Over 500 milliardar kroner i samla skatteinnbetalingar

Publisert:

Hittil i år er det betalt inn 508 milliardar kroner i skatt i Noreg. Det er om lag 11 milliardar meir enn det som vart betalt i den same perioden i fjor.

 

Ifølgje skatterekneskapen står dei personlege skattytarane så langt i år for 411 milliardar kroner, eller om lag 81 prosent av dei samla skatteinnbetalingane. Bidraget deira har auka med 6,5 milliardar kroner jamført med dei sju fyrste månadene i 2016. Samstundes har dei upersonlege skattytarane utanom oljeselskapa auka skatteinnbetalingane sine med 14 milliardar.

Innbetalingane til stats- og kommuneforvaltninga har auka med til saman 16 milliardar kroner samanlikna med den same perioden i fjor. Dette svarar til ein auke på høvesvis 7,2 prosent og 3,7 prosent. Folketrygda har hittil i år motteke 196 milliardar kroner, som svarar til ein auke på 4,7 milliardar jamført med i fjor.

Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar - juli akkumulert. Prosentvis endring
Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar - juli akkumulert. Prosentvis endring
2016-2017 2015-2016
Sum fylker unnateke kontinentalsokkelen 4.7 2.4
Finnmark 4.5 2.6
Troms 5.4 7.6
Nordland 6.4 4.7
Nord-Trøndelag 3.3 3.5
Sør-Trøndelag 1.3 4.0
Møre og Romsdal 0.8 -1.3
Sogn og Fjordane 4.0 2.6
Hordaland 2.0 1.0
Rogaland -5.6 2.4
Vest-Agder -4.8 1.8
Aust-Agder 2.3 2.3
Telemark 6.1 1.3
Vestfold 1.6 3.7
Buskerud 2.7 2.1
Oppland 2.7 2.5
Hedmark 3.0 4.2
Oslo 16.5 0.5
Akershus 3.9 4.2
Østfold 2.9 5.8

 

 

Kontakt

Error occured rendering window "Artikkelside - faktaside inngang" (key 225) while handling request to site path: /0/offentlig-sektor/artikler-og-publikasjoner/over-500-milliardar-kroner-i-samla-skatteinnbetalingar?id=106&key=318410&profilertSeksjon=126&sidetype=artikler