15320_om_not-searchable
/utdanning/statistikker/barnegenend/aar
15320_om
statistikk
2016-02-10T10:00:00.000Z
Utdanning;Priser og prisindekser
no
true
Statistikken viser endringer i satser, kostpenger og annen foreldrebetaling i kommunale og private barnehager. Fra 2015 til 2016 falt kommunale barnehagepriser 0,5 prosent.

Eigenbetaling i barnehagar, endringstal2016, Januar

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Eigenbetaling i barnehagar, endringstal
Emne: Utdanning

Ansvarleg seksjon

Seksjon for prisstatistikk

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Flate satsar: betalingssatsar som er uavhengig av hushaldninga si inntekt.

Inntektsgraderte satsar: betalingssatsar som varierar jamfør hushaldninga si inntekt.

Eigenbetaling i barnehagar: utgifter ei hushaldning har til barnehageplass.

Standard klassifikasjonar

Inndeling på regions- og landsnivå.

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Publisering av endringstal på regionalt og nasjonalt nivå.

Kor ofte og aktualitet

Førekomsttal: Årlig undersøking

Aktualitet: Den årlige statistikken publiserast om lag ein månad etter måletidspunktet.

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Grunnmaterialet lagrast i SAS datasett på Unix.

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet med denne statistikken er å kartlegge utviklinga i foreldrebetalinga i barnehagar. Undersøkinga er ein delindeks som inngår direkte i konsumprisindeksen . Statistikken vart etablert i 1985. Frå 2013 målar undersøkinga foreldrebetalinga per 15. januar og inngår i konsumprisindeksen for denne periode. Før 2013 var undersøkinga halvårleg, per januar og august. Frå 2004 vart vekta gjennomsnitt nytta. Frå 2007 innhentast kommunale betalingssatser elektronisk gjennom KOSTRA. Frå januar 2010 er det tilnærma fulltelling av kommunane i landet.

Brukarar og bruksområde

Endringstala nyttast til å sjå på utviklinga i barnehagesatsane på regions- og landsnivå. Statistikken nyttast framfor alt som ein delindeks i konsumprisindeksen .

Samanheng med annan statistikk

Undersøkinga inngår i konsumprisindeksen og er basert på same datamateriale som vert rapportert til Kunnskapsdepartementet.

Lovheimel

Statistikkloven av 16.juni 1989 nr. 54 , §§2-1, 2-2 og 2-3

EØS-referanse

Inga

Produksjon

Omfang

Undersøkinga omfattar alle landet sine kommunar. Kommunane vert bedne om å gje fyljande opplysningar for kommunale barnehagar:

Tal på timar per veke for fulltids- og deltidsopphald

Månadleg foreldrebetaling for fulltids- og deltidsopphald

Moderasjon for sysken nr. to og tre

Eventuelle kostpengar og andre tilleggsutgifter

Tal på gonger i året foreldra vert avkrevd betaling for barnehageplassen

Eventuelle rabatt-/friplassordningar

I tillegg består undersøkinga av om lag 250 private barnehagar som vert bedne om å rapportere tilsvarande opplysningar for eit fulltidstilbod.

Datakjelder og utval

Skjemadata fra private barnehagar og elektronisk data frå kommunene.

Frå Januar 2007 vert elektronisk data samla inn for kommunale barnehagar gjennom KOSTRA dette innebærer fulltelling av kommunane. Dei private barnehagane vert trekt tilfeldig etter stratifisering på geografisk område.

Datainnsamling, editering og beregninger

Både kommunane og dei private barnehagane rapporterar halvårleg med svarfrist i januar og august. Kommunane rapporterar elektronisk medan dei private barnehagane rapporterar postalt. Purring via e-post for kommunane og purring via brev, eventuelt telefon, for dei private barnehagane avhengig av storleiken på fråfallet.

Skjemaa frå både dei private- og kommunale barnehagane lesast elektronisk inn i sas rekneark og vert revidert der. Dataa sjekkast opp mot data frå sist år og sist måling for å kunne fange opp avvik. Ved store avvik kontaktast den enkelte kommune/private barnehage gjennom Internett eller per telefon.

Det vert berekna indeksar for årsbetaling inkludert kostpengar og andre tilleggsutgifter for barn over tre år i kommunale og private barnehagar. For dei kommunale barnehagane bereknast ein indeks for både fulltids- og deltidstilbod som vektast saman til ein indeks for kommunen. Indeksane på kommunenivå vektast saman til geografiske områder og til landsnivå etter tal på barn i kommunal barnehage. Indeks på landsnivå inngår i konsumprisindeksen . Betalingssatsane som målast er i henhold til kommunane sine eigne betalingssystem, og for kommunar med inntektsgradert betalingssystem vektast dei ulike satsane på ulike inntektsnivå saman på bakgrunn av inntektsstatistikk for småbarnsfamiliar i den enkelte kommune. Indeks for årsbetaling i private barnehagar bereknast på bakgrunn av betalingssatsar for fulltidstilbodet. For barnehagar med inntektsgraderte satsar vektast også disse saman på basis av same inntektsstatistikk som for kommunane. Dei private barnehagane er stratifisert etter geografiske områder og innad i disse sonene bereknast uvekta aritmetiske gjennomsnitt av årsbetalingane. Indeksar for de ulike geografiske områda vektast saman til et landsnivå etter tall på barn i privat barnehage og inngår i konsumprisindeksen. Det bereknast også ein vekta indeks for barn i både kommunale og private barnehagar.

Konfidensialitet

Bruk av innsamla data fra oppgavegjevarar vil skje i samsvar med dei krav frå Datatilsynet. Opplysningane vil oppbevarast og eventuelt tilintetgjerast på en forsvarleg måte.

Samanlikningar over tid og stad

Endringstal for dei kommunale barnehagane har i perioden 1992 og 2006 vore basert på ei utvalgsundersøking på 109 kommunar. Frå august 2007 er disse endringstala basert på tilnærma fulltelling. Spørreskjemaa er også noko utvida frå 2007 til no å også inkludere spørsmål om til dømes tilleggsutgifter.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Det er ikkje gjort noko kartlegging av moglege feilkjelder i statistikken, men feil kan oppstå ved manuell utfylling. Lesefeil og pønsjefeil er imidlertid ofte openbare feil som fangast opp og rettast under revisjon. Data fra kommunane innhentast elektronisk, og det er lagt inn logiske kontrollar som slår ut på moglege feil.

Høgare svarprosent blant kommunane enn blant dei private barnehagane. Ved utløp av fristen ligg svarprosent på rundt 60 prosent for de private barnehagane, etter purring ligger svarprosent på rundt 90 prosent for disse.

Det er ikkje gjort berekningar av utvalgsfeil i undersøkinga.