255692
/teknologi-og-innovasjon/statistikker/inet/kvartal
255692
60 000 fleire private faste breiband det siste året
statistikk
2017-02-21T08:00:00.000Z
Teknologi og innovasjon;Svalbard
no
inet, Internett-målinga, breibandsabonnement, overføringskapasitet, overføringshastigheit, bedriftsmarknad, privatmarknadTeknologi og innovasjon, Informasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Teknologi og innovasjon, Svalbard
true

Internett-målinga4. kvartal 2016

Innhald

Publisert:

Neste publisering:

60 000 fleire private faste breiband det siste året

I 4. kvartal 2016 var det 1 965 000 private breibandabonnement i Noreg. Det er 60 000 fleire enn på same tid i 2015. Medianhastigheita på desse breibanda er på rundt 28 Mbit/s.

Faste breibandsabonnement
4. kvartal 20163. kvartal 20164. kvartal 20154. kvartal 2015 - 4. kvartal 2016
EndringEndring i prosent
Faste breiband i alt2 097 5442 082 5642 038 98658 5582,9
Private breiband
Talet på private breiband1 965 4631 947 4761 905 12060 3433,2
Private breiband per 100 hushald83,684,081,12,53,1
Gjennomsnittshastigheit (Mbit/s)47,044,834,612,435,8
Medianverdi for nedlastingshastigheit (Mbit/s)27,726,924,92,811,2
Bedriftsbreiband
Talet på bedriftsbreiband132 081135 088133 866-1 785-1,3
Gjennomsnittshastigheit (Mbit/s)26,625,221,65,023,1
Medianverdi for nedlastingshastigheit (Mbit/s)14,313,411,23,127,7

Talet på private breiband i Noreg, inkludert Svalbard, har auka med 18 000 frå 3. kvartal 2016. 144 000, eller 7 prosent, av dei private breibandabonnementa har ei nedlastinghastigheit på over 128 Mbit/s. 

Berre 16 prosent av hushalda er utan fast breiband

På landsbasis er det no rundt 16 prosent av hushalda som ikkje har fast breiband. Sjølv om talet på breibandabonnement aukar, har utbreiinga per hushald vore om lag uendra sidan 3. kvartal 2016 grunna oppdaterte befolkningstal. 

Utbreiinga av breiband er størst på Svalbard der 96 prosent av hushalda har breiband. Deretter følgjer Oslo med 92 prosent. Finnmark, der 72 prosent av hushalda har breibandabonnement, ligg framleis lågast. 

Talet på abonnement for bedriftsbreiband var på 132 000 i 4. kvartal. Det er ein svak nedgang på omtrent 3 000 abonnement frå 3. kvartal, og 2 000 abonnement det siste året. 

Medianbreibandet er blitt 11 prosent raskare på eitt år

Medianverdien for hastigheita til private breiband auka frå 26,9 Mbit/s i 3. kvartal til 27,7 i 4. kvartal 2016. Samanlikna med 4. kvartal 2015 har medianverdien for hastigheita til private breiband auka med 11 prosent. 

Den gjennomsnittlege hastigheita på private breiband har auka frå 44,8 Mbit/s i 3. kvartal til 47,0 Mbit/s i 4. kvartal. Samanlikna med 4. kvartal 2015 har hastigheita på private breiband auka heile 36 prosent. 

Undersøkinga viser at gjennomsnittsfarta aukar meir enn medianverdien for private breiband. Det kan tyde på at det er dei som allereie har raskt breiband, som abonnerer på enno raskare breiband. 

Medianverdien for bedriftsbreiband har frå 4. kvartal 2015 gått opp frå 11,2 til 14,3 Mbit/s i 4. kvartal 2016. Den gjennomsnittlege hastigheita for bedriftsbreiband har i den same perioden auka frå 21,6 Mbit/s til 26,6 Mbit/s. 

Framleis lågast hastigheit i Innlandet

Dei lågaste medianverdiane for nedlastinghastigheit finn vi i Hedmark og Oppland. Her er tala høvesvis 17,3 og 16,1 Mbit/s. Raskast går det i Rogaland der medianverdi for nedlasting var på 44,5 Mbit/s. 

Eit eksempel kan illustrere kva hastigheit har å seie: For å strøyme ei HD-sending over internett krev fleire strøymetenester ei minste hastigheit på 5 Mbit/s. Det betyr at medan eit typisk privat abonnement i Oppland ville klart tre HD-sendingar samtidig, ville eit typisk abonnement i Rogaland klare åtte HD-sendingar på ein gong.

Endra rutine for danning av hushaldÅpne og lesLukk

Mellom publisering av 4. kvartal 2015 og 1. kvartal 2016 publiserte SSB nye hushaldstal. Frå og med 1. kvartal 2016 vert talet på hushald rekna ut i frå tal per 1.1.2015. Nye rutinar for å rekne ut talet på hushald gjer at talet på hushald blir litt lågare enn tala som blei brukte 4. kvartal 2015 og tidlegare. Delen private abonnement per 100 hushald vil derfor få ein større auke enn han elles ville ha fått.

Meir informasjon om endringane på statistikksidene til Familier og husholdninger.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB