152269
152269
friartikkel
2013-12-05T13:57:00.000Z
no

Tenestehandel med utlandet for ikkje-finansiell sektor

Utanriks sjøfart i tenestehandelen

Publisert:

Sjøfartsnæringa er ei viktig og tradisjonsrik næring for Noreg, som i utgangspunktet er godt dekka av statistikk i SSB. Frå strukturundersøkinga vert det innhenta opplysningar om totale inntekter og kostnader for næringa. Det vert òg innhenta data for eksport og import av sjøfartstenester og annan tenestehandel for næringa gjennom undersøkinga utanrikshandel med tenester.

Bakgrunnen for denne artikkelen er at statistikken for utanrikshandel med tenester har gjennomgått ei omfattande metodeomlegging for korleis tal frå næringa utanriks sjøfart vert handsama og inkludert i statistikken. Omlegginga inneber eit skifte i bruk av datakjelde for utanrikshandel med tenester for sjøfartsnæringa og endringar i populasjon og utval samt estimeringsopplegg for korleis ein bereknar tal frå utvalet til å gjelde heile populasjonen.

Publisering av utanrikshandel med tenester starta som ei årspublisering for 2008 til 2010, der rapporterte tal frå eit utval føretak vart berekna til å gjelde heile populasjonen for tenestehandel for ikkje-finansielle føretak. Unntaket var tal for næringa utanriks sjøfart, som vart overført direkte frå strukturundersøkinga for sjøfart til undersøkinga om utanrikshandel med tenester. Etter publiseringa av år 2010 vart det teke ei avgjerd om å gå over til kvartalspublisering, samt å nytte rapporterte tal frå sjøfartsnæringa i undersøkinga utanrikshandel med tenester direkte, i staden for tal frå strukturundersøkinga. Då ein endra kjelde for tenestedata for næringa utanriks sjøfart, fekk ein – grunna skilnad i korleis undersøkingane definerer eksport og import av transporttenester – eit brot i nivå for næringa mellom dei to ulike kjeldene.

Tal for næringa utanriks sjøfart vart difor tekne ut av årspubliseringa for 2010 og kvartalspubliseringane fram til og med 1. kvartal 2013, medan ein arbeidde med ei utgreiing av kvaliteten på data for næringa utanriks sjøfart og kva for kjelde ein skulle velgje å bruke i publiseringa.

Utgreiinga synte at tenestedata for næringa utanriks sjøfart i dei to ulike undersøkingane var riktige, men at ulike definisjonar gjorde at dei ikkje kunne samanliknast direkte. Den generelle definisjonen av import og eksport av tenester i undersøkinga utanrikshandel med tenester byggjer på føresetnaden om at handelen går føre seg mellom norske og utanlandske føretak, det gjeld òg frakttenester. Alle tenester som vert levererte av rapportøren til selskap, filialar, fysiske personar eller andre einingar definerte som utlendingar, vert betrakta som eksport av tenester frå rapportøren. På importsida vert alle tenester leverte til rapportøren frå einingar definerte som utlendingar, betrakta som rapportøren sin import av tenester: til dømes tenester som vert aktiverte i balansen og avskrivne i løpet av ein tidsperiode. Både for import og eksport kan tenester leverast anten i Noreg eller i utlandet.

Tenesteundersøkinga byggjer på rekneskapa frå rapportørane, og eksport av sjøfartstenester vert såleis definert som ei fraktteneste betalt av ein utlending til ein innlending. I nasjonalrekneskapen og strukturundersøkinga vert eksport av sjøfartstenester derimot definert utifrå rørslene til skipet, uavhengig av kunde-/betalingsstraum. I praksis inneber dette mellom anna at frakttenester der vara vert levert til ein utlending, men er betalt av ein innlending, vil falle inn under eksportomgrepet i nasjonalrekneskapen, men ikkje i undersøkinga utanrikshandel med tenester.

Sidan statistikken frå og med 2. kvartal 2013 inneheld eit anna datagrunnlag for næringa utanriks sjøfart enn det som har vore nytta tidlegare, kan han ikkje samanliknast med tidlegare publiseringar.

Når næringa utanriks sjøfart vert inkludert, er det særleg næringshovudområdet transport og lagring som aukar. Dette gjeld både for import og eksport, gjennomgåande for alle kvartala i 2012 og 1. kvartal 2013.

I statistikken ser ein at fleire tenestetypar vert endra når næringa utanriks sjøfart vert inkludert. Årsaka er at ein stor andel av tenestehandelen innanfor desse tenestene går føre seg hjå føretak i næringa utanriks sjøfart, og verdien aukar når tal frå desse føretaka vert inkluderte i undersøkinga. Dette gjeld særleg tenester tilknytte sjøtransport og reiseverksemd samt leige av transportmiddel, maskinar og utstyr. Denne auken ser ein gjennomgåande for alle kvartala i 2012 og 1. kvartal 2013, både for import og eksport.

