Jordbruk og miljø 2013

Kulturlandskap i endring

Publisert:

Talet på jordbruksbedrifter er sterkt redusert, og av 213 400 bedrifter i 1949 var det att berre 44 800 i 2012. I perioden frå 2000-2012 var det ein nedgang på vel 5 prosent i talet på beitande husdyr som gjekk minst fem veker på utmarksbeite. Dette medverkar til at det opne landskapet gror til.

Dette går fram av rapporten ”Jordbruk og miljø - Tilstand og utvikling 2013” .

Landskapet har blitt forma gjennom generasjonar, og ulike tradisjonar i ressursutnytting og i byggjeteknikkar har ført til store geografiske variasjonar. Kulturlandskapet speglar såleis naturvilkår, samfunnstilhøve og historie. I denne artikkelen vil vi sjå nærare på korleis endringar i jordbruket påverkar kulturlandskapet.

Færre gardbrukarar og mindre jordbruksareal i drift

Krav til rasjonalisering og effektivisering i jordbruket har over tid gitt store endringar i landskapet. Det blir færre og større jordbruksbedrifter, tidlegare eigedomsgrensar - som til dømes steingjerde - blir fjerna, og gamal beite- og slåttemark gror att. Fleire kommunar er i dag utan eit aktivt jordbruk. I 50-årsperioden 1949-1999 minka talet på jordbruksbedrifter frå 213 400 til 70 700. Sidan 1999 har fleire enn kvart tredje gardsbruk blitt lagt ned. Totalt var det 44 800 aktive jordbruksbedrifter i 2012.

Figur 1

Nedgang i talet på jordbruksbedrifter. 1999-2012, etter kommune. Prosent

Frå 1999 til 2012 auka delen av jordbruksareal i drift som var leigejord frå 32 til 43 prosent. Det inneber at når drifta på eit gardsbruk blir lagd ned, blir ofte jordbruksareala tekne i bruk av andre gardbrukarar. Mykje areal vil likevel gå ut av drift: først dei minste jordstykka og seinare alt jordbruksareal når den siste gardbrukaren i bygda legg ned drifta. På landsbasis hadde jordbruksarealet i drift ein jamn auke fram til 2001. Deretter har om lag 49 000 dekar jordbruksareal gått ut av drift kvart år. Frå 2011 til 2012 blei meir enn 60 000 dekar tatt ut av drift. Fulldyrka jordbruksareal blei i alt redusert med 700 000 dekar, eller 8 prosent, frå 2001 til 2012. Samstundes auka arealet av innmarksbeite med 240 000 dekar, eller 18 prosent. Det inneber at ein stadig mindre del av jordbruksarealet i drift blir nytta til produksjon av korn, potet, grønsaker og liknande. Noko av reduksjonen i jordbruksarealet dei siste åra har samanheng med innføring av nytt digitalt kartverk.

Figur 2

Nedgang i fulldyrka jordbruksareal i drift. 1999-2012. Prosent

Talet på husdyrbruk og beitedyr minkar

Husdyrhaldet har òg endra seg mykje. Talet på jordbruksbedrifter med mjølkeku blei redusert frå 82 200 i 1969 til 10 000 i 2012. Talet på einingar med sau blei i same perioden redusert frå 69 100 til 14 500. Figur 3 viser store forskjellar mellom fylka når talet på husdyr blir rekna om til felleseininga gjødseldyreining (gde). Totalt var det 856 000 gjødseldyreiningar i jordbruket i 2012. Rogaland hadde flest husdyr, deretter kom Nord-Trøndelag og Oppland. Østfold på si side hadde dei største husdyrbedriftene.

Figur 3

Talet på gjødseldyreiningar i snitt per bedrift med husdyr og gjødseldyreiningar i alt. Fylke. 2012. Gde

Spesielt i høgareliggjande strøk og langs kysten er husdyr på utmarksbeite særs viktige for å halde kulturlandskapet opent. Talet på beitedyr er monaleg redusert frå 1980-talet. I perioden frå 2000 til 2012 var det ein nedgang på vel 5 prosent i talet på beitande dyr som gjekk minst 5 veker på utmarksbeite. Talet på storfe auka med 4 prosent, medan talet på sau og geit på utmarksbeite blei redusert med høvesvis 6 og 22 prosent. I alt var det 2,2 millionar husdyr på utmarksbeite i 2012. Av desse var 1,9 millionar sau og lam og 237 000 storfe. Medan det i 1939 var 26 400 jordbruksbedrifter med seter eller del i seter, var talet redusert til vel 1 400 i 2012. Frå 2000 til 2012 blei talet på jordbruksbedrifter med seterdrift nesten halvert.

