Fleire ledige stillingar

Publisert:

Talet på ledige stillingar auka med 5 prosent frå 1. kvartal 2016 til 1. kvartal 2017. Vi ser mellom anna ein oppgang i varehandel og overnattings- og serveringsverksemd. Derimot heldt talet på ledige stillingar innanfor olje og gass seg på om lag same låge nivå som i 1. kvartal 2016.

I 1. kvartal 2017 var det 58 300 ledige stillingar. Det er 3 000 fleire enn i det same kvartalet året før. Figur 1 viser utviklinga i talet på ledige stillingar i 1. kvartal tilbake til 2010. Etter nedgang sidan 2012 er dette første året med auke. I 1. kvartal 2017 låg prosentdelen ledige stillingar på 2,1 prosent, mot 2,0 prosent førre året. 

Figur 1. Ledige stillingar
Figur 1. Ledige stillingar
Ledige stillingar
1. kv. 2010 60500
1. kv. 2011 68900
1. kv. 2012 69200
1. kv. 2013 67600
1. kv. 2014 61800
1. kv. 2015 60400
1. kv. 2016 55300
1. kv. 2017 58300

Auke innan varehandel

Oppgangen i talet på ledige stillingar kom særleg innan næringane varehandel og undervisning. Her var det høvesvis 6 000 og 4 900 ledige stillingar i 1. kvartal 2017, 1 600 og 1 400 fleire enn for 1. kvartal 2016. Også overnattings- og serveringsverksemd hadde ein klar oppgang frå 1 700 til 2 400 ledige stillingar i perioden. Andre næringar med auke i talet på ledige stillingar var mellom anna helsetenester, industri samt transport og lagring.

For bergverksdrift og utvinning, som er dominert av olje- og gassverksemd, var det berre mindre endringar. Her var det 400 ledige stillingar i 1. kvartal 2017, mot 300 i det same kvartalet i 2016. Talet var derimot oppe i heile 2 200 i 1. kvartal 2012.

Nedgang innanfor pleie og omsorg

For dei to næringane pleie- og omsorgstenester i institusjon og sosiale omsorgstenester utan butilbod var det samla sett 2 700 færre ledige stillingar i 1. kvartal 2017 enn i 1. kvartal førre året. I disse næringane var det høvesvis 5 800 og 3 000 ledige stillingar i 1. kvartal 2017, mot 7 000 og 4 500 i 1. kvartal 2016. For næringa fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting var prosentdelen ledige stillingar 2,5 i 1. kvartal 2017, mot heile 3,7 i 1. kvartal 2016. Her var det no 3 300 ledige stillingar, mot 5 000 i 1. kvartal førre året.

Prosentdelen ledige stillingar som i EU

Både Noreg og EU hadde 1,8 prosent ledige stillingar i 4. kvartal 2016, opp 0,1 prosentpoeng frå same kvartalet året før. Som vi ser av Figur 2, har utviklinga fram mot 2016 derimot vore ulik. Det har vore ein nedgang i prosentdelen ledige stillingar i Noreg, og ein oppgang i EU. I denne internasjonale gjennomgangen har vi nytta tal frå 4. kvartal 2016 fordi tal for 1. kvartal 2017 førebels ikkje er gjort offentlege for alle landa. Vidare er primærnæringane haldne utanfor. Det er store skilnader i nivået på prosentdelen ledige stillingar mellom landa i EU/EØS-området. I Storbritannia og Tyskland var prosentdelen ledige stillingar høvesvis 2,5 og 2,6 prosent, medan han var 0,7 i Polen, Portugal og Spania. 

Figur 2. Ledige stillingar¹ i prosent av talet på stillingar²
Figur 2. Ledige stillingar¹ i prosent av talet på stillingar²
EU Tyskland Sverige Storbritannia Noreg
4. kv. 2010 1.3 2.1 1.2 1.7 2.3
4. kv. 2011 1.4 2.4 1.3 1.7 2.5
4. kv. 2012 1.3 2.3 1.2 1.8 2.3
4. kv. 2013 1.4 2.4 1.3 2.0 2.0
4. kv. 2014 1.6 2.5 1.4 2.4 2.0
4. kv. 2015 1.7 2.6 1.8 2.6 1.7
4. kv. 2016 1.8 2.6 2.0 2.5 1.8

¹ Industri, bygge- og anleggsvirksomhet og tjenestenæringer (unntatt arbeid i private husholdninger samt internasjonale organisasjoner). ² Ledige stillingar + arbeidstakarforhold.

Revisjon av tala for perioden 2014-2016

Frå 2014 blei det gjort endringar i noko av datagrunnlaget for statistikken då ein gjekk frå å lage to situasjonsuttak frå Verksemds- og foretaksregisteret (som talet på tilsette blei henta frå) til eitt. Som følgje av endringa i 2014 skulle vi gått over til å nytte eit anna situasjonsuttak enn det vi gjorde, og dette er no retta opp i. Dette har berre ført til mindre endringar i tala på ledige stillingar for perioden. For meir informasjon sjå Om statistikken.

Kontakt

Error occured rendering window "Artikkelside - faktaside inngang" (key 225) while handling request to site path: /0/arbeid-og-lonn/artikler-og-publikasjoner/fleire-ledige-stillingar?id=14&key=308429&profilertSeksjon=15&sidetype=artikler