Rapporter 2013/07

Internasjonale samanlikningar og analysar av sosiale og regionale skilnader i Noreg

Udekt behov for tannlegetenester

Her kan du mellom anna lese om kor mange som ikkje går til tannlegen, sjølv om dei treng det, og kvifor dei lar det vere. Situasjonen i Noreg blir sammenlikna med andre land i Europa.

Det er fleire grunnar til å sjå nærmare på førekomst av udekt behov for tannlegetenester. Ein av grunnane er at dette er tenester som krev høg grad av eigenbetaling av ei stor pasientgruppe i Noreg. Ein annan at det finst datakjelder som gjer det muleg høvesvis å analysere førekomsten nasjonalt og samanlikna med forholda i andre europeiske land. Bakgrunn, føremål og problemstillingar for undersøkinga er presentert i kapittel 1.

Fleire datakjelder og metodar er tekne i bruk for å oppfylle føremåla og kaste lys over problemstillingane i rapporten. Dei tre viktigaste datakjeldene er European Union Survey of Income and Living Conditions (EU-SILC undersøkinga), KOSTRA (Kommune-stat-rapporteringa) og levekårundersøkinga om helse, omsorg og sosial kontakt. Dei internasjonale samanlikningane av udekt tenestebehov er kasta lys over ved hjelp av ein kombinasjon av metodar og ulike datakjelder, blant anna ein gjennomgang av EU-SILC data, utsending av spørjeskjema til Danmark, Finland, Island og Sverige, og intervju med Socialstyrelsen i Sverige. Dei nasjonale analysane er gjennomført med hjelp av logistiske regresjonsmodellar og med utgangspunkt i levekårundersøkinga om helse, omsorg og sosial kontakt og KOSTRA. Datagrunnlag og metodar er behandla i kapittel 2.

Organiseringa og finansieringa av tannhelsetenestene i Noreg og i andre nordiske land har både likskapar og forskjellar. Samstundes som alle landa har eit relativt desentralisert tenesteansvar, viser samanlikningar at det til dømes er forskjellar i arbeidsdelinga mellom offentleg og privat sektor, i finansieringa av tenestene og i dekningsgraden for tannlegar mellom dei nordiske landa. Informasjon om tannhelsetenestene i dei nordiske landa generelt og Sverige spesielt er teke med fordi det er grunn til å tru at strukturelle eigenskapar har påverknad på det udekte behovet for tannlegetenester. Tannhelsetenestene i Noreg og andre nordiske land blir belyst i kapittel 3.

Det er store variasjonar i nivået på det udekte behovet for tannlegetenester frå eit land til eit anna i Europa, men hovudtendensen i dei fleste landa er at nivået er fallande. Noreg ligg relativt høgt samanlikna med andre nordiske land. Samanlikningar viser at det berre er Island som har ein høgare del som ikkje har vore hos tannlege dei siste 12 månadene, trass behov for tenesta. Med nokre få unntak er det økonomi som er viktigaste grunn til at folk ikkje går til tannlege ved behov i alle dei europeiske landa. Det er vidare store forskjellar etter bakgrunnskjenneteikn som inntekt, utdanning og sysselsetjing. Arbeidslause har eit høgare udekt behov enn sysselsette, medan behovet i all hovudsak fell med aukande inntekt og utdanningsnivå. Samanlikning av udekt behov for tannlegetenester i Noreg og andre europeiske land er å finne i kapittel 4.

Resultata frå regresjonsanalysane viser at det er fleire faktorar som påverkar sannsynet for å ha eit udekt behov for tannlegetenester i den norske befolkninga. Når det gjeld dei sosioøkonomiske faktorane er det å ha motteke stønader den viktigaste. Både denne og det å ha låg inntekt aukar sannsynet for å ha eit udekt behov for tannlegetenester. Når det gjeld dei regionale faktorane som er inkludert i modellen er det å vere busett i Nord-Noreg den einaste som aukar sannsynet for å ha eit udekt tenestebehov. Vidare aukar det å ha motteke stønader og det å ha låg inntekt sannsynet for å ha eit udekt behov for tannlegetenester som følgje av dårleg råd. Av dei regionale faktorane er det høg tannlegedekning og det å vere busett i Nord-Noreg som aukar sannsynet for å ha eit udekt tenestebehov på grunn av økonomi. Analysane av sosiale og regionale forskjellar i udekt tenestebehov er presentert i kapittel 5.

Om publikasjonen

Tittel

Udekt behov for tannlegetenester. Internasjonale samanlikningar og analysar av sosiale og regionale skilnader i Noreg

Ansvarlege

Trond Ekornrud, Arne Jensen

Serie og -nummer

Rapporter 2013/07

Utgivar

Statistisk sentralbyrå

Emne

Helsetjenester

ISBN (elektronisk)

978-82-537-8592-9

ISBN (trykt)

978-82-537-8591-2

ISSN

1892-7513

Tal sider

61

Målform

Nynorsk

Om Rapporter

I serien Rapporter publiseres analyser og kommenterte statistiske resultater fra ulike undersøkelser. Undersøkelser inkluderer både utvalgsundersøkelser, tellinger og registerbaserte undersøkelser.

Kontakt