281827
/utenriksokonomi/statistikker/ufats/aar
281827
Flest norske dotterføretak ligg i Europa
statistikk
2017-02-15T08:00:00.000Z
Utenriksøkonomi
no
ufats, Norskkontrollerte føretaks aktivitet i utlandet, næringsinndeling (for eksempel industri, byggje- og anleggsverksemd, transport …), omsetting, sysselsetting, landinndeling.Fordringer og gjeld overfor utlandet , Utenriksøkonomi
true
Statistikken gir en oversikt over norsk næringsliv i utlandet. Du finner tall for sysselsetting og omsetning i verdensregioner og enkeltland.

Norskkontrollerte føretaks aktivitet i utlandet2015

Statistikken er basert på utval der dei største føretaka er med. Utvalet har auka sidan 2008, noko som vil påverke samanlikningar over tid.

Innhald

Publisert:

Flest norske dotterføretak ligg i Europa

Norske selskap kontrollerte 4 513 føretak i 124 land i 2015. Døtrene i utlandet hadde ei samla omsetning på 1 280 milliardar kroner og over 280 000 sysselsette. Sidan 2014 har total omsetning auka med 4,9 prosent. 70 prosent av dotterselskapa held til i Europa.

Norskkontrollerte føretak i utlandet
2015
FøretakOmsetning (mill. kr)Sysselsette
Alle land4 5131 279 956280 275
Europa3 144734 689164 762
Afrika11049 2364 358
Asia636178 78454 993
Nord- og Mellom-Amerika413218 89932 128
Sør-Amerika13581 77520 130
Oseania7516 5723 904

Den geografiske fordelinga av norskkontrollerte føretak, som er illustrert i figur 1, viser at Europa hadde den største førekomsten av døtrer, med 3 144 føretak. Vidare står Asia og Nord- og Mellom-Amerika for høvesvis 14 og 9 prosent av døtrene. Figur 2 viser at Europa dessutan var den verdsdelen med flest sysselsette og høgast omsetning, etterfølgt av Asia og Nord- og Mellom-Amerika. Av dei 4 513 utanlandske føretaka var 3 746 òg inkluderte i utvalet for 2014, medan 767 føretak er nye i utvalet for 2015.

Halvparten av omsetninga i seks land

Det var nokre utvalde land som skilde seg ut og stod for over halvparten av omsetning totalt i verda og nesten halvparten av dei sysselsette. I figur 3 ser ein omsetninga i 2014 og 2015 fordelt på dei seks utvalde landa. Sverige og USA var dei landa med størst omsetning. På dei neste plassane kom Danmark, Tyskland, Brasil og Storbritannia. Når det gjeld sysselsette, var òg Sverige og USA størst. Deretter kom Brasil, Danmark, Storbritannia og Tyskland.

Fem konsern står for halvparten av omsetninga

Utvalet til statistikken var dominert av eit mindre tal store konsern. I utvalet for 2015 hadde Noreg 666 konsern med døtrer i utlandet. Fem av konserna stod, med sine 379 døtrer, for over 50 prosent av omsetninga.

Flest føretak med få sysselsette

Figur 5 viser omsetning og tal på norskkontrollerte føretak i utlandet grupperte etter tal på sysselsette. Det var flest føretak med 10 eller færre sysselsette, og færrast føretak med over 250 sysselsette. Føretak med fleire enn 250 sysselsette stod for ei total omsetning på 500 milliardar kroner og hadde den høgaste omsetninga per føretak.

RevisjonÅpne og lesLukk

2014 og 2015 er revidert.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB