Færre høgg tømmer for sal – samla hogst aukar

Publisert:

Endret:

Samanlikna med for 20 år sidan har den årlege hogsten vore 30 prosent større dei siste åra. Samstundes er talet på eigedomar med tømmer for sal nesten halvert. Det er dei små eigedomane som står for mykje av auken i hogsten.

Frå 1996 til 2015 auka gjennomsnittleg årleg hogstkvantum for eigedomar med salsavverking frå 300 til over 700 kubikkmeter. I den same perioden har talet på skogeigedomar som sel tømmer til industrien, gått ned frå 26 000 til 14 000 i året. I 2015 utgjorde desse 14 000 ein dryg tiandepart av skogeigedomane i alt.

På dei minste skogeigedomane har den årlege gjennomsnittshogsten meir enn tredobla seg frå 1996. Trass i at talet på små skogeigedomar som har levert tømmer for sal, er halvert på desse 20 åra, aukar hogstkvantumet mest for denne gruppa.

Skogeigedomar på under 1 000 dekar stod for to tredjedelar av auken i hogstkvantum frå 1996 til 2015. Av dette stod dei små skogeigedomane for meir enn halvparten.

Tabell 1 Årleg gjennomsnittleg hogstkvantum fordelt etter produktivt skogareal. Kubikkmeter

Til tabellen

Størst prosentvis auke i vest

Vi ser også at hogstkvantumet målt i prosent har auka mest i vestlandsfylka. Andre fylke som har hatt stor prosentvis auke i tjueårsperioden, er Østfold, Vestfold og Nordland.

I vestlandsfylka og i Nordland er oppgangen eit resultat av skogreisinga som tok til i 1950-åra, og som var på sitt største i tiåret etterpå. Plantefelta frå 1960-talet er i mellomtida blitt tømmer som no tek til å bli hogstklart.

Hedmark, som er det største skogfylket, står likevel for ein tredjedel av auken i hogstkvantumet i perioden. Frå 1996 til 2015 har årleg hogstkvantum auka med over 50 prosent i landets største skogfylke. Det kan vere fleire grunnar til den store veksten, men auka konkurranse blant tømmerkjøparane dei seinare åra har nokså sikkert verka inn.

Mykje betre produksjonsevne på små eigedomar

Opplysningar frå digitalt markslagskart syner at det er ein mykje større del høg bonitet på dei små skogeigedomene enn på dei store. Ein viktig årsak til denne skilnaden er at dei minste skogeigedomane gjerne ligg nede i bygda rundt gardane, medan dei større skogeigedomane oftare strekkjer seg opp mot skoggrensa.

Ei anna årsak er at område av landet med stor produksjonsevne har ein større del små skogeigedomar. På eigedomane som både hadde under 500 dekar produktiv skog og som avverka tømmer for sal i 2015, hadde i gjennomsnitt halvparten av arealet høg bonitet. Når det gjeld dei aller største skogeigedomane, hadde berre 17 prosent av skogarealet høg bonitet.

Figur 1. Bonitetsfordeling på eigedomar med hogst for sal i 2015. Prosent

Låg Middels Høg
Over 19999 41.3 41.5 17.2
5000-19999 36.7 41.6 21.7
2000-4999 35.1 38.5 26.4
1000-1999 32.7 36.0 31.3
500-999 27.8 33.2 39.1
250-499 21.4 30.1 48.5
100-249 15.6 26.8 57.7
25-99 12.0 28.2 59.8
Alle 36.0 39.1 24.9

Mekaniseringa har ført til færre og større skogsdrifter

For 20 år sidan vart om lag kvar tredje kubikkmeter tømmer hoggen med motorsag. Det var framleis mange gardbrukarar som hogg tømmer i eigen skog. Dette var vinterarbeid og ei viktig attåtinntekt for dei som ville ha arbeidsplassen sin på garden. Slik er det ikkje lenger. No er det berre eit fåtal som høgg tømmeret sjølv, og hogstmønsteret har endra seg.

Når hogstmaskinane, som går på omgang mellom gardane, først er bestilt, er det rasjonelt å hogge ein større slump. På dei litt større eigedomane betyr skoginntektene meir, og her er det framleis vanlegare å hogge med nokså jamne mellomrom. På dei mindre eigedomane går det lengre tid mellom kvar hogst enn før.

Hogst på tre fjerdepartar av skogarealet

På om lag halvparten av skogeigedomane har det vore tømmerhogst for sal dei siste 20 åra. Desse eigedomane representer 78 prosent av det produktive skogarealet. Eigedomane som både har over 2 000 dekar produktiv skog, og som har levert tømmer ein eller fleire gonger i 20-årsperioden, representerer om lag 90 prosent av det produktive skogarealet i denne storleiksgruppa. Til samanlikning er under 30 prosent av skogarealet representert hjå dei aller minste skogeigedomane, som har levert tømmer i det same tidsrommet.

