Fleire ledige stillingar

Publisert:

Det sesongjusterte talet på ledige stillingar auka med 3 800 frå 1. til 2. kvartal 2017. Mykje av auken kom i omsorgstenester, men det var også auke i nokre tenesteytande næringar dominert av privat sektor.

Frå 1. til 2. kvartal 2017 auka det sesongjusterte talet på ledige stillingar med 7 prosent. Etter fleire år med nedgang har det i løpet av siste år stort sett vore oppgang og ein må tilbake til 2014 for å finne tilsvarande nivå i talet på ledige stillingar, viser tal frå statistikken Ledige stillingar.

Figur 1. Ledige stillingar. Sesongjusterte tal og trend

Sesongjustert Trend
2. kv. 2010 61400 61300
3. kv. 2010 65900 63300
4. kv. 2010 63000 63800
1. kv. 2011 65900 66200
2. kv. 2011 71400 69500
3. kv. 2011 70400 70100
4. kv. 2011 70000 69100
1. kv. 2012 66100 67200
2. kv. 2012 64900 64700
3. kv. 2012 63800 63900
4. kv. 2012 65500 65200
1. kv. 2013 64500 66000
2. kv. 2013 67500 65700
3. kv. 2013 61800 62400
4. kv. 2013 57300 58400
1. kv. 2014 58800 57700
2. kv. 2014 59100 58300
3. kv. 2014 57100 57800
4. kv. 2014 59700 57300
1. kv. 2015 57500 56500
2. kv. 2015 56700 54500
3. kv. 2015 52400 52500
4. kv. 2015 50200 51500
1. kv. 2016 52800 51400
2. kv. 2016 51300 52100
3. kv. 2016 55100 53500
4. kv. 2016 53900 55300
1. kv. 2017 55500 57600
2. kv. 2017 59300 58800

Auke i omsorgstenester

Oppgangen i det sesongjusterte talet på ledige stillingar kom særleg i næringane pleie- og omsorgstenester i institusjon samt sosiale omsorgstenester utan butilbod. Her var det høvesvis 1 100 og 2 900 fleire ledige stillingar i andre 2. kvartal 2017 samanlikna med kvartalet før, når vi har justert for sesongvariasjonar.

Fagleg, vitskapleg, teknisk og forretningsmessig tenesteyting hadde til saman ein auke på 1 300 ledige stillingar i denne perioden. I dei fleste andre næringane var det berre små endringar frå 1. til 2. kvartal.

Fleire ledige stillingar også i EU

Når ein samanliknar mellom land bruker ein ofte prosentdelen ledige stillingar sidan talet på ledige stillingar i stor grad varierer etter størrelsen på landet. Figur 2 viser utviklinga i den sesongjusterte prosentdelen ledige stillingar i nokre europeiske land, samt EU sett under eitt.

Både Noreg, Sverige, Tyskland og EU sett under eitt har hatt auke i prosentdelen ledige stillingar den siste tida – medan Storbritannia har ligge stabil på 2,5 prosent i eit par år. Primærnæringane er haldne utanfor i denne internasjonale samanlikninga.

Figur 2. Ledige stillingar¹ i prosent av talet på stillingar²

EU Tyskland Sverige Storbritannia Noreg
2. kv. 2010 1.2 1.2 1.8 2.4
3. kv. 2010 1.2 1.4 1.7 2.6
4. kv. 2010 1.4 2.1 1.4 1.8 2.5
1. kv. 2011 1.5 2.4 1.4 1.7 2.6
2. kv. 2011 1.4 2.1 1.6 1.7 2.8
3. kv. 2011 1.4 2.2 1.6 1.7 2.7
4. kv. 2011 1.4 2.3 1.5 1.7 2.7
1. kv. 2012 1.4 2.2 1.6 1.7 2.6
2. kv. 2012 1.4 2.3 1.6 1.7 2.5
3. kv. 2012 1.4 2.2 1.5 1.8 2.5
4. kv. 2012 1.3 2.2 1.4 1.8 2.5
1. kv. 2013 1.3 2.1 1.5 1.8 2.4
2. kv. 2013 1.3 2.1 1.4 1.9 2.5
3. kv. 2013 1.4 2.1 1.4 1.9 2.3
4. kv. 2013 1.4 2.3 1.5 2 2.2
1. kv. 2014 1.4 2.3 1.6 2.1 2.2
2. kv. 2014 1.5 2.2 1.6 2.3 2.2
3. kv. 2014 1.5 2.2 1.6 2.3 2.1
4. kv. 2014 1.6 2.4 1.6 2.4 2.2
1. kv. 2015 1.6 2.5 1.7 2.5 2.1
2. kv. 2015 1.6 2.3 1.8 2.5 2.1
3. kv. 2015 1.7 2.3 1.9 2.5 1.9
4. kv. 2015 1.7 2.5 2 2.5 1.8
1. kv. 2016 1.7 2.5 2.1 2.5 1.9
2. kv. 2016 1.8 2.5 2.1 2.5 1.9
3. kv. 2016 1.8 2.3 2.2 2.5 2.0
4. kv. 2016 1.8 2.5 2.2 2.5 1.9
1. kv. 2017 1.9 2.6 2.3 2.5 2.0
2. kv. 2017 2 2.7 2.5 2.1

¹ Industri, bygge- og anleggsvirksomhet og tjenestenæringer (unntatt arbeid i private husholdninger samt internasjonale organisasjoner). ² Ledige stillingar + arbeidstakarforhold.

Kontakt