15370_om_not-searchable
/utdanning/statistikker/barnegenniv/aar
15370_om
statistikk
2015-06-29T10:00:00.000Z
Utdanning;Priser og prisindekser
no
false
Statistikken viser månedspriser for opphold i kommunal eller privat barnehage i de enkelte fylkene.

Foreldrebetaling i barnehagar2015, januar

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Foreldrebetaling i barnehagar
Emne: Utdanning

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for prisstatistikk

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Friplass: Ein friplass er ein gratis barnehageplass. Ulike vilkår kan liggje til grunn for friplassane.

Makspris: Myndigheitene bestemmer den høgste prisen hushalda skal betale per barnehageplass.

Tilleggsutgifter: Utgifter for ulike aktivitetar, utflukter og arrangement som i somme tilfelle kan tilkomme utover sjølve opphaldsbetalinga og kostpenger.

Gratis kjernetid: Dette inneberer at barnet har et visst antal timar gratis i barnehagen. Dersom barnet berre nyttar seg av seg av desse timane, vil ein ha gratis barnehage.

Standard klassifikasjonar

Inndeling på kommune- og landsnivå.

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Publisering av nivåtall på kommune- og landsnivå.

Kor ofte og aktualitet

Hyppigheit: årleg undersøking

Aktualitet: Statistikk basert på januartal vert publisert om lag tre månader etter måletidspunkt.

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Grunnmaterialet lagrast i excel og i SAS datasett på Linux.

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet med denne statistikken er å kartleggja gjennomsnittsnivået på faktisk foreldrebetaling for barnehageplass. Undersøkinga vart etablert i 1992 på oppdrag frå Barne- og Familiedepartementet (no Kunnskapsdepartementet). Undersøkinga vert utarbeida på data innsamla i januar kvart år. Frå januar 2003 vart dei aggregerte størrelsane for dei kommunale og private barnehagane vekta. I notat utgjeve til og med august 2002 vart det berre nytta uvekta snitt i berekningane. Frå og med januar 2003 skilde ein ikkje lenger mellom private barnehagar som mottar kommunalt tilskot og dei som ikkje mottar kommunalt tilskot. I 2007 gjennomgjekk undersøkinga ei større omlegging og det vart lagt om til ei fullteljing blant kommunane basert på elektronisk datafangst gjennom KOSTRA. Skjemaet til kommunane vart noko utvida i 2007 med fleire spørsmål for tilleggsutgifter og moderasjonsordningar i barnehagane. Skjema til de private barnehagane vart også noko utvida, og omfatta i stor grad dei same spørsmåla som til kommunane. Frå og med januar 2016 gjekk ein over frå KOSTRA til BASIL, noko som utvida datamaterialet betydeleg. Ein fekk med dette sjølvstendig rapportering frå alle barnehagar i landet.

Brukarar og bruksområde

Undersøkinga nyttast til å sjå på gjennomsnittleg foreldrebetaling i barnehagar. Statistikken nyttast blant anna av UDIR.

Likebehandling av brukere

Ikkje relevant

Samanheng med annan statistikk

Det vert utarbeida ein rapport på bakgrunn av same datamateriale som denne statistikken. Same datagrunnlag inngår også i Konsumprisindeksen.

Lovheimel

Statistikkloven av 16.juni 1989 nr. 54 , §§2-1, 2-2 og 2-3

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Undersøkinga omfattar alle kommunar i landet, og alle barnehagar, uavhengig av eigar.

Datakjelder og utval

Elektroniske dataskjema i BASIL for alle registrerte barnehager, og alle kommuner.

Datainnsamling, editering og beregninger

Både kommunar og barnehagar rapporterer på elektronisk skjema via BASIL. Rapporteringen er årleg, med frist i januar.

Revisjon skjer i SAS for både dei kommunale og dei private barnehagane. Data  vert sjekka opp mot førre data ved førre måling for å kunne fange opp avvik. Ved store avvik eller opplagte feil nyttast internett som kontrollkjelde og/eller den enkelte kommune/private barnehage kontaktast.

Det vert berekna ein gjennomsnittleg foreldrebetaling per barn ut frå det me får inn av data. Her tek ein omsyn til inntekta til hushalda, kor mange barn som får søskenmoderasjon, friplasser, lokale makssatsar, kostpengar og andre tilleggsutgifter.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Bruk av innsamla data frå oppgåvegjevarane vil skje i samsvar med krav stilt av Datatilsynet. Opplysningane vil bli oppbevart og eventuelt tilintetgjort på en forsvarleg måte.

Samanlikningar over tid og stad

Foreldrebetalinga i dei kommunale barnehagane er samanliknbare frå 1992 og fram til 2007 på kommunenivå. Dei aggregerte størrelsane er derimot ikkje direkte samanliknbare tilbake i tid grunna innføringa av vekter i januar 2003. Frå og med januar 2017 vart tidligare tidsseriar avslutta, då innføringa av nasjonale inntektsgraderte satsar gjer punktestimat mindre interessante. 

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Enkeltfeil kan oppstå ved at somme av dei som rapporterer oppfattar enkelte spørsmål forskjellig, eller at ein har delvis fråfall ved rapportering. I enkelte tilfelle vil dette vera vanskeleg å oppdage under revidering, medan ein i andre tilfelle plukkar dette opp gjennom logiske kontrollar og store relativar. Vi har derimot ingen indikasjonar på at vi har et systematisk problem med denne typen feil.

Sidan det er fullteljing av alle kommunar og alle barnehagar skal det i utgangspunktet ikkje vera problem med skeivt utval. I januar 2018 rapporterer om lag 2,9% av alle barnehagar at dei ikkje har barn i barnehagen. Eit stort fleirtal av desse er såkalla opne barnehagar, der barna ikkje har fast plass. Desse barnehagane veit me lite om, og inngår ikkje i berekningane. Men sidan det er ein såpass låg andel av barnehagane skal ikkje dette vera eit stort problem.

Revisjon

Ikkje relevant