Overnattingar

Oppdatert

Neste oppdatering

Foreløpig ikkje fastsett

Overnattingar
Mai 2021Mai 2020 - Mai 2021
OvernattingarDel av overnattingarEndring i prosent
I altnorskeutanlandskeI altnorske overnattingarutanlandske overnattingar
Overnattingar i alt1 579 49893,496,5149,750,144,1
Kommersielle overnattingsverksemder1 562 16093,436,5751,752,245,2
Hotell og liknande overnattingsbedrifter791 82590,319,6976,680,050,5
Campingplassar638 37198,911,0922,222,6-6,9
Hyttegrender og vandrarheimar131 96485,6614,34122,9140,555,2
Ikkje-kommersielle overnattingsverksemder
Formidling av private fritidsbustader17 33898,361,64-30,4-29,4-62,9

Sjå utvalde tabellar frå denne statistikken

Tabell 1 
Kommersielle overnattingsverksemder. Gjester, overnattingar og gjennomsnittleg overnattingar per gjest

Kommersielle overnattingsverksemder. Gjester, overnattingar og gjennomsnittleg overnattingar per gjest
Mai 2021Mai 2021Mai 2021
GjesterOvernattingarGjennomsnittleg overnattingar per gjest
NoregUtlandetNoregUtlandetNoregUtlandet
1Svalbard er ikkje definert som fylke i lovens forstand, men i offisiell statistikk vert Svalbard behandla på lik linje med dei andre fylka i Noreg
Heile landet588 49630 2971 459 589102 5712,53,4
Viken53 6565 131181 30912 5353,42,4
Oslo38 6775 50092 99915 1392,42,8
Innlandet55 824874148 1162 9452,73,4
Vestfold og Telemark46 5651 582186 8694 9524,03,1
Agder56 9331 400129 0542 7982,32,0
Rogaland49 7203 890109 82115 7232,24,0
Vestland107 6975 748222 00122 8022,14,0
Møre og Romsdal40 3861 39397 1438 1402,45,8
Trøndelag - Trööndelage57 8872 093128 2069 2312,24,4
Nordland42 7021 05083 7433 6792,03,5
Troms og Finnmark - Romsa ja Finnmárku36 8021 59574 5204 5242,02,8
Svalbard11 647415 8081033,52,5

Tabell 2 
Kommersielle overnattingsverksemder. Overnattingar fordelt på bustadsland, utvalde land

Kommersielle overnattingsverksemder. Overnattingar fordelt på bustadsland, utvalde land
Mai 2021Endring frå same månad året før
OvernattingarProsent
I alt1 562 16051,7
Noreg1 459 58952,2
Utlandet i alt102 57145,2
Danmark8 02218,8
Finland1 17599,2
Sverige14 60320,5
Belgia126-13,7
Frankrike1 45763,7
Italia2 297156,4
Nederland2 329145,7
Polen22 908196,0
Russland88061,2
Storbritannia9 121-36,6
Spania2 694154,2
Sveits30474,7
Tyskland4 796105,4
Østerrike657438,5
India761-55,8
Japan44-58,5
Kina52-39,5
Sør-Korea12200,0
USA9 08140,6
Australia47-81,4

Tabell 3 
Kommersielle overnattingsverksemder. Hotell, campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar fordelt på fylke

Kommersielle overnattingsverksemder. Hotell, campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar fordelt på fylke
Mai 2021
Antal bedrifter
Hotell og liknande overnattingsbedrifterCampingplassarHyttegrender og vandrarheimar
1Svalbard er ikkje definert som fylke i lovens forstand, men i offisiell statistikk vert Svalbard behandla på lik linje med dei andre fylka i Noreg.
Heile landet861736572
Viken988754
Oslo43::
Innlandet10310779
Vestfold og Telemark607929
Agder484527
Rogaland593540
Vestland140110112
Møre og Romsdal576745
Trøndelag - Trööndelage948354
Nordland846771
Troms og Finnmark - Romsa ja Finnmárku68::
Svalbard17..

