275767
/natur-og-miljo/statistikker/arealsentrum/aar
275767
Tettleiken aukar med tettstadstørrelsen
statistikk
2016-11-23T08:00:00.000Z
Natur og miljø
no
arealsentrum, Aktivitet i sentrumssoner, sentrumssoner, bysenter, tettstadssenter, bedrifter med sentrumsfunksjonar, busette, tilsetteAreal, Natur og miljø
true
Statistikken viser areal av sentrum samt antall og tetthet av bosatte, ansatte og virksomheter i sentrum. Omsetning i varehandel blir også gitt for noen kommuner.

Aktivitet i sentrumssoner1. januar 2016

Innhald

Publisert:

Neste publisering:

Tettleiken aukar med tettstadstørrelsen

Jo større tettstaden er, jo tettare bur folk i sentrumssonene. Like fullt er det dobbelt så mange tilsette som busette per kvadratkilometer i både by- og bygdesentra.

Sentrumsareal og tettleik av busette. Heile landet og etter tettstadsstorleik. Kvadratkilometer, busette per kvadratkilometer og prosent endring
20162011 - 2016
Areal av sentrumsområder (km²)Busette per kvadratkilometerBusette per kvadratkilometer
Heile landet47,86 59371
Tettstader med 200 - 1 999 busette2,11 059-5
Tettstader med 2 000 - 19 999 busette13,12 45546
Tettstader med minst 20 000 busette32,58 65057

Tettleiken av både busette og tilsette i sentrum aukar med storleiken på tettstaden. I dei større tettstadene er det fleire gonger så mange tilsette og busette per kvadratkilometer sentrumssone som i bygdesentra. Det er fleire tilsette enn busette per kvadratkilometer i sentrumssonene for alle storleiksklassar. 

Meir enn dobbelt så mange tilsette som busette i sentrum 

I tettstader med fleire enn 20 000 innbyggjarar er den gjennomsnittlege tettleiken av tilsette og busette høvesvis 20 000 og 8 500 per kvadratkilometer sentrumssone. I tettstader med 200-1 999 innbyggjarar er desse tala reduserte til om lag 7 000 tilsette og 1 000 busette. 

Det er no berekna å vere godt over dobbelt så mange tilsette som busette i sentra på landsbasis. Det bur nær 6 500 innbyggarar per kvadratkilometer i sentra, medan tilsvarande tal for tilsette er i underkant av 17 000. 

Det er eit politisk ønskje å nytte tettstadsarealet så godt som råd for å minske presset på areala omkring og samstundes leggje til rette for å minimere transportmengda mellom bustad, arbeid og eit variert tenestetilbod. 

Det er ikkje gjeve at gruppene av tettstader inneheld dei same tettstadene frå år til år. Etter kvart som tettstadene veks, kjem dei over i andre grupper.

Brot i tidsserien

Det er gjennomført ein forbetring av datagrunnlaget til analysen som avgrensar sentrumssoner. Dette gjer at fleire tilsette vert rekna med i statistikken (sjå eigen informasjon om endringa i metode). Dimed er det eit brot i statistikken. 

Omsetnad i sentrum og tettstad – ein viktig miljøindikator

Det er også i år laga tal for miljøindikatorane «Detaljvareomsetnaden i hovudsentra» og «Delen av kommunenes detaljvareomsetnad som går føre seg i tettstad». Dersom meir varehandel skjer i sentrale og konsentrert busette område, og ikkje i spreitt utbygde strok og hjå kjøpesenter utanfor busette strok, vil det kunne føre til mindre transport og utslepp. Statistikken er utarbeidd for dei kommunane der datagrunnlaget er godt nok.

Kart over sentrumssoner, 2016

Du kan zoome i kartet. Klikk på lenken "Fullversjon" i kartet for å se kartet i full skjermbredde og få tilgang til mer funksjonalitet og metainformasjon. (Kilde: https://kart.ssb.no, temakart Sentrumssoner 2016).

Your browser does not support iframe. <a href="https://kart.ssb.no/embedded/b8ce8e11-1e4f-429b-a02f-77e0366a9e34" target="_blank">You can see the content of the frame here</a>

Forbetring av datagrunnlagÅpne og lesLukk

Sidan den førre årgangen har kjelda til ein sentral del av datagrunnlaget for denne analysen blitt endra. Det gjeld SSBs Virksomhets- og Foretaksregister (VoF), der a-ordninga har erstatta Aa-registeret som kjelde til tal på tilsette hos stadfesta bedrifter. Justeringa har ført til ein auke i talet på tilsette og har påverka utrekninga av arealet til sentrumsona.

Talet frå 2016 kan difor ikkje samanliknast med tidlegare publiserte tal.

Tolk tala varsamtÅpne og lesLukk

Det at ikkje alle verksemdene er stadfesta med koordinat, fører til at det i nokre kommunar kan vere sentrumssoner etter definisjonen, sjølv om dei ikkje er avgrensa. Talet på bedrifter som er nøyaktig lokaliserte, kan endre seg over tid. Utviklingstrekka må difor tolkast med varsemd. Sjå eigen tabell i statistikkbanken for oversikt over stadfestingsprosent etter kommune.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB