17964_om_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jordhus/aar
17964_om
statistikk
2016-04-08T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
false
Antall husdyr og jordbruksbedrifter med husdyr per 1. januar. Per 1. januar 2015 var det 28 400 husdyrbrukere.

Husdyrhald1. januar 2016, førebelse tal

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Husdyrhald
Emne: Jord, skog, jakt og fiskeri

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for eiendoms-, areal- og primærnæringsstatistikk

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Ikkje relevant

Standard klassifikasjonar

Ikkje relevant

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Fylke, kommune.

Kor ofte og aktualitet

Årlig.

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Mikrodata blir lagra i Statistisk sentralbyrå, og blir nytta som grunnlag for statistikken over husdyrhald per 1. januar.

Bakgrunn

Føremål og historie

Med bakgrunn i registeret over dei som søkjer om produksjonstilskott i jordbruket blir det utarbeidd statistikk over husdyrhald per 1. januar. Føremålet er å kartleggje husdyrhaldet på kommunenivå.

Opplysningar frå registeret over søknader om produksjonstilskott i jordbruket har vore nytta som datagrunnlag sidan 1984.

Brukarar og bruksområde

Statistikken blir i stor grad nytta av offentlege verksemder og næ¦ringsorganisasjonane i jordbruket.

Likebehandling av brukere

Ikkje relevant

Samanheng med annan statistikk

Ikkje relevant

Lovheimel

Statistikkloven §§2-1, 3-2.

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Statistikken omfattar alle som søkjer om produksjonstilskott i jordbruket per 1. januar. Det blir berre gitt eitt produksjonstilskott per jordbruksbedrift. Alle landbrukseigedomar som blir drive av same brukar blir rekna som ei jordbruksbedrift.

Datakjelder og utval

Registeret over alle som søkjer om produksjonstilskott i jordbruket frå Statens landbruksforvaltning er grunnlaget for utarbeiding av statistikken.

Datainnsamling, editering og beregninger

Data blir overført elektronisk frå registeret over Søknader om produksjonstilskott i jordbruket.

Det blir gjennomført maskinelle kontrollar av registreringsfeil, dublettar og observasjonar med store endringar frå tidlegare søknadsomgangar.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Tal blir ikkje offentleggjort dersom det kan føre til at den einskilde jordbruksbedrift blir identifisert.

Samanlikningar over tid og stad

Statistikken går attende til 1984 og omfattar dei som søjker om produksjonstilskott i jordbruket. For å få produksjonstilskott må ein søkjar drive vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire landbrukseigedomar. Frå og med 2002 blei det og stilt krav om at verksemda må vere registrert i Enhetsregisteret.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Oppgåvene blir kontrollert av dei lokale landbrukskontora og av SLF i samband med utbetaling av tilskott. Kvart år blir også oppgåvene til om lag 5 prosent av jordbruksbedriftene som søkjer om produksjonstilskott kontrollert ved at dei kommunale landbrukskontora foretar gardsbesøk.

Revisjon

Ikkje relevant