Fleire konkursar

Publisert:

I 1. kvartal 2017 blei det opna 1 254 konkursar, 8 prosent fleire enn i den same perioden året før, syner tal frå statistikken Opna konkursar. Nord-Trøndelag, Finnmark og Sør-Trøndelag var fylka med den største prosentvise oppgangen.

I Nord-Trøndelag var auka på 55 prosent frå 1. kvartal i fjor, mens den var på 44 og 36 prosent i Finnmark og Sør-Trøndelag. Oppgangen i absolutte tal var størst i Rogaland, Sør-Trøndelag og Akershus med respektive 22, 21 og 15 fleire konkursar samanlikna med 1. kvartal 2016.

I sju fylke gjekk talet på konkursar ned. I Aust-Agder finn vi den største nedgangen i relative og absolutte tal med 35 prosent, eller 12, færre konkursar.

Figur 1. Opna konkursar, etter type konkurs og kvartal
Figur 1. Opna konkursar, etter type konkurs og kvartal
1. kv. 2007 2. kv. 2007 3. kv. 2007 4. kv. 2007 1. kv. 2008 2. kv. 2008 3. kv. 2008 4. kv. 2008 1. kv. 2009 2. kv. 2009 3. kv. 2209 4. kv. 2009 1. kv. 2010 2. kv. 2010 3. kv. 2010 4. kv. 2010 1. kv. 2011 2. kv. 2011 3. kv. 2011 4. kv. 2011 1. kv. 2012 2.kv. 2012 3. kv. 2012 4. kv. 2012 1. kv. 2013 2. kv. 2013 3. kv. 2013 4. kv. 2013 1. kv. 2014 2. kv. 2014 3. kv. 2014 4. kv. 2014 1. kv. 2015 2. kv. 2015 3. kv. 2015 4. kv. 2015 1. kv. 2016 2. kv. 2016 3. kv. 2016 4. kv. 2016 1. kv. 2017
Føretakskonkursar 543 432 385 484 547 589 582 882 1093 1021 818 881 865 845 702 749 871 800 677 826 774 661 624 704 836 910 686 821 921 877 745 891 962 866 652 848 854 956 713 785 935
Einskildpersonføretak inkl. personlege konkursar 338 259 198 206 206 286 252 293 325 363 210 302 346 395 247 286 308 358 257 258 301 239 216 295 348 406 222 335 378 391 290 310 332 299 227 276 309 396 285 246 319

Tre av fire konkursar, i alt 935, var føretakskonkursar som omfattar alle føretak unnateke einskildpersonføretak. Dei fleste føretakskonkursane var i byggje- og anleggsverksemd, samt varehandel og reparasjon av motorvogner med høvesvis 26 og 23 prosent.

Dei resterande 319 konkursane var einskildpersonføretak og personlege konkursar. 40 prosent av desse var i byggje- og anleggsverksemd.

Kontakt

Error occured rendering window "Artikkelside - faktaside inngang" (key 225) while handling request to site path: /0/virksomheter-foretak-og-regnskap/artikler-og-publikasjoner/fleire-konkursar?id=97&key=304881&profilertSeksjon=117&sidetype=artikler