Om statistikken

Overnattingsstatistikken omfattar kommersielle overnattingar og overnattingar i private fritidsbustader leigd via norsk formidlar. Kommersielle overnattingar omfattar overnattingar på hotell, campingplassar, hyttegrender og vandrarheim. Kommersiell overnatting er ein viktig del av norsk reiseliv. Formålet er å kartleggje nivået og utviklinga for den kommersielle overnattingstrafikken så fullstendig som mogleg. Tal omfattar ikkje overnatting formidla via utanlandske selskap, Airbnb og liknande.

Kommersiell overnatting dekkjer både tilbod (tilgjengeleg kapasitet) og etterspurnaden av overnattingar kvar månad. Tal vert publisert på fylkesnivå, reiselivsregionar, kommunar og kommunegrupper andre område kan tingast.

Overnattingar i private fritidsbustader leigd via norsk formidlar vert publisert kvar månad på landsdelsnivå. Dette gjelder berre formidling av private fritidsbustader ikkje formidling av kommersielle verksemder.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

For alle overnattingsverksemder gjeld talet på verksemder som er registrerte som opne minst ein dag i perioden.

Kommersielle overnattingar. Omfattar overnattingar på hotell, hyttegrend, camping og vandrarheim.

Hotell og liknande overnattingsverksemder er verksemder som tilbyr overnatting, for ei natt eller fleire veker, kor det tilbys møblert overnatting i gjesterom eller suiter. Servicen gjeld dagleg reinhald av rom, men har ingen øvre avgrensingar i kva som blir tilbydt.

Bustadland: Internasjonale turistar skal klassifiserast i samsvar med det landet dei bur i, og ikkje i samsvar med statsborgarskap. Frå eit turismestandpunkt er kvar person som flyttar til eit anna land og har tenkt å bu der i meir enn eitt år, å sjå som tilhøyrande dette landet. Bustadland blir avgjort ved hjelp av spørsmål, eller for eksempel ved hjelp av adressa til personen, medan statsborgarskap går fram av personen sitt pass (eller anna legitimasjonsdokument).

Ei overnatting: Ein person som overnattar ei natt. Ein person kan ha fleire overnattingar på same stad.

Einingsdøgn: Ei eining (familie eller reisefølgje) som overnattar i ei hytte, leilegheit eller eit rom uavhengig av kor mange personar det er i eininga ei natt.

Ein ankomst er ein person som kjem for å overnatte. Ein personen blir tald berre ein gong, uavhengig av kor lenge personen blir.

Senger og rom på hotell gjeld talet på senger og rom i dei bedriftene som er registrerte som opne. Rom og senger er to ulike mål på kapasiteten ved eit hotell, fordi romma i ulik grad er enkelt- eller dobbeltrom. Eit hotell med til dømes berre dobbeltrom kan ha 100 prosent utnytting av romma, medan sengene berre er utnytta til 50 prosent.Kapasitetsutnytting av senger og rom kan såleis vise ulik utvikling frå ein periode til ein annan. 

Kapasitetsutnytting av senger i hotell er talet på overnattingar i prosent av talet på sengedøgn, der sengedøgn er talet på senger i hotellet multiplisert med talet på døgn som hotellet har vore ope i perioden.

Kapasitetsutnytting av rom i hotell er selde rom i prosent av romdøgn, der romdøgn er talet på rom i hotellet multiplisert med talet på døgn som hotellet har vore ope i perioden.

Losjiomsetning ved hotella er omsetning for overnattingar, altså ikkje omsetning for eventuell servering, sjølv om måltid er inkludert i prisen for opphaldet.
Med oppgåver over losjiomsetning, talet på overnattingar og selde rom, kan ein berekne gjennomsnittlege prisar både per overnatting og per rom. Nokre verksemder endrar kapasitet i året. Med opplysningar om senge- og romkapasiteten i verksemda dei ulike månadene, vert talet på senger og rom på års- eller sesongbasis berekna som eit månadleg gjennomsnitt.
1. januar 2016 og 1. Januar 2018 auka den låge meirverdiavgiftssatsen med 2 % frå høvesvis 8 til 10 % i 2016, og frå 10 til 12 % i 2018. Under koronapandemien i 2020, vart den låge merverdiavgiftssatsen redusert til 6 %, gjeldande frå 1. april og ut året. Det er i motsetning til serveringsomsetning som har 25 prosent. For å lette arbeidet som verksemda har med fordeling av pensjonsprisen mellom omsetning med låg og høg sats, kan verksemdene nytte Finansdepartementet sine forskrifter av 28. november 1977.