Tabell 1

Tabell 2

Samanheng med annan statistikk

Eksport og import av tenester i nasjonalrekneskapen (og utanriksrekneskapen) er meir omfattande enn berre tenestehandelen i ikkje-finansielle føretak. Nasjonalrekneskapen (og utanriksrekneskapen) dekkjer tenestehandelen som alle innanlandske sektorar har med utlandet. Dette gjeld i tillegg til ikkje-finansielle føretak òg finansielle føretak, hushald, ideelle organisasjonar og offentleg forvaltning. I tillegg til denne skilnaden i omfang er det einskilde skilnader når det gjeld definisjonar. Dei viktigaste er at nasjonalrekneskapen (og utanriksrekneskapen):

  • inkluderer verdien av godsfrakter i samband med import av varer i vareverdien ( CIF-verdi ), og ikkje som tenesteimport. I undersøkinga utanrikshandel med tenester skal alle transporttenester som er utførte av utanlandske føretak i samband med vareimport for Noreg, takast med. Dette gjeld etter at vara har kryssa grensa til det eksporterande landet. Transporttenester som er utførte av utlendingar på vegner av nordmenn i og mellom andre land, skal òg rapporterast.
  • inkluderer verdien av fraktene til norske rederi i samband med eksport av varer frå Noreg – uavhengig av kven som   betaler for oppdraget, medan utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak inkluderer berre slike frakter dersom ein utlending betaler for frakta.
  • bereknar import og eksport av forsikringstenester som ein del av premiebetalingane
  • inkluderer konvensjonelle berekningar av import og eksport av indirekte målte banktenester (rentemarginar)
  • omdefinerer einskilde vareprodukt til tenester dersom vareverdien er dominert av eit tenestepåslag
  • inkluderer konvensjonelt berekna eksport- og importstraumar i tråd med eigardelen til Noreg i det felles nordiske flyselskapet SAS.
  • Ein annan skilnad er at fraktinntekter i utanriks sjøfart i utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak vert fordelte på land med utgangspunkt i betalingsstraumar, medan det i utanriksrekneskapen er nytta informasjon om rørslene til skipa (anløpsstatistikk). Alle desse tilhøva inneber at tala i statistikken over utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak ikkje kan samanliknast direkte med tala for eksport og import av tenester i tabellane frå utanriks- og nasjonalrekneskapen.

Figuren under syner samanhengen mellom dei ulike statistikkane, og at utanriksrekneskapen og nasjonalrekneskapen inneheld tal frå fleire kjelder enn statistikken over utanrikshandel med tenester, som berre inneheld tal for ikkje-finansielle føretak.

sjøfart-2013-12-06-01

Om tabellar i Statistikkbanken

Statistikkbanken inneheld to sett med tabellar:

  • eitt sett inneheld tal frå 1. kvartal 2011 og til og med 1. kvartal 2013, desse tala er ekslusive næringa utanriks sjøfart (denne tidsserien er avslutta)
  • eitt sett som går fra 1. kvartal 2012 og inneheld tal for alle ikkje-finansielle føretak, det vil seie inklusive næringa utanriks sjøfart. Denne tidsserien vil bli oppdatert vidare

Populasjon og estimering

Populasjon 2013

Populasjonen for 2013 til undersøkinga om utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak tek utgangspunkt i alle føretak inklusive næringa utanriks sjøfart. Sidan mange føretak ikkje har tenestehandel med utlandet, er det gjort ein reduksjon av populasjonen, slik at føretak med svært liten eller ingen tenestehandel med utlandet vert fjerna. Føretaka ein då står att med, skal opppfylle eitt av følgjande fem kriterium for å kunne bli inkludert i denne svært avgrensa populasjonen:

  • Total utgåande- eller inngåande transaksjonar over NOK 500 000, eller utgåande transaksjonar for tenesteimport over NOK 50 000 i Valutaregisteret
  • Føretaket er eit FATS-føretak
  • Føretaket har vore med i utvalet i minst 4 år og har hatt tenestehandel
  • Føretak innanfor bergverksdrift og utvinning som har felles momsnummer med føretak som oppfyller det første kriteriet
  • Føretaket høyrer til næringa utanriks sjøfart og har omsetning over NOK 5 000 000

Når vi fjernar alle føretak som ikkje oppfyller minst eitt av dei fem kriteria, står ein att med om lag 33 000 føretak. Frå denne populasjonen er det trekt eit utval på omlag 3 400 føretak. Om lag 700 av desse er fulltelte, dei dekkjer ein del av populasjonen der alle er telte. Resten av føretaka, rundt 2 700, er trekte enkelt stratifisert. Dei føretaka som er fulltelte, høyrer til ei gruppe der ein reknar som svært sikkert at dei har tenestehandel med utlandet. Stratuma er definerte ved hjelp av næring, kor viktig næring er for tjenestehandel, tal frå valutaregisteret og inndeling etter "FATS/ikkje-FATS"-føretak.

Populasjon 2012

Med unntak av næringa utanriks sjøfart er populasjonen for 2012 vorte bestemt etter same opplegget som for 2013. Altså brukar ein berre dei fire første kriteria til å redusere populasjonen kraftig til føretak som har mykje høgare sjanse for å ha tenestehandel. For næringa utanriks sjøfart er populasjonen redusert til føretak med omsetning over NOK 5 000 000.

Estimering i 2013

Tenestehandelen vert estimert med ein stratifisert enkel oppblåsing for heile utvalet. For kvart stratum vert utvalet blåst opp til ein stratumtotal ved å multiplisere gjennomsnittleg rapportert tenestehandel med antalet føretak i stratumet. 

Estimering i 2012

For utvalet unntatt for utanriks sjøfart vert det nytta same enkle oppblåsinga i 2012 som i 2013. For næringa utanriks sjøfart vert det nytta ein stratifisert rateestimator der ein brukar omsetninga i føretaka som forklaringsvariabel. For kvart stratum vert utvalet blåst opp til ein stratumtotal ved først å rekne ut forholdet mellom summert tenestehandel og summert omsetning i utvalet, etterpå vert dette forholdet multiplisert med den totale omsetninga i heile stratumet. Utvalet for utanriks sjøfart på rundt 300 føretak, inneheld både føretak som er fulltelte og føretak som er trekte stratifisert enkelt tilfeldig. Årsaka til å ha med fulltellingar er at vi skal sikre at ein del av føretaka med stor tenestehandel kjem med i utvalet. Stratuma er definerte ut frå næring og omsetning.

Kontakt