Valgaktuelt 2005

Offentleg forvaltnings utgifter

Publisert:

Utgiftene innanfor offentleg forvaltning held fram med å auke. Frå 1990 til 2004 auka utgiftene jamt frå 362 milliardar kroner i 1990 til 739 milliardar kroner i 2004. Dette er ein gjennomsnittleg årleg auke på 5,3 prosent. Utgifter til sosiale omsorgstenester, som for eksempel sjukdom, uførleik og alderdom, har auka mest disse 15 åra.

Trass auken i utgiftene til offentleg forvaltning dei siste femten åra, utgjer dei no ein mindre del i forhold til bruttonasjonalproduktet (BNP) i Noreg, målt i marknadsverdi. BNP er ein indikator for samla verdiskaping i eit land, og kan såleis være eit mål for korleis delar av økonomien utviklar seg i forhold til totalen. Figur 1 illustrerer utviklinga av dei to storleikane.

Dei siste åra har store inntekter frå petroleumssektoren medverka til auke i BNP. Ein vesentleg del av desse inntektene har gått til offentleg forvaltning gjennom skattar og ulike overføringar. Men i og med at betydelege delar av desse inntektene har blitt avsett i Statens Petroleumsfond, har de ikkje bidratt til auke i dei offentlege utgiftene i noko særleg grad.

Offentleg forvaltnings totale utgifter kan deles inn i ulike utgiftsartar. Artane seier noko om korleis pengane blir brukt. Det kan til dømes vere lønninger til offentleg ansatte, kjøp av varer og tjenester, investeringer og renter. Dette er illustrert i tabell 1.

Figur: Offentleg forvaltnings totale utgifter og BNP. 1990-2004. Milliardar kroner

 

Offentleg forvaltnings utgifter etter art i prosent av totale utgifter. 1990, 1995, 2000 og 2004
 
  1990 1995 2000 2004
 
Konsum 43,1 45,3 48,4 50,2
Av dette        
Lønnskostnadar 28,3 28,3 28,4 28,6
Kjøp av varer og tenester 18,7 19,1 19,1 19,4
Overføringar til private 43,3 42,8 42,0 42,4
Renteutgifter 7,1 5,9 3,9 3,4
Nettoinvesteringar i fast realkapital 2,6 2,2 1,9 2,1
Andre utgifter 3,9 3,9 3,9 1,9
Totale utgifter    100,0    100,0    100,0    100,0
 

Tabell 1 viser at det offentleges eige forbruk, offentleg konsum, har vore den største utgiftsarten dei siste 10 åra. I 2004 tilsvarte offentleg konsum meir enn 50 prosent av samla utgifter. Lønnskostnader og kjøp av varer og tenester er dei viktigaste komponentene i konsumet. Figuren viser at meir enn ein firedel av totale utgifter går til lønningar til ansatte i offentleg forvaltning. I underkant av 20 prosent går til kjøp av varer og tenester. Den andre store utgiftsarten er overføringar til private. Dette er til dømes subsidiar til næringslivet, pensjonar, sjukepengar, barnetrygd og stønadar til utdanning, arbeidsløyse og sosialhjelp. Desse utgiftene utgjer meir enn 40 prosent av dei samla utgiftene.

Utgiftene innan offentleg forvaltning kan også presenteras etter kva som er hovudhensikta, eller formålet, med utgifta. Denne formålsgrupperinga følgjer internasjonale standardar, og delast inn i ti hovudgrupper. Hovudgruppene delast igjen inn i ulike formål. Utgiftene innanfor kvar av hovudgruppene har auka i absolutte tal frå 1990 til 2004, men samansetningane mellom dei ulike gruppene har endra seg.

Utgifter til sosiale omsorgstenester auka mest

Figur 2 viser at utgifter til sosiale omsorgstenester, helsepleie og utdanning har auka i forhold til dei andre hovudformåla i perioden. Samstundes har utgifter til forsvar, næringsøkonomiske formål og alminnelig offentleg tenesteyting minska.

Målt i prosentpoeng, hadde sosiale omsorgstenester den største veksten viss ein samanliknar åra 1990 og 2004. I 1990 utgjorde utgiftene til sosiale omsorgstenester 36 prosent av dei totale utgiftene innan offentleg forvaltning, mens dei i 2004 utgjorde 41 prosent. Dette er ein auke på 5 prosentpoeng. Auken skuldas i hovudsak auka utgifter til sjukepangar og uførleiks- og alderspensjonar.

Samla utgifter til helsepleie, som til dømes utgifter til drift av sjukehusa, hadde ein auke på om lag 4 prosentpoeng i perioden, frå 13 prosent av dei totale utgiftene i 1990 til 17 prosent i 2004. Utdanning viser og ein svak auke i sin del av dei totale offentlege utgiftene, frå om lag 12 prosent i 1990 til 14 prosent i 2004.

Vidare viser figuren at dei næringsøkonomiske formåla har hatt ein reduksjon i sin del av utgiftene. I 1990 utgjorde desse formåla til saman 13,5 prosent av dei totale utgiftene innan offentleg forvaltning. I perioden fram til 2004 vart desse utgiftene reduserte med meir enn 5 prosentpoeng. Reduksjonen her har først og fremst føregått i primærnæringane, som hadde ein reduksjon på meir enn 2 prosentpoeng. Utgifter til transport er redusert med nesten eitt prosentpoeng.

Utgiftene til forsvar har og hatt ein forholdsmessig reduksjon i dei totale utgiftene. Medan utgifter til forsvar utgjorde 6,3 prosent av dei totale utgiftene i 1990, var desse på knappe 4 prosent av dei totale utgiftene i 2004. Utgifter til alminnelig offentleg tenesteyting tapar og terreng blant dei andre formålsgruppene. I perioden frå 1990 til 2004 hadde formåla innanfor denne gruppa ein reduksjon på nesten 4 prosentpoeng, frå 13,5 prosent i 1990 til 9,6 prosent i 2004.

Figur: Offentleg forvaltning, utgifter etter hovudformål i 1990, 1995, 2000 og 2004

Utgiftene til sjukdom, uførleik og alderdom har auka kraftig

Det er utgifter til sosiale omsorgstenester som har auka mest i løpet av perioden frå 1990 til 2004, både i absolutte tal og i forhold til dei andre formålsgruppene. Figur 3 viser korleis dei samla utgiftene innanfor hovudformålet sosiale omsorgstenester fordelte seg på ulike grupper i 2004.

Figuren viser at alderdom, det vil seie alderspensjonar, og utgifter i samband med sjukdom og uførleik er dei største gruppene. I 2004 stod dei for nærare 70 prosent av samla utgifter til sosial omsorg. Gruppa barn og familie er og betydeleg, med om lag 16 prosent. Dette er i hovudsak barnetrygd og kontantstøtte. Arbeidsløyse, mellom anna dagpengar, utgjer 6 prosent.

Figur: Offentleg forvaltnings utgifter til sosiale omsorgstenester fordelt etter grupper. 2004

Kontakt