Formål for opphaldet.

Under inndelinga «Kurs eller konferanse» førast gjester som er på kurs eller konferanse, uavhengig av om kurset arrangerast på overnattingsstaden eller i området.

Under «Yrke» førast handelsreisande, offentleg ansatte, forretningsdrivande, montørar, reparatørar eller liknande som overnattar på hotell i samband med utføring av yrket.

Under «Ferie/fritid» førast antall overnattingar for gjester som har ferie og fritid som formål med opphaldet.

Familiemedlemmar som reiser saman med nokon som enten overnattar med «yrke» eller «kurs og konferanse» som formål føres også under dette formålet, sjølv om deira formål er ferie eller fritid. Årsaka til dette er at det er rimeleg å anta at dei ikkje ville utført denne overnattinga om det ikkje var for reisa som den yrkesreisande eller den som skal på kurs eller konferanse gjennomfører.

Hyttegrender er hytter, leilegheiter og rom som er tilrettelagd for sjølvstell og organisert som ei samling av enkeltståande einingar. Ved sjølvstell er graden av service vanlegvis redusert og inkluderer til dømes ikkje dagleg oppreiing av senger og vask av rom og eventuelle sanitæranlegg som hyttene måtte vere utstyrte med. Verksemdene må vere under felles leiing, med eigen resepsjon og drive på kommersiell basis.

Campingplassar er verksemder som tilbyr ein plass for campingbilar, bubilar, telt eller tilsvarande som kan nyttast til overnatting. Dei kan også tilby overnatting i hytter, men dersom dei berre har hytter blir de definert som hyttegrend.
Totalkapasitet for campingplassen er summen av alle hytter, rorbuer, leilegheiter og oppstillingsplassar for telt, campingvogn, bubil eller sesongkontraktar.

Sesongkontrakt: Campingvogn eller telt på fast kontrakt (sesongkontrakt) er leige av fast plass for vogn eller telt til ein pris uavhengig av kor mykje den er i bruk.

Private fritidsbustader: Private hytter, hus, leilegheiter, rom o.l. som primært er bygd/kjøpt for å tene eigars eige behov for fritid og rekreasjon, i motsetnad til hytter som er bygd for kommersielle formål.

Landsdel: Regionalt nivå mellom fylke og heile landet. Landsdelane er satt saman av fylker.

Standard klassifikasjonar

Undersøkinga nyttar Standard for næringsgruppering 2007 (SN2007) som standard klassifikasjon. Dette er en norsk tilpassing av EUs standard NACE som utgjer grunnlaget for klassifisering av einingar etter viktigaste aktivitet i SSBs virksomhets- og foretaksregister. Sjå NACE 55 (Overnattingsvirksomhet) i https://www.ssb.no/klass/klassifikasjoner/6.

Standard for fylke: https://www.ssb.no/klass/klassifikasjoner/104
Standard for kommune: https://www.ssb.no/klass/klassifikasjoner/131
Standard for reiselivsregionar: https://www.ssb.no/klass/klassifikasjoner/527
Standard for landsdel: https://www.ssb.no/klass/klassifikasjoner/106

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Overnattingar
Emne: Transport og reiseliv

Ansvarleg seksjon

Seksjon for næringslivets konjunkturer

Regionalt nivå

Fylke, landsdel, reiselivsregionar og kommune. Kommersielle overnattingar vert publisere for fylke, kommunar, kommunegrupper og reiselivsregionar. Formidling av private fritidsbustader leigd via norske formidlarar vert publisert for landsdelar. Ein kan tinge statistikk inndelt etter andre geografiske einingar. 

Kor ofte og aktualitet

Hyppigheit: Månad

Aktualitet: Om lag 3 til 4 veker etter utgangen av referansemånaden.

Internasjonal rapportering

Data vert rapporterte til Eurostat, FN og OECD.

