Lågare driftsnivå utan barnehagedrift i Bergen

Publisert:

På nasjonalt nivå har både driftsutgiftene og driftsinntektene gått ned i dei kyrkjelege fellesråda. Dette kjem i all hovudsak av at Bergen kyrkjelege fellesråd frå og med 2016 ikkje lenger driv barnehagar sjølv.

Samla sett gjekk driftsinnkomene ned med 94 millionar kroner, eller om lag 2 prosent, frå 2015 til 2016. Av dette blei foreldrebetalinga i barnehage redusert med 44 millionar, medan refusjonar og tilskot gjekk ned med om lag 51 millionar kroner. Driftsutgiftene totalt gjekk ned med 33 millionar frå 2015 til 2016, noko som er i underkant av 1 prosent. Driftsutgiftene til barnehage gjekk ned med 105 millionar, medan dei andre tenestene, med unntak av anna verksemd i kyrkjene, har ein liten auke frå fjoråret.

Dette resulterte i ein svak nedgang i nivået på netto driftsresultat og resultat frå 2015 til 2016. Netto driftsresultat gjekk ned frå 152 millionar kroner til 94 millionar kroner. Resultatet målt etter netto avsetningar til bruk av fond gjekk ned frå 113 millionar i 2015 til 61 millionar i 2016.

Auka investeringsutgifter til kyrkjer og gravplassar

Investeringsutgiftene, inkludert refusjons- og overføringsutgifter totalt, gjekk opp frå 816 milliardar kroner i 2015 til litt over 1 milliard kroner i 2016. Det tilsvarar ein oppgang på 23,5 prosent. Det er først og fremst investeringar i kyrkjebygg og gravplassar som aukar, med høvesvis 119 millionar kroner og 74 millionar kroner.

18 fellesråd har ikkje levert rekneskap

I rekneskapsåret 2016 er det 19 fellesråd (inkludert sokneråd i kommunar med berre eitt sokn) som ikkje har levert rekneskap, av totalt 417. I variablane for driftsrekneskapen, investeringsrekneskapen og balansen er det teke omsyn til dette ved at data for dei fellesråda som manglar er estimerte på bakgrunn av innbyggjartal.

Kontakt