293453
/natur-og-miljo/statistikker/avfkomm/aar
293453
statistikk
2017-07-05T08:00:00.000Z
Natur og miljø;Offentlig sektor;Svalbard
no
avfkomm, Avfall frå hushalda, hushaldsavfall, husrenovasjon, avfallshandsaming, attvinning, forbrenning, deponering, kjeldesortering, søppel, matavfall, avfallsmateriale (for eksempel papir, glass, plast), gebyrAvfall, Natur og miljø, KOSTRA, Natur og miljø, Offentlig sektor, Svalbard
true

Avfall frå hushalda

Oppdatert

Neste oppdatering

Foreløpig ikkje fastsett

Nøkkeltal

433

kilo hushaldsavfall per innbyggjar

Hushaldsavfall. Hovudtal.1
I altProsent
2010201520162010 - 20162015 - 2016
1Justert for innblanding av næringsavfall i hushaldsavfallet.
2Levert til materialattvinning inkluderer avfall til kompostering og biogass.
I alt. 1 000 tonn2 0882 2892 2779-1
Kg per innbyggjar4244394332-1
Levert materialattvinning. 1000 tonn.2880867868-10
Levert materialattvinning. Kg per innbyggjar2179166165-8-1
Gebyrinntekter per innbyggjar. Kroner.885953993124

Sjå fleire tabellar om emnet

Tabell 1 
Hushaldsavfall etter materiale. 1000 tonn.

Hushaldsavfall etter materiale. 1000 tonn.1
1992200220152016
1Alle avfallsmengder er justert for grovavfall og næringsavfall
Hushaldningsavfall i alt1 0121 6132 2892 277
Restavfall926881986977
Papir, papp og drikkekartong57246270260
Glas11376063
Plast0,153740
Metall6,6448490
EE-avfall..274850
Matavfall og anna våtorganisk1,1141181189
Treavfall0,688283284
Park- og hageavfall084164153
Tekstilar1901
Farleg avfall..106263
Utsortert brennbart avfall3434
Anna9427975

Tabell 2 
Hushaldsavfall, etter handsaming. Fylke. 1000 tonn.

Hushaldsavfall, etter handsaming. Fylke. 1000 tonn.1
I altLevert til materialgjenvinningLevert til komposteringLevert til biogassproduksjonLevert til forbrenningLevert til deponeringLevert til anna handtering
1Justert for innblanding av næringsavfall i hushaldsavfallet.
2Materialgjenvinning inkluderer kompostering og biogassproduksjon
199221 01286
200221 6137324923844
20152 289528246941 3236831
20162 2775362281051 3236522
 
2016
Østfold13628739224
Akershus25867211215161
Oslo21854141712670
Hedmark97261294910
Oppland96246115023
Buskerud1483712138141
Vestfold1313620155460
Telemark9220885500
Aust-Agder5814803330
Vest-Agder97201505750
Rogaland1983943010672
Hordaland22048141146110
Sogn og Fjordane4714702611
Møre og Romsdal10724836841
Sør-Trøndelag12631818051
Nord-Trøndelag5815383011
Nordland98211535521
Troms Romsa6112504102
Finnmark Finnmárku314202203

Om statistikken

Statistikken viser mengda avfall frå hushalda samla inn i kommunane. Tala omfattar avfallssortering og avfallshandtering. Statistikken fortel også noko om kva for renovasjonsordningar som er tilbydd innbyggjarane i kommunane. Tala er samla inn via KOSTRA for alle landets kommunar.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Hushaldsavfall: Avfall frå normal verksemd i ei hushald (matrestar, emballasje, papir, kasserte møblar mm), også større gjenstandar. Reine massar og kloakkslam er ikkje rekna som hushaldsavfall. Vraka bilar, heimekompostert mat- og hageavfall er ikkje medrekna i tala.

Kommunalt avfall: Hushaldsavfall pluss hushaldsliknande avfall frå næringslivet.