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Mikrodata er lagra i Oracle-databasar, og som filer i SAS.

Bakgrunn

Føremål og historie

Kommersiell overnattingstrafikk er ein viktig del av norsk reiseliv. Formålet er å kartleggje nivået og utviklinga for den kommersielle overnattingstrafikken så fullstendig som mogleg.

Hotellstatistikken vart etablert i 1950. Campingstatistikken vart etablert i 1968. Hyttegrendstatistikken vart etablert i 1998. Statistikk over formidling av fritidsbustader vart etablert i 1999 (hytteformidling) Tal for vandrarheim vart publisert for første gong i SSB sin årlege publikasjon i 1965, men er tekne inn som ein del av den månadlege publiseringa frå og med juli 2002. Vandrerhjem blei slått saman med Hyttegrender frå 2020 for å kunne publisere tal på fylkesnivå for denne gruppa.

Tal for formidling av fritidsbustader er tekne inn som ein del av den månadlege publiseringa frå og med januar 2021. Frå og med januar 2020 er utvalet betydeleg utvida. Dette betyr at fleire bedrifter og overnattingar er registrert utan at det nødvendigvis betyr fleire reelle gjester og overnattingar via norske formidlarar samanlikna med åra før. Tall frå 2020 er difor ikkje direkte samanliknbare med tall før 2020. 

Brukarar og bruksområde

Statistikkane vert nytta av offentlege myndigheiter, organisasjonar, konsulentfirma og forskingsinstitusjonar innanfor reiselivet samt internasjonale organisasjonar som til dømes Eurostat. Kartlegginga av turisttilstrøyminga til Noreg er viktig som grunnlag for forsking og ikkje minst som oppfølging av marknadsføringa av Noreg i utlandet og som grunnlag for oppfølging av myndigheitene si satsing på reiseliv som vekstområde.

Internt i Statistisk sentralbyrå er Nasjonalrekneskapen ein sentral brukar.

Likebehandling av brukere

Ingen ekstern brukar har tilgang til statistikk før den er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter førehandsvarsling seinast tre månader før i  Statistikkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Samanheng med annan statistikk

Nasjonalrekneskapen nyttar hotellstatistikken i den kvartalsvise nasjonalrekneskapen. Hotellstatistikken sine tal for norske overnattingar vert nytta for å kvalitetssikre Reise- og Ferieundersøkinga.

Overnattingsstatistikkane vert nytta til utrekningar i den kvartalsvise omsetningsindeksen for samferdsel og reiseliv. I tillegg vert tala nytta til å kvalitetssikre strukturundersøkinga for hotell- og restaurant.

Lovheimel

Statistikkloven §10 og §20. 

EØS-referanse

Rådsforordninga (EU) nr. 1165/98 av 19. mai 1998 om korttidsstatistikk.
Forordninga (EU) nr. 692/2011.

Produksjon

Omfang

Statistikken omfattar hotell og andre overnattingsverksemder, camping, hyttegrender, vandrarheim (NACE 55.1 - 55.3) samt formidling av private norske hytter, hus, leilegheiter, rom og liknande.

Hotellstatistikken omfattar alle hotell og liknande overnattingsbedrifter (fullteljing).
Statistikken byggjer på månadsvise oppgåver over talet på overnattingar fordelte etter landet gjesten bur i og på gjesten sitt formål med opphaldet. Hotellene rapporterer også losjiomsetning, selde rom og ankomst fordelt på nordmenn og utlendingar.

Campingstatistikken omfattar alle plassar med ein kapasitet på minst 20 utleigeeiningar, oppstillingsplassar for campingvogner, bubilar, telt og eventuelle sengeplassar i hytter.

Hyttegrendstatistikken omfattar alle hyttegrender med ein kapasitet på minst 10 sengeplassar.

Alle vandrarheimar inngår i statistikken.

Formidling av private fritidsbustader omfattar alle norske formidlarar som formidlar gjester til private norske hytter, hus, leilegheiter, rom og liknande. Formidling av fritidsbustader lista via oppslagstavler, som til dømes finn.no inngår ikkje i statistikken. Det er berre overnattingar der bestillingar er gjort via formidlarar som inngår.

