Nytt rekordår for hotellovernattingane

Publisert:

Med 23,3 millionar overnattingar i 2017 sette norske hotell ny rekord. Dette var 3 prosent fleire enn i 2016 som var det førre rekordåret.

Figur 1. Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter bustadland til gjestene

Desember 2016 Desember 2017
I alt 1182939 1255748
Noreg 901414 961993
Utlandet 281525 293755

Talet på norske hotellovernattingar gjekk opp 4 prosent til om lag 17 millionar i 2017, syner overnattingsstatistikken. Men talet på utanlandske hotellovernattingar gjekk ned 1 prosent samanlikna med 2016. Av dei utanlandske overnattingane var svenskar igjen på topp med 763 000 overnattingar. Deretter kom tyskarar og amerikanarar med høvesvis 716 000 og 629 000 overnattingar.

Samanlikna med 2016 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 7 prosent til 14,7 milliardar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom var 5 prosent høgare i 2017 enn året før.

6 prosent fleire overnattingar i desember

I desember 2017 var det i underkant av 1,3 millionar overnattingar på hotella, som er ein oppgang på 6 prosent frå den same månaden året før. Norske og utanlandske overnattingar steig med høvesvis 7 og 4 prosent.

Sett i høve til desember 2016 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 9 prosent. Gjennomsnittsprisen per rom var 927 kroner i desember 2017, som er 4 prosent høgare enn desember 2016.

Færre campingovernattingar

  • 7,2 millionar  overnattingar i 2017
  • 4 prosent nedgang sidan 2016
  • Norske overnattingar gjekk ned 10 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk opp 17 prosent

Færre overnattingar på hyttegrendene

  • 2,5 millionar overnattingar
  • 6 prosent nedgang sidan 2016
  • Norske overnattingar gjekk ned 11 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk ned 1 prosent

Fleire overnattingar på Svalbard

  • 147 000 overnattingar på Svalbard i 2017
  • 5 prosent oppgang sidan 2016

Overgang til Altinn gjev usikre tal i ein overgangsfase

Tala i overnattingsstatistikken er henta frå ei månadleg undersøking der så å seie alle kommersielle overnattingsaktørar skal rapportere til SSB. Alle undersøkingar er hefta med ein viss grad av uvisse. Feil- og manglande rapportering er vanlege feilkjelder som gjer at tala vert hefta med ein grad av uvisse. SSB arbeider for å gjere innrapporteringa enklare og datakvaliteten betre. Frå og med januar 2017 er rapporteringa til overnattingsstatistikken lagt om til Altinn, og i samband med omlegginga er det gjort nokre endringar i skjema. Det syner seg etter kvart at desse endringane har vore litt krevjande for nokre av rapportørane, noko som kan ha medført feil i innrapporteringa. Sjølv om SSB korrigerer tydelege feil, kan det i denne overgangsfasen vere noko meir uvisse knytt til dei publiserte tala. SSB arbeider kontinuerleg for å betre innrapporteringa, og kvaliteten på statistikken vil gradvis bli betre enn det som vart samla inn før overgangen til Altinn. Det er òg høve til å rapportere via sluttbrukarsystem (typisk bookingsystem). Ved overgang til Altinn, måtte det gjerast endringar i systema. Dette har vore krevjande og har tatt langt meir tid enn forventa.

Overnattingar skal rapporterast etter gjesten sitt bustadland. I hotellstatistikken har SSB registrert at «Europa elles» har auka, og det er mistanke om at for å gjere rapporteringa enklare, har mange ført for høge tal her. Ved overgangen til Altinn, utvida SSB landlista og fjerna etter ønske frå brukarane «Europa elles». Ei kartlegging gjort i vår og i sommar, viser at ein del hotell som tidlegare nytta «Europa elles», no har ført overnattingar med usikre bustadland som norske overnattingar. Dette kan ha gitt ein for stor nedgang i utanlandske overnattingar frå Europa, og tilsvarande for høge tal på norske overnattingar. Tala for Noreg og «Europa elles» i 2017 kan ikkje direkte samanliknast med tidlegare år. Det er heller ikkje sikkert at dei tala som tidlegare vart rapportert på «Europa elles» var korrekte tal.

Ved overgang til Altinn vart skjema utvida til å ta med spørsmål om talet på komne gjestar ved campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar. I tillegg har det vorte lagt inn fleire hjelpefelt for omrekning frå einingsdøgn til gjestedøgn og gjestedøgn og sesongkontraktar på campingskjemaet. Desse endringane skal vere med på å auke kvaliteten i tala, og det kan vere utfordringar ved å samanlikne tala på mindre regionale nivå, særleg for campingplassane.