Attvinning: Nyttiggjering av avfall i form av materialattvinning eller forbrenning med energiutnytting.

Materialattvinning: Utnytting av avfallet slik at materialet behaldast heilt eller delvis. Eit døme er produksjon av skrivepapir frå innsamla returpapir.

Restavfall: Avfallet som blir att etter at reine materialfraksjonar eller blanda brennbare fraksjonar er utsortert. Dette er avfall som går direkte til slutthandtering i form av deponering eller forbrenning.

Grovavfall: Avfall frå hushalda som ikkje kan leverast i den vanlege avfallsinnsamlinga, men som abonnentane sjølv må transportere til attvinningsstasjonar eller liknande.

Utsortering for attvinning: Avfall som hushalda sorterer ut heime eller som blir sortert på avfallsplassen. Etter utsortering vil avfallet kunne bli materialattvunne, kompostert, brent med energiutnytting eller brukt som fyllmasse. Frå denne handteringa kan det bli ein rest som i dei fleste tilfella går attende til deponi.

Våtorganisk avfall: Organisk avfall som lett kan brytas ned i biologiske prosessar. Frå hushalda er det vanlegvis matavfall, men det kan og innehalde visne blomar, bleier og tørkepapir.

Deponi: Permanent disponeringsstad for avfall ved deponering av avfallet på eller under bakken.

Hytteabonnentar: Talet på abonnentar tilknytt hytterenovasjonen i kommunen.

Årsinnbyggjarar: Når det skal bereknast kg per innbyggjar for kommunane blir innbyggjartalet justert  for hytteabonnentar for å kompensere for det ekstra hushaldsavfallet som kjem frå hytterenovasjonen. I snitt blir kvar hytte brukt av fire personar ca. 30 dagar per år. Omrekna utgjer tre hyttar ein ekstra innbyggjar.

Attvinningsstasjonar: Betente eller ubetente mottak av avfall, kvar abonnenten sjølv transporterar avfallet og sorterer det i containerar. 

Energiutnytting: Blir berekna ut i frå kor stor del av energien som blir nytta til oppvarming og liknande.

Standard klassifikasjonar

Dei 428 kommunene er gruppert i 16 grupper, etter folkemengd og økonomiske rammebetingelser. Grupperinga er basert på Langørgen, A., R. Aaberge og E.R. Åserud (2001): Gruppering av kommuner etter folkemengde og økonomiske rammebetingelser 1998. Rapporter 2001/35, Statistisk sentralbyrå.

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Avfall frå hushalda
Emne: Natur og miljø

Ansvarleg seksjon

Seksjon for naturressurs- og miljøstatistikk

Regionalt nivå

Kommune – data for alle kommunar som har rapportert tall,  med gjennomsnittstal for kommunegrupper, fylker og landet med Oslo og landet utanom Oslo.   

Kor ofte og aktualitet

Årleg.

Foreløpige tal publiserast 15. mars i KOSTRA.

Reviderte tal publiserast 15. juni i KOSTRA.

Internasjonal rapportering

Tala inngår i Noregs rapportering av avfallsstatistikk til Eurostat og OECD

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Ikkje relevant

Bakgrunn

Føremål og historie

Formålet med statistikken er å gje ei oversikt over avfall frå hushalda. Det omfattar mengder avfall samla inn i kommunane, ulike handteringsmåtar og renovasjonsordningar tilbudd kommunanes innbyggjarar.

Statistikken blei oppretta i 1992, under namnet «Kommunalt avfall». Næringsavfall tatt hand om av kommunal renovasjon var då inkludert i statistikken. I 2001 blei næringsavfallet tatt ut av statistikken, og statistikken skifta namn til «Avfall frå hushalda».

Tal for heile landet er publisert årleg sidan 1992, og bygde på fullteljingar kvart tredje år og utvalsteljingar for åra fram til 2000. Tal for kommunar er publisert kvart tredje år fram til 2000.

