Auka skatteinnbetalingar trass lågare oljeskattar

Publisert:

Endret:

Hittil i år er det betalt inn 274 milliardar kroner i skatt i Noreg. Det svarar til ein auke på 1,3 prosent samanlikna med dei fire fyrste månadane i 2016.

Dei innbetalte petroleumsskattane er nesten  4,7 milliardar kroner lågare enn det innbetalte beløpet mellom januar og april 2016. Trass dei lågare oljeskattane stig dei samla skatteinnbetalingane. I april 2017 er dei drygt 3 milliardar høgare enn på same tidspunkt i 2016.

Figur 1. Samlet skatt på utvinning av petroleum i prosent av totale skatteinnbetalingar
Figur 1. Samlet skatt på utvinning av petroleum i prosent av totale skatteinnbetalingar
Prosent
Des. 2008 31.7
Juni 2009 25.6
Des. 2009 23.8
Juni 2010 17.9
Des. 2010 22.1
Juni 2011 21.4
Des. 2011 25.8
Juni 2012 24.4
Des. 2012 26.9
Juni 2013 25.1
Des. 2013 23.5
Juni 2014 20.6
Des. 2014 20.3
Juni 2015 15.8
Des. 2015 13.0
Juni 2016 8.2
Des. 2016 5.4
Apr. 2017 6.5

Innbetalingane av petroleumsskattar utgjorde 6,5 prosent av dei samla skatteinnbetalingane i april 2017. Denne andelen er betydeleg mindre enn det den har vore dei siste åra. I fleire år har petroleumsskattane gjennomsnittleg utgjort godt over 20 prosent av dei samla innbetalingane og på det meste over 30 prosent.

Figur 2. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar - april akkumulert. Prosentvis endring
Figur 2. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar - april akkumulert. Prosentvis endring
2016-2017 2015-2016
Sum fylker unnateke kontinentalsokkelen 3.5 0.8
Finnmark Finnmárku 4.5 4.5
Troms Romsa 3.4 10.4
Nordland 6.5 4.2
Nord-Trøndelag 3.1 4.6
Sør-Trøndelag 0.8 1.3
Møre og Romsdal 1.0 -2.5
Sogn og Fjordane 2.0 0.5
Hordaland 3.2 -1.1
Rogaland -4.0 -2.4
Vest-Agder -6.7 1.7
Aust-Agder -1.2 4.4
Telemark 6.7 0.9
Vestfold 1.8 3.9
Buskerud 3.6 1.6
Oppland 3.5 1.1
Hedmark 3.4 4.1
Oslo 9.0 -1.2
Akershus 5.4 1.9
Østfold 4.2 5.3

Kontakt