Potetferien er avlyst

Publisert:

Potetferien er ikkje lenger det han var. Både forbruket og produksjonen av poteter har gått kraftig ned dei siste tiåra. Kva gjer me med alle potetene?

poteter-2017-10-02-kart

SSB sine tal frå forbruksundersøkinga, viser at det gjennomsnittlege potetforbruket i 2012 var nede i 22,1 kilo per person. Det er 3 kilo mindre enn i 2009, og heile 16 kilo mindre enn i 2001. Saman med andre potetprodukt, som pommes frites og potetgull, vert det 27,4 kilo per person.

Stordomstida for poteten i det norske kosthaldet var på 1950-talet, då nordmenn åt om lag 80 kilo poteter per person. 

Figur 1. Forbruk av utvalde matvarer per person per år
Figur 1. Forbruk av utvalde matvarer per person per år
Kjøt og kjøtvarer Fisk og fiskevarer Poteter og potetprodukt
1958–1959 30.5 26.5 76.1
1975–1976 45.4 24.3 73.1
1977–1979 45.1 19.7 55.1
1983–1985 46.1 19.9 53.2
1989–1991 46.5 21.1 50.4
1999–2001 44.8 17.2 42.5
2002–2004 45.8 15.9 33.5
2005–2007 49.1 17.2 31.7
2007–2009 49.9 18.4 30.3
2012 50.8 16.3 27.4

47 kilo til overs

Potetdyrkinga er nede i éin femdel av det ho var på 1950-talet, og har gått ned frå 1 400 000 tonn i 1954 til i 363 200 tonn i 2016, viser statistikken over potet- og grovfôravlingar.

Men sjølv om potetavlingane har sokke, har dei lege stabilt sidan 1980-talet, trass at forbruket har gått vidare ned. Me et 22,1 kilo kvar, men 363 200 tonn delt på 5 277 762 nordmenn, er 69 kilo. Så etter me har ete, er det 47 kilo til overs.

På toppen av det importerer me poteter, 60 000 tonn i 2016. Trenden er aukande, med eit toppår i 2012, då me importerte 73 000 tonn poteter.

No skal kanskje ungane gjere andre ting enn å plukke poteter i haustferien, og det kan spesielt hedmarksungane seie seg glade for. Der var det i 2016 nemleg avlingar på 145 000 tonn poteter, nesten halvparten av alle potetene i landet.

Det er i særklasse, sjølv samanlikna med dei andre potetfylka Nord-Trøndelag, Vestfold og Oppland. Vestfold dyrker nestmest poteter, med sine 52 600 tonn i 2016.

Figur 2. Avling av poteter
Figur 2. Avling av poteter
Tonn poteter
1956 1392000
1957 1010000
1958 1202000
1959 1071000
1960 1247000
1961 1222000
1962 919000
1963 1218000
1964 804000
1965 1134000
1966 1090000
1967 807000
1968 912000
1969 763000
1970 857000
1971 708000
1972 634000
1973 672000
1974 847000
1975 453000
1976 484000
1977 605000
1978 576000
1979 435000
1980 489000
1981 454000
1982 476000
1983 434000
1984 489000
1985 440000
1986 398000
1987 370000
1988 483000
1989 455000
1990 487000
1991 415000
1992 510000
1993 454000
1994 395000
1995 400000
1996 420000
1997 471000
1998 434000
1999 381000
2000 341000
2001 388000
2002 393000
2003 366800
2004 396400
2005 316600
2006 378300
2007 329800
2008 398400
2009 332500
2010 333200
2011 295500
2012 304700
2013 318000
2014 357700
2015 307700
2016 363200

Meir potetgull

På den same tida går forbruket av andre potetprodukt opp, som potetgull og pommes frites. I åra 1999 til 2003 låg forbruket for slike produkt jamt på 4,5 kilo per person, medan det frå 2004 og fram til 2012 steig jamt kvart år til 5,3 kilo per person. Til saman gjev det forbruk av poteter på over 27 kilo per person.

Dei tilverka potetprodukta kan vere éin av årsakane til at potetavlingane ikkje har sokke særleg meir sidan 1980-talet, trass at forbruket av poteter søkk så kraftig.

Poteten har møtt konkurranse frå ris og pasta, som nordmenn har ete meir av dei siste åra. Forbruket av ris har auka frå 2,4 kilo per person i 1999 til 3,2 kilo i 2009, før ris fall ned att til 2,4 kilo i forbruksundersøkinga i 2012. Pastaforbruket har òg auka jamt og trutt frå 3,7 til 4,5 kilo i den same perioden.

Kjøtforbruket har òg auka ganske dramatisk, og har halde fram å auke i åra forbruksundersøkinga er gjort. Frå 1999 til 2012 auka gjennomsnittleg kjøtforbruk frå 45,1 til 50,8 kilo.

Kontakt

Error occured rendering window "Artikkelside - faktaside inngang" (key 225) while handling request to site path: /0/jord-skog-jakt-og-fiskeri/artikler-og-publikasjoner/potetferien-er-avlyst?id=100&key=324011&profilertSeksjon=120&sidetype=artikler