Frå 2001 er tal for kommunane publisert årleg og KOSTRA blei tatt i bruk som innrapporteringsportal.

Brukarar og bruksområde

KOSTRA gir styringsinformasjon om kommunar og fylkeskommunar, til bruk for befolkning og media, kommunane sjølve og for statlege styringsorgan. For hushaldsavfall vil sentrale brukarar vere Statens forureiningstilsyn, Klima- og miljødepartementet, fylkesmennenes miljøvernavdelingar, interesseorganisasjonar og media. Tala inngår i Noregs rapportering av avfallsstatistikk til Eurostat og OECD.

Likebehandling av brukere

Ikkje relevant

Samanheng med annan statistikk

Mengd hushaldsavfall blir og berekna i Avfallsregnskapet for Norge. Tala der vil vere noko høgare fordi vraka bilar, heimekompostert matavfall og papir til opptenning er medrekna.

Lovheimel

Opplysingar om avfallsmengder og renovasjonsordningar er samla inn med heimel i forureiningslovens §49 og omarbeidd til offisiell statistikk i medhald av lov av 16. juni 1989 nr. 54 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå.

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Data blir samla inn frå alle kommunar og interkommunale avfallsselskap.

Datakjelder og utval

KOSTRA- skjema 21: Alle kommunar rapporterer om renovasjonsordningar. Kommunar som ikkje er medlem i interkommunale avfallsselskap rapporterer også avfallsmengder på skjema 21.

KOSTRA- skjema 21C: Interkommunale avfallsselskap rapporterer avfallsmengder samla for sine medlemskommunar.

KOSTRA- skjema 23: Alle kommunar rapporterer om kostnadsdekning i avfallssektoren.

Datainnsamling, editering og beregninger

Elektronisk innrapportering av data skjer ein gong i året gjennom KOSTRA. Frist for rapportering er 15. februar.

Data kontrollerast før innlevering ved hjelp av kontrollar i elektroniske skjema og kontrollprogram for filuttrekk. Det vert kontrollert for opplagte feil og vert sjekka mot landsgjennomsnitt og fjorårets verdiar.

Kommunane har frist til 15. april med å sende oppretta data etter publiseringa 15. mars. Revisjon skjer og i regi av SSB, i samråd med kommunane, fram mot publisering av endelege tall 15. juni.

Data publiserast som grunnlagsdata og nøkkeltal. Grunnlagsdata er absolutte tal i 1000 kr, tonn eller liknande, medan nøkkeltal er forholdstal kor grunnlagsdata sjåast jamført med kvarandre og jamført med befolkningstal.

For nøkkeltala vises snitt for kommunegrupper, fylket, landet med Oslo og landet utan Oslo. For å estimere for manglande innrapportering frå enkeltkommunar, imputerast data for mengder avfall frå tidlegare års innrapporteringar. Det er nytta veid gjennomsnitt for nøkkeltal tilknytt avfallsmengder. For nøkkeltal tilknytt renovasjonsordningar, er aritmetisk gjennomsnitt benytta. Ved berekning av snittet haldast ev. kommunar med fråfall i data for teller eller nemner utanfor.

Interkommunale avfallsselskap rapporterer avfallsmengder samla for sine medlemskommunar. Avfallsmengdene for desse kommunane er berekna og fordelt etter innbyggjartal justert for hytteabonnentar. Derfor vil nøkkeltal for nabokommunar som er knytt til felles avfallsselskap vere tilnærma lik. Små skilnader er forårsaka av avrundingsfeil. Avfallsmengdene blir korrigert ned dersom næringsavfall er innblanda i hushaldsavfallet. Grovavfall som er levert direkte frå hushald til avfallsanlegg eller attvinningsstasjonar blir lagt til der dette ikkje er gjort av oppgåvegivar.

