Svakaste folkevekst sidan 2006

Publisert:

Folketilveksten i 2016 er berekna å bli 43 400 personar, eller 0,83 prosent. Det er andre året på rad at folkeveksten går ned, og veksten har ikkje vore så svak sidan i 2006. Ein ventar at det vil vere 5 257 000 busette her i landet 31. desember 2016.

Tabell: Berekna folkevekst og folkemengde. Heile landet og dei ti største kommunane.

Til tabellen

Nettoinnvandringa utgjer 60 prosent av veksten, mens 40 prosent er fødselsoverskot. Nedgangen i folkeveksten heng saman med redusert nettoinnvandring til landet sett i høve til toppåra 2007 - 2014 då om lag 70 prosent av folkeveksten var nettoinnvandring. Reduksjonen heng saman med auka utvandring av arbeidsinnvandrarar. Ein venter eit fødselsoverskot på om lag 17 600 personar.

Figur 1

Figur 1. Fødselsoverskot, nettoinnvandring og folkevekst

Nettoinnvandringa frå utlandet er venta å bli om lag 25 800, som er 4 000 færre enn i 2015 og om lag 21 000 færre enn i toppåret 2012 då nettoinnvandringa utgjorde 47 300 personar.

Det berekna fødselsoverskotet på 17 600 vil være noko mindre enn i fjor, men utgjer jamvel ein noko større del av folkeveksten enn førre året, fordi nettoinnvandringa no er mindre.

Berekna folketal for fylka viser at det er Akershus, Sør-Trøndelag og Oslo som har den kraftigaste veksten. Akershus veks med 1,6 prosent, mens Sør-Trøndelag og Oslo veks med 1,3 prosent.

Figur 2

Figur 2. Berekna folkevekst. Fylke. 2016

Asylsøkjarar som ikkje har fått opphaldsløyve, er ikkje registrerte som busette og difor ikkje med i berekningane.

Berekningane viser venta folketal ved utgangen av året 2016, og kommuneendringar som er venta 1. januar 2017, er difor ikkje med.

Faktaside