Færre medlemmer i kristne trussamfunn – dei islamske veks

Publisert:

Islamske trussamfunn har dobla medlemstalet på ti år og heldt fram med å vekse i fjor. Dei kristne motstykka mista på si side medlemmer.

Ifølge nye tal frå statistikken Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja hadde desse trussamfunna i alt 619 000 medlemmer per 1. januar 2017.

Tilsvarande tal for 2016 var 622 000.

Kristne framleis størst

Dei kristne trussamfunna er framleis størst med totalt 340 000 medlemmer.

Dette er ein nedgang på omlag 10 000, eller 3 prosent, frå året før. Dette skuldas særskild Svenska Margaretaförsamlingen som har gått ned frå omlag 22 000 til 10 000 på eit år – ein nedgang på heile 56 prosent.

Dei kristne trussamfunna hadde i fjor 55 prosent av alle medlemmer utanfor Den norske kyrkja.

Figur 1

Figur 1. Medlemmer i trus- og livssynssamfunn som mottek offentleg stønad og er utanfor Den norske kyrkja, etter religion/livssyn. 1. januar 2017

Islamske trussamfunn dobla på ti år

Talet på medlemmer i islamske trussamfunn har på si side meir enn dobla seg dei siste ti åra. Frå 2016 til 2017 auka medlemstalet med 3 prosent til 152 000, medan det tilbake i 2006 lå på 72 023.

25 prosent av alle medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja er no medlemmer i islamske trussamfunn.

Figur 2

Figur 2. Medlemmer i trus- og livssynssamfunn som mottek offentleg stønad og er utanfor Den norske kyrkja, etter religion/livssyn. 1. januar

Auke for humanetikarane

Talet på medlemmer i Human-Etisk Forbund var 89 400. Det er ein auke på 2 500 medlemmer frå året før.

Andre livssynssamfunn hadde på det same tidspunktet 3 500 medlemmer, som òg er ein auke på over 700 frå året før.

Faktaside

Kontakt