For indikatorane "Husholdningsavfall per innbygger (kommune)" og "Utsortert husholdningsavfall per innbygger (kommune)", er innbyggjartalet justert opp for hytteabonnentar på kommunenivå. Det blir berekna at fire personar brukar ei hytte ein månad kvart år.

For "Husholdningsavfall per innbygger (fylker og landet)" og " Levert til materialattvinning og biologisk handtering per innbyggjar (fylker og landet)", som brukast for å vise lands- og fylkesgjennomsnitt, er det ikkje justert for hyttar.

Indikatoren "Levert til materialgjenvinning og biologisk behandling per innbygger " er summen av alt avfallet som er sortert ut og levert til materialattvinning, kompostering eller biogassproduksjon.

"Andel husholdningsavfall sendt til materialgjenvinning og energiutnyttelse" seier kor stor attvinningsgraden er for avfallet. Her brukast ein vekta gjennomsnittleg energiutnyttingsgrad for alle avfallsforbrenningsanlegg i landet, og som var 77 prosent i 2010. Berekning: (utsortert mengd avfall sendt til materialattvinning) + (utsortert mengd avfall sendt til forbrenning x 77 prosent) + (mengd restavfall sendt til forbrenning x 77prosent).  

Kommunar som samlar inn hushaldsliknande næringsavfall i tillegg til hushaldsavfallet rapporterer inn mengd næringsavfall. Ut ifrå tala frå desse kommunane er det berekna ein faktor som viser forholdet mellom næringsavfall og hushaldsavfall. Vi antar at alle kommunar har hushaldsliknande næringsavfall. Faktoren multipliserast derfor med totale hushaldsavfallsmengder for å få total mengd kommunalt avfall for heile landet.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Ikkje relevant

Samanlikningar over tid og stad

Statistikk over avfallsmengder kan samanliknast med tilsvarande data attende til 1992. Det bør tas nokre forbehald om samanliknbarheita mellom kommunane. Variasjonane kan skyldast feil i innrapporterte data, skilnader i innsamlingsordningar, ulik moglegheit til å skilje ut næringsavfall og grad av heimekompostering.

KOSTRA- publiseringa omfattar tal f.o.m. 1999, frå det tidspunkt kommunen kom med i KOSTRA. I KOSTRAs prosjektperiode har det vore ein god del endringar i statistikkopplegget, noko som har medført fleire brot i tidsseriar. For hushaldsavfall er 2001 første år med nøkkeltal for alle kommunar i KOSTRA.

Frå og med 2011 er ikkje tekstilar til ombruk lenger rekna som avfall. Tekstilar som samlast inn av UFF og Fretex er derfor ikkje lenger medrekna i avfallsmengdene. Mengda utgjorde i 2010 ca. 1 prosent av totale avfallsmengder.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Nokre få kommunar har store variasjonar i totale avfallsmengder frå år til år. Dette gjeld vanlegvis små kommunar, som ikkje påverkar landstala. Kommunar som viser store avvik blir kontakta. Feil blir retta, men i dei tilfella kor kommunane bekreftar tala, lar vi tala bli ståande. Ein mogleg årsak til variasjonane kan vere at nokre av dei minste kommunane har dårlegare ordning for veiing og registrering av avfallet, og at det delvis rapporterast etter skjønn.

Statistikken er i utgangspunktet ei fullteljing, men det er noko partielt fråfall. Ved publisering av ureviderte tal 15. mars er fråfallet på om lag 5 prosent, medan det er på om lag 2 prosent ved publiseringa av reviderte tal 15. juni. For avfallstypane EE-avfall og Farleg avfall er det berre tatt med det som samlast inn av kommunar og interkommunale avfallsselskap. Noko EE-avfall og Farleg avfall blir levert hos forhandlarar og blir dermed ikkje fanga opp av statistikken. Det er usikkert om alt avfall som blir levert i innleigde containerar er medrekna i hushaldsavfallet.

Revisjon

Ikkje relevant

Kontakt

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB