138474
138474
Færre deltek i sametingsvalet
statistikk
2013-10-29T10:00:00.000Z
Valg
no
sametingsvalg, Sametingsvalet, valresultat, valdeltaking, politiske parti, vallister, personar med røysterett, førehandsrøyster, valtingsrøyster, godkjende røyster, mandatfordeling, sametingsrepresentantarSametingsvalg, Valg
true

Sametingsvalet9. september 2013

Innhald

Publisert:

Færre deltek i sametingsvalet

Valdeltakinga ved Sametingsvalet i år var på 66,9 prosent, som er ein av dei lågaste deltakingane sidan det fyrste sametingsvalet i 1989. Det er framleis auke i førehandsrøystinga, heile 43 prosent av dei godkjente røystene vart avgjevne på førehand.

Sametingsvalet. Godkjende røyster, vraka røyster og blanke røyster, etter valkrins
2013
Godkjende røysterVraka røysterBlanke røyster
I alt9 91937121
Østre valkrins1 640419
Ávjovári valkrins2 676015
Nordre valkrins1 444422
Gáisi valkrins1 4141521
Vesthavet valkrins912012
Sørsamisk valkrins593413
Sør-Noreg valkrins1 2401019

Valdeltakinga ved Sametingsvalet var 2,4 prosentpoeng lågare enn i 2009 og heile 5,7 prosentpoeng lågare enn i 2005. Valdeltakinga i 2013 er om lag 11 prosentpoeng lågare enn i stortingsvalet i år. Flest frammøtte var det i dei to nordlegaste valkrinsane, Àvajovàri valkrins med 74,3 prosent og Østre valkrins med 74,2 prosent. Lågast valdeltaking var det i Sør-Noreg valkrins med 56,0 prosent, I Sør-Noreg var det likevel ein framgang på 1,7 prosentpoeng sidan 2009. Skilnaden mellom høgaste og lågaste valdeltaking i dei sju samiske valkrinsane er på heile 18,3 prosentpoeng.

43 prosent av røystene avgjevne på førehand

Talet på førehandsrøyster har stige 3 prosentpoeng sidan sametingsvalet i 2009. Flest førehandsrøyster var det òg denne gongen i dei to sørlegaste valkrinsane med høvesvis 67 og 72 prosent avgjevne førehandsrøyster. Valordninga som gjeld sametinget, gjer at veljarar i kommunar som har under 30 registrerte i valmanntalet til sametinget, berre kan røysta på førehand. Dette er medverkande til den store mengda førehandsrøyster.

Stabilt høg kvinnerepresentasjon

19 kvinner vart i år valde inn på Sametinget. Dei utgjer dermed 49 prosent av representantane. Dette er nøyaktig like mange som på det førre sametinget. Den høgaste delen kvinner har Norske Samers Riksforbund (NSR) med 55 prosent, akkurat som sist.

NSR største parti att

NSR fekk auka oppslutnad, samstundes som Arbeidarpartiet gjekk markert attende. Dette gjer at NSR er det største partiet på Sametinget denne gongen. Framgangen fekk ikkje utslag i fleire mandat for partiet på Sametinget, men den sterke nedgangen til Arbeidarpartiet gjorde at dei mista fire mandat. Vallista Àrja heldt fram med framgangen og enda opp med 4 innvalde representantar, mot 3 etter førre valet. Arbeidarpartiet og NSR fekk til saman 45 prosent av alle godkjente røystene, noko som er ein reduksjon på 3 prosentpoeng frå valet for fire år sidan og 13 prosentpoeng sidan 2005. Til saman fekk dei to partia 21 mandat av 39 moglege, som tilsvarar 54 prosent av alle representantane på Sametinget.

Àvjovàri valkrins med flest røyster per mandat

For kvar Sametings-representant var det i gjennomsnitt avgjeve 254 røyster. Det var flest røyster per representant i Àvjovàri valkrins med 335, deretter kom Nordre valkrins med 289. Færrast røyster per representant hadde Sørsamisk valkrins med 148.

Det var 15 005 personar med røysterett ved sametingsvalet i år. Dette er 1 118 fleire enn i 2009-valet. Største valkrinsen er Àvjorvarì der 3 620 har røysterett, minste er Sørsamisk valkrins med 970 røysteføre.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB