS 1.04 0.59 0.45
Andre 3.31 8.10 3.76

Kontakt