3 756 400 har røysterett ved stortingsvalet

3 756 400 veljarar har røysterett ved stortingsvalet i år, viser nye tal frå statistikken Stortingsvalet, personar med røysterett. I høve til stortingsvalet i 2013 er dette ein auke på 112 800 røysteføre.

Veljarskaren er blitt litt eldre

Det er i aldersgruppa over 45 år at auken har skjedd, og særleg blant dei mellom 67 og 79 år kor talet på røysteføre har auka med om lag 80 000 veljarar. I aldersgruppa mellom 45 og 66 år er det 35 300 fleire røysteføre.

Aldersgruppa over 67 år utgjorde 18 prosent av dei røysteføre ved stortingsvalet i 2009, ved valet no i haust vil dei utgjere 21 prosent. Aldersgruppa 25-44 år utgjorde 34 prosent i 2009, i 2017 vil dei utgjere 31 prosent.

Figur 1. Prosentandel røysteføre i ulike aldersgrupper
Figur 1. Prosentandel røysteføre i ulike aldersgrupper
2009 2013 2017
18-24 år 12 12 12
25-44 år 34 32 31
45-66 år 36 37 36
67 åreller eldre 18 19 21
 

92 prosent av dei røysteføre hadde også røysterett i 2013

Det er i alt 248 500 røysteføre i aldersgruppa 18 til 21 år som kan røyste for fyrste gong ved stortingsvalet i september. Det er om lag same talet som ved førre stortingsval. Det er 38 200 personar med innvandrarbakgrunn som er fyrstegongsveljarar, dei fleste av desse er over 21 år. Dette er ein auke på 2 000 personar samanlikna med førre stortingsval. Til saman er 8 prosent av dei røysteføre fyrstegongsveljarar ved stortingsvalet i 2017.

Figur 2. Røysteføre etter fylke. Stortingsval
Figur 2. Røysteføre etter fylke. Stortingsval
2013 2017
Oslo 434200 457900
Akershus 393300 414600
Hordaland 357100 369900
Rogaland 308400 320900
Sør-Trøndelag 222000 231800
Østfold 208100 215600
Buskerud 193300 198300
Møre og Romsdal 187600 190800
Nordland 179400 181200
Vestfold 176200 180900
Hedmark 148000 149500
Oppland 142000 143200
Vest-Agder 126200 131600
Telemark 128200 129600
Troms - Romsa 118600 121400
Nord-Trøndelag 100000 102000
Aust-Agder 81800 84200
Sogn og Fjordane 78400 78700
Finnmark - Finnmárku 53400 54100

Flest røysteføre med innvandrarbakgrunn frå Pakistan, Irak, Vietnam og Somalia

259 900 innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre har røysterett ved stortingsvalet. I høve til stortingsvalet i 2013 er dette ein auke på 44 800 røysteføre. Den samla mengda røysteføre i denne kategorien har auka frå 6 prosent i 2013 til 7 prosent i 2017. Geografisk er gruppa røysteføre innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre størst i Oslo. I hovudstaden utgjer denne gruppa 19 prosent av de røysteføre, noko som er 2 prosentpoeng fleire sidan 2013. Dei fleste i denne gruppa er frå Pakistan, Irak, Vietnam og Somalia.

Figur 3. Talet på røysteføre etter landbakgrunn. Stortingsval
Figur 3. Talet på røysteføre etter landbakgrunn. Stortingsval
2013 2017
Pakistan 20161 23855
Irak 12563 17110
Vietnam 14402 16015
Somalia 11695 15350
Iran 11356 12666
Tyrkia 9304 10708
Bosnia-Hercegovina 9847 10507
Sri Lanka 8029 9601
Filippinene 6792 9239
Kosovo 7624 8826
Afghanistan 4864 8643
Thailand 3903 6695
Russland 5059 6395
India 5065 6298
Marokko 5188 6057