219129
/utdanning/statistikker/utfolk/aar
219129
Alder verkar inn på val av fag
statistikk
2015-03-24T10:00:00.000Z
Utdanning
no
utfolk, Folkehøgskolar (opphørt), deltakere, årselever, hovedemner (for eksempel språkfag, servicefag, samfunnsfag), utenlandske statsborgereVoksenopplæring , Utdanning
true

Folkehøgskolar (opphørt)2014

SSB publiserer tall for langkurs på folkehøgskoler i statistikken Videregående opplæring og annen videregående utdanning

Innhald

Publisert:

Alder verkar inn på val av fag

I alt var det 17 700 deltakarar på kortkurs ved folkehøgskolane i 2014, og dei fleste deltok på estetiske fag og handverksfag. Åtte av ti av dei som deltok på estetiske og handverksfag var over 40 år. Tala viser ein klar aldersfordeling i val av fag.

Deltakarar på folkehøgskolar, kortkurs
AntallProsent
20142013 - 20142011 - 2014
I alt17 714-4,0-7,0
 
Menn
19 år eller yngre5696,42,9
20-29 år983-4,43,3
30-39 år536-20,5-10,4
40-49 år815-17,8-3,3
50 år eller eldre3 497-9,1-11,2
 
Kvinner
19 år eller yngre7840,33,6
20-29 år1 3944,718,4
30-39 år974-1,76,8
40-49 år1 756-5,83,5
50 år eller eldre6 4060,01,7
Figur 1. Deltakarar på kortkurs ved folkehøgskolar, etter hovudemne og alder

Hovudemnet med flest deltakarar på kortkurs ved folkehøgskolane, både kvinnelege og mannlege, er estetiske fag og handverksfag, med over 6 300 deltakarar. Slik som tidlegare år er humanistiske fag, trus- og livssynsfag og helse-, sosial- og idrettsfag dei nest mest populære faga. Det er dessutan ei klar aldersfordeling i kven som deltek på kva fag. Til dømes er 64 prosent av dei som deltek på organisasjons- og leiingsfag under 40 år, medan alle som deltek på økonomi -og IKT-fag er over 40 år. 

Kvinner over 50 i fleirtal

Fleirtalet – 64 prosent av deltakarane – er kvinner, og 56 prosent er 50 år eller eldre. Sidan 2013 har det vore nesten 700 færre mannlege deltakarar, medan talet på kvinnelige deltakarar ikkje har endra seg nemneverdig.

Når kjønn og alder sjåast i samanheng utgjer kvinner i alderen 50 år eller eldre den største gruppa av deltakarar – 36 prosent. Menn i alderen 50 år eller eldre er også relativt høgt representerte blant deltakarar på kortkurs – med om lag 20 prosent. Det har likevel vore nesten 800 færre menn på 50 år og eldre på kortkurs dei siste to åra. Det har samstundes vore litt færre menn i den yngre aldersgruppa. 

Færre deltakarar i Nordland

Nordland hadde 3 800 deltakarar i 2014, og er framleis det fylket med flest deltakarar på sine folkehøgskolar. Det har likevel vore nesten 1 200 færre deltakarar, eller ein nedgang på 24 prosent, i dette fylket sidan 2013. Elles har Vestfold, Hordaland og Møre og Romsdal mange deltakarar, sjølv om førstnemnde har hatt ein liten reduksjon i talet. 

Færre utanlandske deltakara

I 2014 var det om lag 1 100 utanlandske deltakarar på kortkurs, og det er ein nedgang på 18 prosent sidan året før. Sjølv om svenskane utgjer den største gruppa av utanlandske deltakarar, har talet på deltakarar frå Sverige gått ned med heile 400 sidan 2013. Dei nest største gruppene med utanlandske deltakarar er frå Danmark og Russland, og dei danske deltakarane er den gruppa som har auka mest sidan 2013.