Figur 2. Delen av produktivt skogareal i ulike storleiksklasser representert av skogeigedomar med hogst for sal siste 20 år

Prosent av skogareal
25-99 28.2
100-249 45.5
250-499 60.6
500-999 73.3
1000-1999 84.2
2000-4999 91.8
5000-19999 90.9
Over 19999 89.4

Dei fleste skogeigedomane på Austlandet har levert tømmer

I skogstroka på Austlandet har det vore hogst for sal på minst 90 prosent av eigedomane med over 500 dekar produktivt skogareal i løpet av dei siste 20 åra. Trøndelag, Telemark og Agder følgjer like bak.

I den same perioden har aktiviteten vore minst på Vestlandet og i Nord-Noreg. I vest og nord er det mange reine lauvskogeigedomar, og om lag halvparten av det produktive skogarealet er rein lauvskog, medan denne delen for heile landet berre er 15 prosent.

Sidan det er lite sal av lauvtrevirke til industrien, er dette sjølvsagt ein av grunnane til at så få skogeigedomar frå desse områda har hatt avverking for sal siste 20 år. Høge driftskostnader er ein annan grunn. Dessutan er mange av skogeigedomane i desse fylka bratte og veglause.

Også i Agder og Trøndelag har det vore liten aktivitet på dei aller minste skogeigedomane i denne perioden. I skogstroka på Austlandet har det derimot vore hogst for sal på om lag halvparten av dei aller minste skogeigedomane.

Tabell 2. Skogeigedomar med hogst for sal siste 20 år fordelt etter storleik på produktivt skogareal. Prosent

Til tabellen

Tømmerhogst per dekar varierer frå fylke til fylke

Frå 1996 til 2015 har det skjedd ei endring i årleg hogstkvantum per dekar produktivt skogareal i dei ulike storleiksklassene. Det er særleg på dei små og mellomstore eigedomane at hogstkvantumet per arealeining har auka mykje.

Figur 3

Figur 3. Hogstkvantum per dekar produktivt skogareal fordelt etter produktv skogareal. Kubikkmeter

I Hedmark, Østfold og Vestfold var avverkinga per dekar produktivt skogareal mykje større i dei små storleiksklassene enn i dei største i 2015. I desse fylka var avverkinga per dekar dobbelt så stor for eigedomar under 250 dekar som for eigedomar over 2 000 dekar. Like fullt var det ein mykje mindre del av eigedomane under 250 dekar som hadde skogsdrift dette året.

Vi ser òg noko av den same tendensen i somme av dei andre fylka på Austlandet, men her er ikkje skilnaden like tydeleg. I resten av landet er det nokså liten skilnad mellom storleiksklassene i hogstkvantum per skogareal.

Den viktigaste forklaringa på at hogst per arealeining er høgare på små eigedomar på Austlandet, er at boniteten på dei små eigedomane i gjennomsnitt er høgare enn på dei større eigedomane. Det står med andre ord meir tømmer per dekar på dei mindre eigedomane.

Potensiale for auka hogst av gran og furu utanfor Austlandet

Det er stort sett gran og furu som blir nytta av industrien. Om vi ser på tilveksten og hogsten for desse treslaga, utgjorde hogst av gran 55 prosent av tilveksten, medan hogst av furu utgjorde 45 prosent av tilveksten på det produktive skogarealet. For begge treslaga ligg mykje av potensialet for auka hogst andre stadar enn i skogstroka på Austlandet, sjå figurane 4 og 5. Delen hogstmogen skog aukar også fortare i desse områda.

Figur 4. Hogst av industrivirke og tilvekst av gran. 2015

Tilvekst Hogst
Nordland og Troms - Romsa 732 662
Sør-Trøndelag og Nord- Trøndelag 1882 871
Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal 1655 703
Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder 1853 767
Oppland, Buskerud og Vestfold 3129 1952
Østfold, Akershus, Oslo og Hedmark 4229 3035

Figur 5. Hogst av industrivirke og tilvekst av furu. 2015

Tilvekst Hogst
Finnmark - Finnmárku 64 11
Nordland og Troms - Romsa 107 20
Sør-Trøndelag og Nord- Trøndelag 299 65
Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal 620 55
Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder 1327 439
Oppland, Buskerud og Vestfold 987 652
Østfold, Akershus, Oslo og Hedmark 1949 1215

Kva for kjelder byggjer artikkelen på?

Artikkelen byggjer på eigedomsdata frå Matrikkelen, digitalt eigedomskart og digitalt markslagskart, og hogstopplysningar frå Skogfondsystemet for dei siste 20 åra.

Kontakt