204226_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
204226
Stabil arbeidsløyse
statistikk
2015-02-25T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Arbeidskraftundersøkelsen, sesongjusterte månedlige tall, viser utviklingen i sysselsetting og arbeidsledighet på kort sikt. Ledigheten var 3,7 prosent i desember 2014.

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taldesember 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stabil arbeidsløyse

I desember utgjorde dei arbeidslause 3,7 prosent av arbeidsstyrken. Arbeidsløysa er dermed uendra frå september.

Arbeidsløyse og sysselsetjing for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
Desember 2014Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar102 0001 000
I prosent av arbeidsstyrken3,70,0
 
Sysselsette personar2 665 00025 000
I prosent av befolkninga68,80,4

Ifølge sesongjusterte tal frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) var det 102 000 arbeidslause i desember 2014 (gjennomsnitt av november-januar). Auken på 1 000 arbeidslause sidan september (gjennomsnitt av august-oktober) er klart innanfor feilmarginen i AKU. Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV var uendra i den same perioden.

Auke i sysselsettinga

Ifølge AKU gjekk det sesongjusterte talet på sysselsette opp med 25 000 frå september til desember. Auken kom blant både kvinner og menn, og i hovudsak blant dei i aldersgruppa 25-74 år. I desember utgjorde dei sysselsette 68,8 prosent av befolkninga i aldersgruppa 15-74 år, opp 0,4 prosentpoeng frå september.

Arbeidsløysa ned i USA

Ifølge sesongjusterte tal utgjorde dei arbeidslause i USA 5,6 prosent av arbeidsstyrken i desember. Det er ein nedgang på 0,3 prosentpoeng frå september. Også i EU sett under eitt gjekk arbeidsløyseprosenten ned i denne perioden: frå 10,4 til 10,3 prosent. I både Sverige og Danmark gjekk arbeidsløysa ned med 0,1 prosentpoeng frå september til desember, til høvesvis 7,6 og 6,4 prosent.