Færre bur på ein landbrukseigedom

Stabil busetjing og eit aktivt jordbruk er med på å oppretthalde eit opent og variert kulturlandskap. Tal for heile landet viser at om lag 8 prosent av befolkninga i 2012 budde fast på ein landbrukseigedom . I 2006 var andelen 9,5 prosent. Delen var høgast i Sogn og Fjordane, der om lag ein av fire budde på ein landbrukseigedom. Akershus/Oslo hadde den lågaste delen med 2 prosent.

Figur 4

Del av befolkninga som bur fast på landbrukseigedom, etter fylke. 2012. Prosent

I 2012 var det i alt 186 700 landbrukseigedomar i Noreg. Om lag 20 prosent av dei 151 000 landbrukseigedomane med bustadbygning var utan fast busetjing i 2012. Delen eigedomar utan busetjing varierte frå om lag 10 prosent i fylka rundt Oslofjorden til nær 40 prosent i Nordland.

Bygningar er viktige i kulturlandskapet. På landbrukseigedomane blei det registrert totalt 998 900 bygningar, det vil seie ein fjerdepart av alle bygningane her til lands. På nær ein fjerdedel av eigedomane blei det bygd nye hus eller utført anna meldepliktig ombygging eller tilbygg dei siste ti åra. I alt 219 000 av bygningane på landbrukseigedomane inngår i det nasjonale SEFRAK-registeret og er bygd før 1900. Bygningane på landbrukseigedomane utgjer om lag 60 prosent av alle bygningane i SEFRAK-registeret. 2 400 av bygningane på landbrukseigedomane er freda.

Figur 5

Dei landbrukseigedomar med bustadhus som er utan fast busetjing. 2012. Prosent

Flytting frå utkantane til sentrumsnære område

I perioden 1999-2012 hadde om lag 200 kommunar nedgang i folketalet. Folk flytter frå utkantane til meir sentrumsnære område, både innanfor kommunane og over lengre avstandar. Mange byar og tettstader ligg i gode jordbruksområde, og over tid blir stadig meir av dei produktive jordbruks- og skogareala i desse områda nytta til bustader, næringsbygg, nye vegar og liknande. I 2012 blei det tillate omdisponert totalt 11 200 dekar jord til andre føremål enn landbruk, fordelte på 6 600 dekar dyrka jord og 4 600 dekar dyrkbar jord. Totalt blei det tillate omdisponert 36 000 dekar dyrka jord i perioden 2008-2012. Ser vi på dei enkelte kommunane, var det mest areal som blei omdisponert i Sola ved Stavanger og i Trondheim: vel 1 700 dekar i kvar av dei to kommunane.

Figur 6

Tillate omdisponering av dyrka jord til andre føremål enn jordbruk. Sum for 2008-2012. Dekar

3Q skal vise endringar i kulturlandskapet

Overvakingsprogrammet 3Q (Tilstandsovervaking og REsultatkontroll i jordbrukets KUlturlandskap) blei sett i gang i 1998 og skal rapportere regionale og nasjonale indeksar for utviklingstrendar i kulturlandskapet i jordbruket. 3Q skal gi tal som viser endringar i femårsperiodar. Tala er baserte på data frå flyfoto av dei om lag 1 400 flatene i 3Q-programmet, feltstudiar og data frå kart og register. Frå starten i 1998 er det gjennomført to fylkesvise registreringar for alle fylke og ei tredje registrering er godt i gang. Det er publisert endringstal for første femårsperioden (endringar frå første til andre registrering).

Programmet blir gjennomført av Norsk institutt for skog og landskap.

 

Sjå også eldre artiklar om jordbruk og miljø.