Låg inntekt

Låg inntekt er i denne samanheng definert ved bruk av eit mål kalla EU(60). Dette målet på låg inntekt tek utgangspunkt i EU-skalaen, og grupperer ein person si disponible inntekt per konsumeining i to grupper: låg inntekt og ikkje låg inntekt. Låg inntekt er definert som disponibel inntekt per konsumeining lågare enn 60 prosent av medianinntekta, etter at hushaldsinntekta er rekna om til konsumeiningar etter EU-skalaen. Alle personar med ei inntekt lågare enn dette er rekna som personar med låg inntekt. Alle personar med inntekt høgare enn dette er rekna som personar som ikkje har låg inntekt.