253143
253143
4,5 milliardar i driftsinntekt for kyrkjelege fellesråd
statistikk
2016-06-24T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Kultur og fritid
no
kirkeregn, Kyrkjelege fellesråd, rekneskap, kyrkjeøkonomi, driftsrekneskap, utgifter, investeringar, statlege overføringar, kommunetilskotKommunale finanser, Religion og livssyn, Kultur og fritid, Offentlig sektor
true

Kyrkjelege fellesråd, rekneskap2015

Innhald

Publisert:

Neste publisering:

4,5 milliardar i driftsinntekt for kyrkjelege fellesråd

I 2015 forvalta dei kyrkjelege fellesråda driftsinntekter på nær 4,5 milliardar kroner mot om lag 4,3 milliardar i 2014. Det var 211 millionar meir enn i 2014, noko som gjev ein auke på 5 prosent.

Hovedtal for kyrkjelege fellesråd
Millionar kronerEndring i prosent fra tidligere år
2013201420152014 - 2015
Tilskot frå eigen kommune2 5892 6882 7753,2
Statlege tilskot28335340615,0
Løn og sosiale utgifter2 5222 5802 6442,5
Kjøp av varer og tenester1 0541 1101 1584,3
Investeringar i anleggsmidlar843765666-12,9
Bruk av lån30034339-88,6
Overført frå driftsregnskapet1612794248,1
Figur 1. Driftsutgifter etter funksjon i prosent for kyrkjelege fellesråd. 2016

Driftsutgiftene i dei kyrkjelege fellesråda auka med 151 millionar kroner frå 2014 til 2015. Dei var på rundt 4,3 milliardar kroner i 2015, mot om lag 4,1 milliardar i 2014.

Brutto driftsresultat utan avskrivingar var på 190 millionar kroner i 2015, mot 130 millionar året før. Driftsresultatet utgjorde 4 prosent av dei totale driftsinntektene i 2015 mot 3 prosent i 2014. Auken i driftsinntektene har gjeve eiforbetring på 60 millionar i brutto driftsresultat.

Fellesråda hadde eit samla netto driftsresultat på 152 millionar kroner i 2015, ei auke på 57 millionar kroner frå året før. Netto driftsresultat utgjorde dermed 3 prosent av dei totale driftsinntektene, mot 2 prosent i 2014.

140 millionar meir i tilskot frå kommune og stat

Til saman fekk fellesråda om lag 3,2 milliardar kroner i tilskot frå kommunar og staten i 2015 mot 3 milliardar i 2014. Tilskota dekte 74 prosent av driftsutgiftene.

I 2015 overførte kommunane om lag 2,8 milliardar kroner til dei kyrkjelege fellesråda, mot om lag 2,6 milliardar kroner i 2014. I perioden 2012–2015 har tilskota frå eigen kommune auka med 289 millionar.

Tala for 2015 visar at statlege tilskot vart på 406 millionar kroner, mot 353 millionar kroner året før.

Innsamlingar av offer og gåver gjekk noko ned, frå 83 millionar i 2014 til 80 millionar i 2015. Tilskot frå andre fellesråd og sokneråd gjekk opp frå 8 millionar kroner i 2014 til 14 millionar i 2015. Brukarbetalingane inklusive inntektene frå festavgifter auka frå 439 millionar i 2014 til 454 millionar i 2015.

Refusjonar og overføringar frå andre auka med 56 millionar kroner, frå 579 millionar kroner i 2014 til 635 kroner i 2015.

2,6 milliardar til kyrkja

Driftsutgiftene til kyrkjene og administrasjonane utgjorde litt over 2,6 milliardar kroner i 2015. Det meste av desse utgiftene gjekk til utbetaling av løn og sosiale utgifter. 

Driftsutgiftene til gravplassar utgjorde 711 millionar kroner i 2015 , ein auke på 4,4 prosent frå 2014.

Driftsutgiftene til anna verksemd i kyrkjene, til dømes dagsenter til eldre, utgjorde nær 800 millionar kroner i 2015.

Nedgang i investeringane

Investeringsutgiftene totalt gjekk ned frå litt over 1 milliard kroner i 2014 til om lag 930 millionar i 2015, noko som var ein reduksjon på 9,2 prosent frå 2014. Det er først og fremst nedgangen i investeringar til kyrkjebygg som forklarer nedgangen i dei totalen investeringsutgiftene. Desse investeringane utgjorde 516 millionar, ein reduksjon på 132 millionar frå 2014

Investeringar som gjeld gravplassar gjekk derimot opp med 53 millionar frå 2014 til 2015. Sidan 2012 har investeringar til gravplassar gradvis gått opp med om lag 206 millionar eller 64 prosent. I 2015 utgjorde disse investeringane 384 millionar kroner.

Fellesråda fekk 504 millionar kroner i investeringstilskot i 2015, og mesteparten er tilskot frå kommunar. Inntekter frå sal av fast eigedom gjekk opp med 158 millionar kroner frå 2014.

Auka eigenkapital for fellesråda

Dei kyrkjelege fellesråda forvalta ein eigenkapital på om lag 13,4 milliardar kroner i 2015. Det var nær 1 milliard, eller 7,6 prosent meir enn i 2014.

I 2015 var den langsiktige gjelda om lag 1,2 milliardar kroner, mot nær 1, 3 milliardar kroner i 2014. Medan dei langsiktige låna vart reduserte med 53 millionar kroner frå 2014, gjekk kortsiktig gjeld på same tid ned med 12 millionar kroner.

26 fellesråd har ikkje levert rekneskapÅpne og lesLukk

I rekneskapsåret 2015 er det 26 fellesråd (inkludert sokneråd i kommunar med berre eit sokn) som ikkje har levert rekneskap, av totalt 418. I variablane for driftsrekneskapet, investeringsrekneskapet og balansen er det teke omsyn til dette ved at data for dei fellesråda som manglar, er estimerte på bakgrunn av innbyggjartal.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB