Den låge folkeveksten held fram

Publisert:

Folketalet i Noreg voks med 8 829 personar, eller 0,17 prosent i 1. kvartal. So låg vekst har det ikkje vore i 1. kvartal sidan før 2006 da arbeidsinnvandringa begynte å ta av etter EU si utviding mot øst.1

 

Totalt var vi 5 267 100 personar per 1. april 2017. Det blei født 13 700 barn i 1. kvartal og 11 300 personar døde. Fødselsoverskotet har ikkje vore lågare i 1. kvartal sidan i 2003. Innvandringa var noko høgare enn i første kvartal førre året, mens utvandringa var om lag like høg. Om lag 15 200 personar vart registrerte som innvandra og om lag 8 800 som utvandra. Den relativt låge innvandringa den seinare tida står i sterk kontrast til perioden med høg arbeidsinnvandring som starten i etterkant av at overgangsordningene som ble innført etter EU si utviding mot øst i 2004 ble fjernet i 2006.1

Figur 1

Fødselsoverskot, nettoinnflytting og folkevekst

Nettoinnvandringa størst frå Syria og Eritrea

I reine tal var dei to største gruppene av statsborgarar som innvandra syrarar og polakkar, med høvesvis 14 og 10 prosent av alle som innvandra dette kvartalet. Dersom ein ser på nettoinnvandringa, var den størst frå Syria og Eritrea, og statsborgarar frå Syria sto åleine for ein tredjedel av nettoinnvandringa av utanlandske statsborgarar. At nettoinnvandringa blir høg for desse gruppene har si årsak i at få frå desse landa utvandrar.

Figur 2. Dei ti største gruppene etter innvandring, utvandring og nettoinnvandring etter statsborgarskap. 1. kvartal 2017
Figur 2. Dei ti største gruppene etter innvandring, utvandring og nettoinnvandring etter statsborgarskap. 1. kvartal 2017
Innvandring Utvandring Netto innvandring
Kroatia 161 18 143
Romania 340 191 149
Thailand 260 65 195
Iran 254 36 218
Litauen 752 530 222
Irak 239 15 224
Afghanistan 443 21 422
Polen 1524 1032 492
Eritrea 749 42 707
Syria 2163 14 2149

Mange norske statsborgarar utvandrar

Ein femtedel av dei som utvandra i første kvartal hadde norsk statsborgarskap. Det var ei netto utvandring av norske statsborgarar, det vil si at det var fleire som utvandra enn som innvandra. Ein firedel av dei norske statsborgarane som utvandra var fødd i eit anna land enn Noreg. Blant statsborgarar frå land som Island, Tyskland, Estland, India og Sverige var det også fleire som utvandra enn som innvandra.

Tre fylke utan folkevekst

Oppland, Møre og Romsdal og Telemark hadde nedgang i folketalet i 1. kvartal, elles hadde alle dei andre fylka vekst. I Oppland dreg både fødselsunderskot og innanlands utflytting ned. I Møre og Romsdal er det innanlands utflytting som dreg ned. Alle fylka har nettoinnflytting frå utlandet.

Høgast prosentvis vekst sett i høve til folketalet hadde Troms fylke med 0,4 prosent. Den viktigaste årsaka er høg innvandring i høve til folketalet. Deretter følgde Akershus og Oslo. Hovudstaden fekk 3 300 nye innbyggjarar frå utlandet, men nettoinnflyttinga blir låg av di det er mange som flyttar ut av byen – nær 9 000 i dette kvartalet. I Akershus har dei høg nettoinnflytting både frå utlandet og innanlands.

Fleire av dei mellomstore byane, som Kristiansund, Molde, Porsgrunn og Arendal hadde befolkningsnedgang i 1. kvartal.

Figur 3. Nettoinnflytting. Innanlandsk og frå utlandet per tusen av folkemengda. 1. kvartal 2017
Figur 3. Nettoinnflytting. Innanlandsk og frå utlandet per tusen av folkemengda. 1. kvartal 2017
Nettoinnflytting, frå utlandet Nettoinnflytting, innanlandsk
Finnmark Finnmárku 2.31 -1.27
Troms Romsa 3.07 0.21
Nordland 3.06 -1.47
Nord-Trøndelag 2.05 -1.41
Sør-Trøndelag 1.05 1.28
Møre og Romsdal 1.11 -1.56
Sogn og Fjordane 2.50 -1.95
Hordaland 0.99 -0.33
Rogaland 0.78 -0.88
Vest-Agder 1.74 -0.54
Aust-Agder 1.28 -1.03
Telemark 1.53 -0.92
Vestfold 1.35 0.48
Buskerud 1.53 0.11
Oppland 0.78 -0.25
Hedmark 1.00 0.08
Oslo 0.95 0.36
Akershus 0.48 2.15
Østfold 0.61 0.48
Heile landet 1.64 0.00

Opprydding i folkeregisteret

Personar som er i landet kortare enn seks månader vert ikkje registrerte som busette her i landet og er difor ikkje rekna med i desse tala. Meir enn ein tredel av utvandringane siste året gjeld personar som Skattedirektoratet har gjort vedtak om å utvandre. Det er personar som ikkje lenger har opphaldsløyve eller som har flytta frå landet for lengre tid sidan utan å melde frå.

 

Asylsøkjarar

Asylsøkjarar som enno ikkje har fått opphaldsløyve i Noreg vert ikkje registrerte som busette i folkeregisteret og er difor ikkje registrerte som innvandra. Ein må vente til Utlendingsdirektoratet (UDI) har fått handsama søknadene deira før dei vert synlege i befolkningsstatistikken.

 

1 Ingress og avsnitt blei retta 22. mai 2017 kl. 09.55.

Kontakt

Error occured rendering window "Artikkelside - faktaside inngang" (key 225) while handling request to site path: /0/befolkning/artikler-og-publikasjoner/den-lage-folkeveksten-held-fram?id=89&key=308507&profilertSeksjon=109&sidetype=artikler