Statistikken for campingplassar, hyttegrender og vandrarheim byggjer på månadsvise oppgåver over enten talet på einingsdøgn eller overnattingar. Dei blir fordelt etter landet gjesten bur i. Dei rapporterer også ankomster dersom de kan rapportere overnattingar, medan dei rapporterer talet på innsjekkingar dersom de rapporterer einingsdøgn.

Statistikken for formidling av fritidsbustader byggjer på månadsvise oppgåver over talet på overnattingar. Dei blir fordelt etter gjestane sitt bustadsland og fylket dei overnatta i. Dei rapporterer også ankomster Ankomster nyttast berre for kontroll av logiske og matematiske feil.

Nasjonalitetsfordelinga for alle statistikkane er i samsvar med EUs direktiv for turismestatistikk.

Datakjelder og utval

Rapportering via ALTINN. Dette skjer gjennom sjølvutfylling av skjema eller via einingane sine bookingsystem.

Hotellstatistikken, vandrarheim og formidling av fritidsbustader er baserte på fullteljing, medan alle campingplassar med meir enn 20 utleigeeiningar og hyttegrender med meire enn 10 sengeplassar inngår i utvalet.

Datainnsamling, editering og beregninger

Svarfrist er 10 dagar etter utløpet av teljingsmånaden. Alle statistiske data vert kontrollerte for matematiske og logiske feil.

Det er om lag 2 prosent som ikkje svarer på undersøkinga. Det blir korrigert for dette fråfallet med bakgrunn i opplysningar frå andre som har svart.

Sesongjustering

I publiseringa for januar 2022 vart sesongjusterte tal for overnattingar og losjiomsetning publisert for fyrste gang. Grunnen er at det er ofte betydelege sesongvariasjonar i månadstal som gjer det vanskelege å direkte tolke utviklinga frå månad til månad. Klikk her for meir informasjon om kvifor tala sesongjusteres.

Overnattingsstatistikken sesongjusteres ved bruk av X-12 ARIMA metoden. Seriane blir kontrollert blant annet for høg og låg sesong, bevegelege heilagdagar og ekstreme verdiar. Se fanen «Om sesongjustering» for meir informasjon om korleis overnattingsstatistikken sesongjusteres.

 

Konfidensialitet

Ein offentleggjer ikkje tal dersom ei eining står for meir enn 90 prosent av innhaldet i ei celle i ein tabell, eller dersom to einingar står for minst 95 prosent av innhaldet i ei celle i ein tabell. Ein offentleggjer ikkje tal dersom færre enn tre einingar ligg til grunn for ei celle i ein tabell.

Årsaka er fare for identifisering ved at talet kan førast tilbake til oppgåvegjevar. Særleg gjeld dette ved offentleggjering av tal på mindre geografisk nivå, f.eks. kommunar og kommunegrupper der få verksemder står for brorparten av overnattingane utanfor den tradisjonelle sesongen. Ein løyser dette ved å undertrykke desse tala i tabellen.

Samanlikningar over tid og stad

Hotellstatistikken vart etablert i 1950. På grunn av endringar i omfang, kan ein ikkje samanlikne statistikken i heile perioden. I samband med endringa i hotellova i 1984 vart godkjenningsordninga oppheva og fleire hotell vart inkludert i statistikken. Det har vore fleire utvidingar, seinast i 2020. Ein kan likevel samanlikne hotellstatistikken frå 1985 til i dag.

Campingstatistikken vart etablert i 1968, omfanget er endra fleire gongar seinare. I 1988 vart det etablert eit register med opplysningar om opningstid og kapasitet for alle plassane som gjorde det mogleg å berekna tal for dei som ikkje har svart. I 1998 vart omfanget utvida samt at også overnattingar ved bruk av sesongkontrakter vart registrerte i statistikken. Campingstatistikken vart utvida til månadleg publisering. Overnattingsstatistikken for campingplassar kan samanliknast frå 1998.

Hyttegrendstatistikken vart etablert i 1998 Overnattingsstatistikken for hyttegrender kan samanliknast frå 1998.

