Rapporter 2015/30

Undersøking om foreldrebetaling i barnehagar, januar 2015

Denne rapporten er ein oppdatering per 2015. Det blir kartlagt nivå på foreldrebetaling i barnehagar og kva for betalingsreglar som er knytte til barnehagane.

I januar 2015 kosta eitt års fulltidsopphald i ein kommunal eller ein privat barnehage snaut 25 200 kroner i gjennomsnitt. Kostpengar og tilleggsutgifterkom i tillegg.

Føremålet med denne undersøkinga er å kartleggje nivået på foreldrebetaling i barnehagar og kva for betalingsreglar som er knytte til barnehagane.

Undersøkinga er blitt gjennomført sidan 1992.

Rapporten byggjer først og fremst på tal frå KOmmune-STat-Rapportering (KOSTRA), men inneheld òg opplysningar om dei private barnehagane.

Dei viktigaste funna i rapporten er omtala i ein eigen artikkel .

Arbeidet med rapporten er finansiert av Utdanningsdirektoratet (Udir).

Om publikasjonen

Tittel

Undersøking om foreldrebetaling i barnehagar, januar 2015

Ansvarleg

Leiv Tore Salte Rønneberg

Serie og -nummer

Rapporter 2015/30

Utgivar

Statistisk sentralbyrå

Oppdragsgivar

Utdanningsdirektoratet (Udir)

Emne

Barnehager

ISBN (elektronisk)

978-82-537-9173-9

ISBN (trykt)

978-82-537-9173-9

ISSN

1892-7513

Tal sider

23

Målform

Nynorsk

Om Rapporter

I serien Rapporter publiseres analyser og kommenterte statistiske resultater fra ulike undersøkelser. Undersøkelser inkluderer både utvalgsundersøkelser, tellinger og registerbaserte undersøkelser.

Kontakt