3,1 millionar hotellovernattingar i juli

Publisert:

I juli i år var det 3,1 millionar overnattingar ved norske hotell. Dette var på same nivå som juli i fjor.

Figur 1. Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter bustadland til gjestene
Figur 1. Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter bustadland til gjestene
Juli 2016 Juli 2017
I alt 3118851 3114176
Noreg 1917982 1917735
Utlandet 1200869 1196441

Talet på norske hotellovernattingar var om lag det same som i juli i fjor, medan utanlandske overnattingar gjekk ned 0,4 prosent.

Sett i høve til juli i fjor gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 5 prosent. Gjennomsnittsprisen per rom var 892 kroner i juli i år, noko som er 6 prosent høgare samanlikna med i fjor.

Oslo hadde best rombelegg i juli med hele 70,9 prosent av hotellroma belagt. Dette er 4,7 prosentpoeng høgare enn juli i fjor. Med 38,7 prosent rom belagt hadde Vestfold lågast rombelegg i juli i år.

Fleire campingovernattingar

  • 2,6 millionar overnattingar i juli 2017
  • 2 prosent oppgang sidan juli 2016
  • Norske overnattingar gjekk ned 3 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk opp 16 prosent

Færre overnattingar på hyttegrendene

  • 443 000 overnattingar
  • 7 prosent nedgang frå juli 2016
  • Norske overnattingar gjekk ned 8 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk ned 5 prosent

Overgang til Altinn gjev usikre tal i ein overgangsfase

Tala i overnattingsstatistikken er henta frå ei månadleg undersøking der så å seie alle kommersielle overnattingsaktørar skal rapportere til SSB. Alle undersøkingar er hefta med ein viss grad av uvisse. Feil- og manglande rapportering er vanlege feilkjelder som gjer at tala vert hefta med ein grad av uvisse. SSB arbeider for å gjere innrapporteringa enklare og datakvaliteten betre. Frå og med januar 2017 er rapporteringa til overnattingsstatistikken lagt om til Altinn, og i samband med omlegginga er det gjort nokre endringar i skjema. Det syner seg etter kvart at desse endringane har vore litt krevjande for nokre av rapportørane, noko som kan ha medført feil i innrapporteringa. Sjølv om SSB korrigerer tydelege feil, kan det i denne overgangsfasen vere noko meir uvisse knytt til dei publiserte tala. SSB arbeider kontinuerleg for å betre innrapporteringa, og kvaliteten på statistikken vil gradvis bli betre enn det som vart samla inn før overgangen til Altinn. Det er òg høve til å rapportere via sluttbrukarsystem (typisk bookingsystem). Ved overgang til Altinn, måtte det gjerast endringar i systema. Dette har vore krevjande og har tatt langt meir tid enn forventa.

Overnattingar skal rapporterast etter gjesten sitt bustadland. I hotellstatistikken har SSB registrert at «Europa elles» har auka, og det er mistanke om at for å gjere rapporteringa enklare, har mange ført for høge tal her. Ved overgangen til Altinn, utvida SSB landlista og fjerna etter ønske frå brukarane «Europa elles». Ei kartlegging gjort i vår og i sommar, viser at ein del hotell som tidlegare nytta «Europa elles», no har ført overnattingar med usikre bustadland som norske overnattingar. Dette kan ha gitt ein for stor nedgang i utanlandske overnattingar frå Europa, og tilsvarande for høge tal på norske overnattingar. Tala for Noreg og «Europa elles» i 2017 kan ikkje direkte samanliknast med tidlegare år. Det er heller ikkje sikkert at dei tala som tidlegare vart rapportert på «Europa elles» var korrekte tal.

Ved overgang til Altinn vart skjema utvida til å ta med spørsmål om talet på komne gjestar ved campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar. I tillegg har det vorte lagt inn fleire hjelpefelt for omrekning frå einingsdøgn til gjestedøgn og gjestedøgn og sesongkontraktar på campingskjemaet. Desse endringane skal vere med på å auke kvaliteten i tala, og det kan vere utfordringar ved å samanlikne tala på mindre regionale nivå, særleg for campingplassane.

Kontakt