Statistikk over formidlinga av private fritidsbustader vart etablert i 1999 som hytteformidling. Utanlandske formidlarar var med i statistikkgrunnlag fram til 2005. Statistikklova heimlar ikkje statistikkplikt for dei utanlandske formidlarane. Det er frivillig å rapportera for utanlandske formidlarar. Frå 2006 rapporterer berre formidlarar som enten er norske eller utanlandske som har verksemd i Noreg. Frå og med januar 2020 har utvalet auka. På grunn av endringar i omfang, kan ein ikkje direkte samanlikne statistikken i heile perioden.


Tal for Svalbard vart inkludert i 2013.


I januar 2013 vart produksjonsrutinane vesentleg endra. Ein fekk ny nedre grense for å vere med i statistikken (cut off) basert på internasjonale retningsliner. Overnattingsverksemder i Virksomhets- og foretaksregisteret utgjer populasjonen. Dette førte til at vesentleg fleire verksemder kom med i statistikken.


Frå januar 2017 er rapporteringa til overnattingsstatistikken lagt om til Altinn. I samband med omlegginga vart det gjort endringar i skjema. Ved overgangen til Altinn, utvida SSB landlista. Alle europeiske land vart nå dekket av statistikken Kategorien "Europa elles" vart fjerna. I tillegg har fleire land vorte inkludert i statistikken over tid, som har påverka kategorien «Asia elles». Det vart òg høve til å rapportere via sluttbrukarsystem (typisk bookingsystem).


SSB arbeider kontinuerleg for å betre innrapporteringa, og kvaliteten på statistikken vil gradvis bli betre.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Målefeil er skilnaden mellom sann verdi og målt verdi. Feilen er knytta til ein enkeltmåling. Den har talverdi og fortekn. Målefeil kan skuldast spørjeskjemaets utforming eller oppgåvegjevar sitt system for innhenting av informasjon. Innføring av elektronisk rapportering har bidrege til å redusere omfanget av målefeil da logiske kontrollar er integrert i spørjeskjemaet. I tillegg er det lagt ned store ressursar i betre skjemadesign.

Bearbeidingsfeil er feil som oppstår under databehandlinga i SSB. Typiske eksempel er at korrekte tall blir vurdert som uriktige av revisor og blir feilaktig retta. Elektronisk rapportering av skjemadata (via Altinn-portalen) reduserer faren for bearbeidingsfeil.

Fråfallsfeil er feil som enten kjem av einingsfråfall, det vil seia at eininga har unnlate å svara, eller partielt fråfall, det vil seia at eininga har unnlate å svara på minst eit av spørsmåla i undersøkinga. For overnattingsstatistikken er einingsfråfallet på under 3 prosent ved endeleg produksjonsfil. Kritiske einingar, det vil seia verksemder med vesentleg innverknad på resultata på detaljert nivå, blir kontakta i forkant av publisering. Det er rekna på effekten av einingsfråfall i undersøkinga. Det er ikkje avdekt systematiske skeivheiter. Partielt fråfall (felt utan svar er ikkje mogleg for innsending via Altinn.

Utvalsfeil er feil som oppstår fordi statistikken er basert på eit tilfeldig utval og ikkje på heile populasjonen. Det kan hende at informasjon som er samla inn om einingane i utvalet, ikkje reflekterer heile populasjonen. Overnattingsstatistikken er basert på fullteljing. Utvalsfeil er difor ikkje relevant.

Dekningsfeil er avvik mellom populasjonen vi ønsker å måle og for den populasjonen som vi faktisk brukar i undersøkinga. Desse avvika kan f.eks. skuldast at nokon einingar manglar pga. sein oppdatering av register. Det er rekna på effekten av dekningsfeil i undersøkinga. Omfanget av dekningsfeil antas ikkje å være større enn for anna kvantitativ statistikk.

Modellfeil er feil som skuldast at modellen som statistikken er basert på ikkje er spesifisert riktig og oppstår først og fremst i samband med sesongjustering av tidsseriar som er basert på modellering av sesongvariasjon. I undersøkinga blir tidsseriane for hotellovernattingar sesongjustert for internt bruk. Sesongjusterte tal vert foreløpig ikkje publisert i statistikkbanken.

Revisjon

Ikkje relevant.