117181
117181
innrapportering
2013-06-04T13:05:00.000Z
no

Ikkje aktiv

Jaktstatistikk

Måleperiodeårleg

Innhald

Formål

Formålet med undersøkinga er å utarbeide offisiell statistikk over utbytet frå småviltjakt og rådyrjakt. I tillegg skal undersøkinga kartleggje talet jegerar som har teke del i jakt på dei ulike viltartene det er opna for jakt på.

Kven skal rapportere?

Alle som har betalt jegeravgifta for eit jaktår, skal anten sende inn skjemaet som følgde med jegeravgiftskortet, eller rapportere elektronisk. Dette gjeld sjølv om ein ikkje har vore på jakt siste jaktår, eller om ein har vore på jakt utan å få utbyte. Jegerar som ikkje rapporterer innan fristen, blir pålagt ei tilleggsavgift. Tilleggsavgifta vil bli lagt til jegeravgifta neste år.

Heimelsgrunnlag

Jaktrapportane blir samla inn på oppdrag for Direktoratet for naturforvaltning med heimel i viltlova §50. Statistisk sentralbyrå vil med heimel i lov om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå § 2-2 nytte opplysningane til å utarbeide offisiell statistikk.

Bruk av statistikken

Jaktstatistikken er eit viktig hjelpemiddel i den nasjonale forvaltinga av småviltet. Sentrale brukarar er sentral og lokal viltforvaltning, forskings- og utdanningsinstitusjonar, media, interesseorganisasjonar og interesserte jegerar.

Kontakt

  • E-post
    jakt@ssb.no
    Telefon
    62 88 56 00
    Telefontid
    Man - fre: 09.00 - 15.00

Resultat frå undersøkinga