Stabilt tal på ledige stillingar

Publisert:

Det sesongjusterte totale talet på ledige stillingar var stabilt frå 2. til 3. kvartal 2017. Det var oppgang innan byggje- og anleggsverksemd, og nedgang innan sosiale omsorgstenester utan butilbod.

Frå 2. til 3. kvartal 2017 heldt det sesongjusterte talet på ledige stillingar seg nesten uendra. I 3. kvartal var det 59 600 ledige stillingar, viser statistikken ledige stillingarTrendtalet for ledige stillingar har auka sidan starten av 2016, men gjekk noko ned i 3. kvartal 2017 (sjå figur 1). Dette treng ikkje nødvendigvis å bety at talet på ledige stillingar er på veg ned, for det er større uvisse knytt til trendtala for dei aller siste observasjonane, enn for resten av serien.

Figur 1. Ledige stillingar. Sesongjusterte tal og trend

Sesongjustert Trend
3. kv. 2010 65800 63200
4. kv. 2010 63100 63600
1. kv. 2011 66100 66500
2. kv. 2011 71300 70000
3. kv. 2011 70200 70600
4. kv. 2011 70100 69400
1. kv. 2012 66200 67300
2. kv. 2012 64900 64700
3. kv. 2012 63600 64100
4. kv. 2012 65600 65300
1. kv. 2013 64600 65900
2. kv. 2013 67500 65400
3. kv. 2013 61600 62100
4. kv. 2013 57400 58300
1. kv. 2014 58800 57800
2. kv. 2014 59100 58200
3. kv. 2014 56800 57600
4. kv. 2014 59800 57500
1. kv. 2015 57500 56600
2. kv. 2015 56800 54200
3. kv. 2015 52100 52500
4. kv. 2015 50300 51700
1. kv. 2016 52800 51400
2. kv. 2016 51500 52100
3. kv. 2016 54800 53700
4. kv. 2016 53900 55300
1. kv. 2017 55600 57500
2. kv. 2017 59700 59000
3. kv. 2017 59600 57500

Auke i byggje- og anleggsverksemd

Innan byggje- og anleggsverksemd var det ein oppgang på 1 000 ledige stillingar frå 2. til 3. kvartal. For denne næringa låg talet på ledige stillingar ganske stabilt gjennom heile 2016 og for 1. og 2. kvartal 2017, da det var mellom 3 500 og 3 900 ledige stillingar. I 3. kvartal i år var det 4 800 ledige stillingar innan denne næringa.

Etter ein kraftig oppgang mellom 1. og 2. kvartal i talet på ledige stillingar innan sosiale omsorgstenester utan butilbod, var det ein nedgang frå 2. til 3. kvartal. Justert for sesongvariasjonar var det for denne næringa 4 800 ledige stillingar i 3. kvartal, mot 6 100 ledige stillingar i 2. kvartal. Det var også ein nedgang i næringa transport og lagring. Her var det sesongjusterte talet på ledige stillingar 1 900 i 3. kvartal, mot 2 700 i 2. kvartal 2017. I dei fleste andre næringane var det berre små endringar frå 2. til 3. kvartal. 

Kontakt