Fleire brukarar, færre institusjonstenester

Publisert:

Førebelse tal frå IPLOS-registeret for 2017 viser at det samla talet på brukarar av omsorgstenester framleis aukar ute i kommunane. Den kommunale omsorgstenesta leverer elles færre institusjonstenester og fleire heimetenester over tid.

SSB har i samband med marspubliseringa i KOSTRA frigitt førebelse tal for 2017 frå IPLOS-registeret. Tala inngår i tabellar i statistikkbanken som grunnlag for eigne KOSTRA-indikatorar, men òg i tabellar som utelukkande inneheld opplysningar frå registeret. Sistnemnde gjeld tabellane med tal om brukarar av omsorgstenester per 31. desember, brukarar av omsorgstenester i løpet av året, forbruk av omsorgstenester i timar i løpet av året og forbruk av omsorgstenester i døgn i løpet av året.

Fleire brukarar av kommunale omsorgstenester

Det blir stadig fleire som bruker ein eller fleire omsorgstenester i kommunane. Dei førebelse tala for 2017 viser at det var om lag 283 000 brukarar av ein eller fleire ulike kommunale omsorgstenester per 31. desember 2017, medan det var i overkant av 360 000 brukarar totalt i løpet av heile året.

Figur 1. Brukarar av kommunale omsorgstenester, per 31. desember og i løpet av året. 2009-2017. Absolutte tal

2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017
Brukarar per 31. desember 266409 265723 268778 271503 271412 272357 275200 278161 282630
Brukarar i løpet av året 329306 327444 330468 336864 340093 342216 349419 355635 360430

Figur 1 viser at det har vore ein jamn auke i talet på brukarar frå 2009 til 2017. Medan brukarar per 31. desember berre inkluderer dei som får ei eller fleire tenester på dette tidspunktet det aktuelle året, inkluderer brukarar i løpet av året alle som har fått tenester ein eller annan gong det aktuelle året.

Når det gjeld tenestene som blir rapportert frå kommunane til IPLOS-registeret, er det for statistikkføremål vanleg å sortere dei i kategoriane institusjonstenester, heimetenester og aktiviserings- og servicetenester.

Nedgang i langtids- og korttidsopphald i institusjon

Det er stadig ein nedgang i talet på vedtak om langtidsopphald og ulike korttidsopphald i institusjon i den kommunale omsorgstenesta. Dei førebelse tala for 2017 viser at det totalt var i underkant av 46 000 vedtak om institusjonstenester i kommunane per 31. desember 2017, og av desse var godt under 33 000 langtidsopphald i institusjon (sjukeheim).

Figur 2. Institusjonstenester i den kommunale omsorgstenesta, totalt og etter utvalde typer tenester. Per 31. desember 2009-2017. Absolutte tal

2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017
Dagopphald i institusjon 4446 4465 4220 4530 3845 3643 3462 3479 3442
Tidsavgrensa opphald i alt 7072 6691 6581 7298 6566 6699 6725 6934 6653
Langtidsopphald i institusjon 34802 34469 34214 34012 33968 33882 33547 33094 32692
Totalt 48813 47998 47583 48410 46846 46759 46356 46489 45967

Figur 2 viser at det har vore ein jamn nedgang i vedtak om institusjonstenester totalt frå 2009 til 2017. Det gjeld særleg for tenesta langtidsopphald i institusjon (sjukeheim).

Når det gjeld tidsavgrensa opphald i alt, har talet på tenestevedtak gått noko ned frå 2009 til 2017, men her er det meir snakk om stagnasjon og ein variasjon mellom ulike typar opphald. Medan det har vore ein auke i tidsavgrensa opphald – utreiing/behandling frå 2009 til 2017, har derimot tidsavgrensa opphald – habilitering/rehabilitering og tidsavgrensa opphald - anna gått litt ned i perioden.

Auke i heimetenester

Det er ein auke i talet på forskjellige heimetenester som er vedteke i kommunane. Dei førebelse tala for 2017 viser at det totalt var i underkant av 300 000 vedtak om heimetenester per 31. desember 2017 (ein brukar kan ha fleire tenester samstundes), og av desse var om lag 155 000 helsetenester i heimen (tidlegare heimesjukepleie).

Figur 3. Omsorgstenester i den kommunale omsorgstenesta, totalt og etter utvalde typer tenester. Per 31. desember 2009-2017. Absolutte tal

2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017
Praktisk hjelp i alt 113719 113198 113068 111828 111465 108901 106816 105080 105410
Helsetenester i heimen 129160 130012 133757 136539 138870 141289 144837 149551 154568
Re-/habilitering utanfor institusjon 15160 13730 13978 13682 11838 11652 13981 13872 12146
Totalt 275262 274209 278194 279510 279700 279440 283362 286377 289820

Figur 3 viser at det har vore ein etter måten jamn auke i vedtak om heimetenester totalt frå 2009 til 2017. Det er særleg tenesta helsetenester i heimen (tidlegare heimesjukepleie) som har auka i perioden.

Når det gjeld praktisk hjelp i alt, har utviklinga gått den motsette veg. Her er det likevel grunn til å nyansere biletet litt. Medan det har vore ein nedgang i vedtak om praktisk hjelp – daglege gjeremål frå 2009 til 2017, har vedtak om både praktisk hjelp – opplæring daglege gjeremål og praktisk hjelp – brukarstyrt personleg assistanse auka litt i perioden.

Korleis grupperer ein omsorgstenestene i statistikken? 

Dei kommunale omsorgstenestene som kommunane registrerer i sine fagsystem og rapporterer til IPLOS-registeret, blir for statistikkføremål ofte delte i tre tenestegrupper: institusjonstenester, heimetenester og aktiviserings- og servicetenester. I tillegg inngår bustad i rapporteringa frå kommunane til registeret.

 

Faktaside